Bonde-Votum i Maalsaki

(Dikt, 1881)

 

Av O. E. Følsvik

Aasen og Vinje dei Hovdingar gilde
samlad ein Fylking av Maalmenner snilde.
No fær me lesa det livande Ordet,
som Bonden talar um Kvelden kring Bordet;
No strøymer det fram, det velsigna Maalet
i Songar og Tale som klangfulle Staalet.
Godt kan det brukast i Thingsal og Kyrkje,
godt kan det brukast til Høgtid og Yrkje;
godt kan det brukast til Salmar og Preikor;
godt kan det brukast i Likferd og Leikord.
Upp daa, Maalmenner, til Fylking for Riket!
Slaa no i Slaget, at Dansken maa vike! -
- Det er inkje Mannen, men Maalet me hatar;
det fremdar o s s inkje, um h o n o m det batar.
Den klangfulle Malmen i Dansken me finn 'kje,
m e  v i l  i n k j e  h a'  d e t,  m e  e i g e  d e t  i n k j e!
Men Maalet, som Mor hev oss lært attmed Vogga,
det Maalet fær Graaten te saktna og stogga.
Det Maalet er mjukt nok, naar Gudsfrykt er inne,
det Maalet kan mykja det hardaste Sinne.

 


Frå Lauvduskar. Samling av ymse Smaastykke. IV. [Red. Hans Ross] Forlagt av Det Norske Samlaget. Ringvolds boktrykkeri. Kristiania 1881. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad