Allheims drott

(Dikt, 1898)

Omsett frå engelsk av Arne Garborg

Lov Jesu namn og herredom,
høg-englar i hans slott!
Ber kruna fram med hyllings ljom
og kryn han Allheims drott!

 

Du vitneflokk i himmelkor,
som tolmods krans hev naatt,
kved kongskvad for den herre stor
og kryn han Allheims drott!

 

Du frelste her av Adams ætt,
løyst ut av naud og nott,
pris han som naade gav for rett,
og kryn han Allheims drott!

 

Kvart folk i kvar ei heimsens bygd
her under sol-tjeld blaatt,
gjev h a n aaleine herre-høgd,
og kryn han Allheims drott!

 

Ja, gjev me med Guds kvite her
av all vaar hug og haatt
syng songen ny for herren kjær,
for Jesus, A l l h e i m s   d r o t t !

 

Red.merk.: Salmen vart skriven av E. Perronet i 1780. Gjendikta av Arne Garborg i 1898.

 


Frå Lesebok for folkeskulen ved Andreas Austlid. Tridje bandet. Andre upplaget. Alb. Cammermeyers Forlag, Kristiania 1910. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad