Å, hjelp meg

(Dikt, 1949)

Av Arne Garborg

Tone: Or djupsens naud (Av dypest nød), nr. 201.


 

Å, hjelp meg, du som hjelpa kann!
Du ser kor sårt eg strider.
Mitt hjarta trøytt i tunge band
Forutan von seg vrider.
Mi naud eg ei kann ut få sagt:
Det vonde fekk so stor ei makt.
Som band i barm det svider.

 

Ja, help meg, du som hjelpa kann!
Med mi makt snart det ender.
Du stridde sjølv og yver vann:
Du myrke-makti kjenner.
Mi naud er stor, min strid er fæl!
Ver hjå meg du som vil meg vel!
Då veit eg alt seg vender.

 

  

Frå Nynorsk salmebok for kyrkja, heim og skule. Fjorde upplaget. Med tonar. Oslo: Det Norske Samlaget 1949. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad