Ved Ivar Aasen-steinen

(Dikt, 1898)

Av O.E.F. [ Olav Eliasson Fylsvik]

Her saag dei ein smaagut i aasbakkom piltra,
med tirande augo kring storbjørki diltra.
Men kven kunne tenkja, at dette var karen,
som no slik ein vyrdnad fær njota paa garen?

Fraa Asgard ein ljonblink kring Aasen seg krulla,
og Thorskjerra dynde og skakande rulla.
Daa kvakk det i guten - og norønna-maalet
klang djupt inn i hugen som klangfulle staalet.

Vaart maal, det var skjemt av ei framande tunga,
og dansken han sneik det fraa strupe og lunga,
og ingen det vyrde, men alle det hædde,
og ingen det brukte i skrift elder kvæde.

Han Ivar seg papir av ungbjørki flakte
og rimsor av skinn han kring broki si strakte.
Si pennefjør fann han i høgaste raasom,
ho fauk ifraa ørni, som kringsa kring aasom.
 
So las han i Edda, han skreiv og han grunda,
kor maalet seg bøygde og smeikjande runda.
Jau, daa fann han atter det vekkgjøymde maalet,
som leika paa tunga kring Balder og baalet.

No kling det med vyrdnad i høgtid og vyrka,
sjølv presten det brukar til høgmess i kyrkja.
Daa mjukast flyt taara, naar kyrkjebok-salmen
kling djupt inn i sjæli med norskemaals-malmen.

Han gav oss si «Symra» med vaarfine blomar,
dei livsfriske kvædi kring heimen vaar ljomar.
Ei sanning me finn i kvar einaste linje. [sic]
der havleik seg mengjer med fjelldur av Vinje.

Takk gjævaste Ivar, so ovfine tankar
ein aldri kan finne, kor vide ein vankar.
Han klædde deim inn i den finaste bunad
med leikande ordlyd i vending og snunad.
  
So lenge som maalet i Norig me talar,
so lenge som vaarsong smyg fint gjenom dalar. [sic]
so lenge som norskdom i barmen er inne,
solenge skal liva ditt namn og ditt minne.  
 
Dei norsklynde gutar, som ganga vil raasa,
de finn daa her steinen hans Ivar i Aasa.
For her skal han standa, til verdi ho øydest
og nutar og berg utor heimen hans snøydest.

Sjølv kvinna med logande eldhug i barmen
vil læra smaaguten, ho berer paa armen
aa syngja med Sivle: At det er det glupa
at merket maa standa, um mannen maa stupa.  
 
O.E.F. (i Ugebl.)

Frå Den 17de Mai 12. juli 1898. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum