Anarkiets Bibel

(Artikkel, 1920)

Av Arne Garborg

I andre eksamensaaret og utetter var eg ofte i lag med Hans Jæger og lika han godt. Det var ein grei kar og eit framifraa klaart hovud. Noko braak med'n var der ikkje; sjøgut hadde han vore, og frisk og fornøgd og livsmodig som ein sjøgut var han.
 
Han hadde slege seg paa boki, av di han vilde hava greie paa den verdi han livde i. So vart det daa filosofi han las, og inkje noko anna. Og daa eg like eins arbeidde so smaatt med det faget som eg trudde ein kunde lære ved Kristiania universitet og visst var den einaste av deim han daa kjende, som brydde seg um aa høyre paa ’n, naar han rødde um filosofiske spursmaal og vanskar (og det gjorde han jamt), so saag han upp-um meg rett ofte.
Han høyrde paa prof. Lyng liksom eg. Men daa alt vart ’n meir og meir uklaart, so spurde han seg til raads hjaa baade Lyng og Monrad; kom sistpaa til det, at hjaa deim var inkje aa lære. Etterkvart gav han upp Hegel med, lære-meisteren deira, og tok til aa arbeide med Kant; og Kants kriticisme tok ’n heilt; den dagen kom, daa han skreiv ei utgreiding um «Kants fornuftkritik». Og den kom ut saman med eit dikt av Gunnar Heiberg; titelen paa den vesle boki eit utrulegt arbeid i Norig, iminsto den gongen var: «Kants fornuftkritik og En soirée dansante». Literaturgranskarar kjem etterkvart til aa lesa den boki.
Fraa Kant kom han inn paa nyare filosofi: engelsk og fransk positivisme. Tilværet lét seg ikkje «tenkje» ut; me fekk granske oss fram stig for stig og sjaa aa finne samanheng so langt me rakk; daa kom me so langt som komande var.
Etter som spursmaali greidde seg for ’n vakna livskravi: um me granska, so maatte me ikkje difor gløyme aa liva; at livet var hovudsaki sagde seg sjølv. Og no raaka Hans Jæger paa noko som han fyrr mindre hadde brytt seg um: samfundet.
Samfundet med sine mange leivingar og yverlivslur fraa eldre tider laag paa ymis maate i vegen for livet vaart. Ikkje minst gaadde han etter dei mange samfunds-stengsli for det som var baade liv og livs grunn: elskhugen, ægteskapet. Her, i dette mest intime personlege livshøvet, blanda samfundet seg inn paa ein maate som berre kunde gjera ugagn, og øydde liv og livs hugnad paa taapnaste vis og med fylgjur av verste slag; og av det han her hadde røynt og sett, og røynde og saag kvar dag paa mangfeld vis, lagde han i 1885 fram eit bilæte i ei sterk og uhugleg skildring fraa ungdomslivet i ein halvstor by: «fra Kristianiabohemen».
Boki var, som han sjølv snart saag, ikkje so godt bygd som ho kunde vore; men harmen yver all den livsgleda som skjemdest og all den livskrafti som øyddest ved samfunds tull og vald paa dette umkvervet, brann i denne boki so sterkt, at alt folk hadde sett det, so sant som dei hadde havt mod til aa sjaa. Ein og annan saag det au, og vedkjendest synderne vaare; millom dei eldre hugsar eg serskilt Jonas Lie; kvende hadde me og, som skyna det uhuglegt aalvorsame i denne boki.
Men samfundet korkje høyrde eller saag; det forsvara i moralens namn moralløysa si med juristneven. Hans Jæger hadde gløymt ein paragraf i straffelovi, som lét seg nytte mot ærleg tale i denne saki; for det laut daa boki hans paa baalet og han sjølv i straff; livebrødet sitt misste han med; han fekk i det heile paa all vis lære, at han ikkje hadde dømt for strengt um samfundet sitt. Og han fekk ein uendeleg vanvyrdnad for dette samfundet og den «retten», det heldt uppe.
Etterkvart arbeidde han seg lenger fram; lærde aa sjaa dei store samfunds-grunnspursmaal i samanheng. I 1906 gav han ut ei bok som viser dette: «Anarkiets Bibel». Og dei som ikkje fyrr hadde skyna mannen, kunde ha lært aa skyna han no. Men kven vilde høyre paa Hans Jæger? Uklok hadde han dessutan vore no og; berre eit ord som «anarkisme» var nok til aa skræma folk. Og daa nytta det ikkje, at han til merkeord for boki hadde valt eit Jesusord: «ei guld, ei sølv, ei kobber skulle I have i eders belter; thi ingen kann tjene to herrer: Gud og Mammon».
Ein av dei faae som las «Anarkiets Bibel» var eg.
Men tid kosta denne bibelen meg; han hev tie «bøker». Og Hans Jæger hadde teki arbeidet aalvorsamt: granska alle grunnar i det som no var og alle grunnar for og imot det som koma skulde. Og me norske academici hev lært mykje og mangt, men inkje um det som mest skulde turvast: loverne for samfundslivet.
Daa eg var komen igjenom «Anarkiets Bibel», so skyna eg, at eg fekk lesa ’n ein gong til og i samanheng, um eg skulde kunna skrive um ’n. Men naar fær ein i desse dagar tid til aa lesa ein bibel paa 10 bøker i samanheng?
Her skal eg herme nokre stubbar av siste boki, der Hans Jæger samla legg fram det som vart endemaalet for tenkjingi hans yver samfundsspursmaal.
«Anarkiets Bibel» fortel um den store striden millom Satan, som «morer sig over menneskenes forunderlige idioti», og Vaarherre, som vil frelse ætti, og sluttar med aa vise, at «Satan har taget feil» og at «frelsen er nær».
Fraa den dagen, daa samfundet hev vorte rett skipa, vil «alt hvad der heder fattigdom for evig være forsvundet». Og fraa den dagen maa me taka til med ei heilt ny baane-uppfostring. «Maalet for vore børns opdragelse blir da ikke længer at sætte dem i stand til at tjene penge; det blir at sørge for, at hver enkelt af dem finder frem til den virksomhed som svarer til hans sjæls trang, saa hans liv kan komme til at falde sammen med hans livsdrøm og gjøre ham lykkelig». Skulen maa me skipa so, at han for baani vert «deres barndoms glæde og barndomstiden en lykkelig tid, i hvilken verden lidt efter lidt oplader sig for deres undrende og interesserte blik, indtil de blir saa hjemme i den, at enhver af dem ud af sin egen naturs drift kan vælge den plads hvorfra han vil folde sit væsens blomst ud mellem alle de andres. Og naar deres oppdragelse er endt, da træder vore børn ikke skuffede og triste ud i et liv, hvor en afskyelig nødvendighed tvinger dem til at gjøre det økonomiske erhverv til deres hovedheskjæftigelse; de træder simpelthen ind i livet for hver især at realisere sin egen livsdrøm.»
«Absolut frit spillerum for sin virketrang» er etter Jæger det som eit menneskje fyrst og fremst maa hava. «Absolut uhindret at kunne forme sit livs gjerning ud af sit eget væsens trang, ikke at behøve at stille sig andre formaal end dem der af sig selv myldrer op af ens virkelystne sjæls dyb og tager ens interesse fangen, det er hvert menneskes dybeste livsens trang; og den trang vil altsaa vore børn faa helt tilfredsstillet.»
Og «mennesket lever ikke af virksomhed alene, men ogsaa af kjærlighed.» Naar hjaa ungdomen «elskovstrangen vaagner og en ny underfuld verden dæmrer hemmelighedsfuldt frem over deres livs horisont og fylder dem med bævende, andagtsfuld stemning, da behøver de ikke længer fortvilet at sige sig selv, at i denne fortryllede verden kan man ikke slippe ind, før man har skabt sig en økonomisk stilling.» «I den verden hvor vore børn træder ind er den pengebesmittede kjærlighed for altid forsvunden; den har maattet vige pladsen for den rene fri kjærlighed, der ikke kjender fremmede hensyn.» Sjeldnare enn no vil det hende at elskande vert skilde ved utantil-grunnar; og hender det, sa vil dei hava meir motstandskraft mot ulukka enn no. For «Mennesket lever ikke af kjærlighed alene; han lever ogsaa af glæden ved den livsgjerning han selv har valgt. Den ulykkelige elsker har altsaa arbeidsglæden at falde tilbake paa;» «og en ny kjærlighed vil nok siden spire frem paa den gamles ruiner.» Og kjærleiken kann vara for livet. Men «kanhænde vil den blot vare for kortere eller længere tid; maaske blir den afløst af en ny kjærlighed; maaske ender den i ulykke. Men selv om hans hjerte brister af sorg, eller han tager sig af dage i fortvilelse, han vil i ethvert fald i dødsøieblikket sige til sig selv: Gudskelov trods alt, at jeg dog har faaet leve!»
Den som er veik i trui kann kalle dette draumar. Men at desse draumarne er reine og fagre, og at folkedomen yver Hans Jæger i hovudsaki hev vore rangvis, det stend fast.
 

Frå Arne Garborg: Straumdrag. Literære utgreidingar fraa aatti- og nitti-aari. Kristiania: Forlagt av H. Aschehoug & Co. 1920. Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad.