Ei samrøde med Sokrates daa han sat dømd i fengsle

(Omsetjing, 1920)

Umsett av Arne Garborg

Kriton
, venen til Sokrates vilde freiste aa fri han fraa dauden. Ein morgon tidleg muta han vaktmannen og gjekk inn til fangen.

Sokrates sov rolegt, og Kriton sette seg til aa vente. Endeleg vakna Sokrates.

Sokrates: Kvifor kjem du paa denne tidi, Kriton? Er det ikkje tidlegt paa morgonen?

Kriton: Jau; det er det.

Sokrates: Kva lid dagen paa lag?

Kriton: Det er i graalysingi.

Sokrates: Underlegt at vaktmannen vilde sleppe deg inn so tidleg.

Kriton: Vaktmannen hev tiltru til meg, - for eg gjeng ofte hit; og elles hev han stundom fenge pengar av meg.

Sokrates: Er du nyst komen, eller er det lenge sidan?

Kriton: Det er ei god stund sidan.

Sokrates: Kvifor vekte du meg ikkje strakst?

Kriton: Ved Zevs, Sokrates, eg vilde ikkje sjølv verte vekt or svevnen i slik sorg som di. Lenge sat eg her og saag kor rolegt og godt du sov, og med vilje let eg vera aa vekkje deg. Mange gonger fyrr hev eg sett med undring paa sjelestyrken din, men aldri so mykje som no, daa eg ser, kor taalegt du tek den ulukka som hev raaka deg.

Sokrates: Det vilde daa vera meir enn faavist aa syrgja fordi ein skal døy i mine aar.

Kriton: Likevel hender det, Sokrates, at mange som i din alder vert raaka av ei sovori ulukke, dei klagar yver lagnaden sin.

Sokrates: Ja, det er sant. Men kvi er du komin so tidlegt?

Kriton: Det er fordi eg hev ei syrgjeleg tidend aat deg, Sokrates. Ja du tykkjer vel ikkje, ho er so syrgjeleg; men for meg og alle venerne dine er ho øgjeleg tungsam. Og meir enn nokon annan syrgjer eg, Sokrates.

Sokrates: Kva er det daa for ei tidend? Kann hende skipe er attkome fraa Delos, og att [sic] eg soleis snart skal døy?

Kriton: Nei; enno er det ikkje kome. Men eg trur det kjem idag; so segjer allvisst nokre mennar som gjekk fraa borde ved Sunion. Imorgo skal du daa døy, Sokrates.

Sokrates: Maa det bli i ei lukkeleg stund, Kriton! Er det gudarne sin vilje, daa maa det so vera.

Kriton: Men, du merkelege Sokrates, høyr paa meg enno ein gong og lat meg faa frelse deg. Døyr du, so vert det ikkje den einaste ulukka som raakar meg. Det er ikkje berre det, at eg aldri meir finn ein slik ven som du. Nei; dertil kjem, at mange som ikkje kjenner oss godt nok, vil tru, at eg ikkje brydde meg um aa frelse deg, endaa eg, som er so rik, vel kunde gjera det. Kann ein tenkje seg verre enn aa verte kjend for aa vyrde pengar meir enn ein ven. For ikkje vil nokon tru, at du sjølv nekta aa gaa herifraa, endaa me so inderlegt ynskjer aa frelse deg.

Sokrates: Men, min gode Kriton, kvi skal me tenkje so mykje paa kva andre meiner? Gode og rettviljuge menneskje, dei som me bør bry oss um, dei vil tru, at alt gjekk soleis til, som det røynleg kjem til aa gaa.

Kriton: Men du ser likevel, Sokrates, at ein er nøydd til aa bry seg um kva mugen tykkjer. Det som no er hendt syner daa klaart nok, at folke hev magt til aa velte ulukke yvi dei største.

Sokrates: Aa Kriton, um folke kunde valde ulukke, var det ei stor lukke, for daa kunde dei og gjera store velgjerningar. Men no kann dei korkje det eine hell det andre. For dei kann korkje gjera noko vitugt eller noko uvitugt, etter di dei gjer alt paa eit raam og ikkje læt vite føre seg.

Kriton: Det kan so vera. Men svara meg paa eit, Sokrates. Trur du kanhende, at sykofantane [1] vil bera klagemaal paa meg og dei andre venerne dine for aa ha ført deg herifraa i løyndom, dersom du kjem ut? Og er du rædd at me daa skal misse eigedomen vaar, eller at dei skal gjera oss anna vondt? Hev du slike sutemaal, so lat dei fara. Det er ikkje meir enn rett og rimelegt, at me tek den vaagnaden til berging for deg. Lyd meg difor, Sokrates!

Sokrates. Baade dette og mykje anna ræddast eg fyre, Kriton.

Kriton. Syt ikkje for denne saki. Naar me talar um sykofantane, so ser du vel, kor lite pengar det skal til for aa vinne dei; mine rekk fullt til trur eg. Og finn du av umsut for meg, at mine ikkje bør bli nytta, so er her daa fleire vener, som gjerne vil hjelpe deg. Simmias fraa Tebe t. d. hev alt sent hit ein sum, som er meir enn stor nok. Kebes er og viljug til aa hjelpe deg, og likeeins mange andre. Men kann hænde du er rædd for aa bli gjerandslaus naar du vert landlyst fraa Aten? Dette nemde du alt for domstolen; men du tarv ikkje syte for det. For kvart du kjem, vil dei helse deg velkomen. Vil du reise til Tessalia, so hev eg der vener, som vil høgvyrde deg og gjeva deg fullkomi trygd i alle maatar.

Og enno ein ting, Sokrates!

Du hev ikkje lov til aa forraade deg sjølv, naar du kann frelse live ditt. Og det er sviksverk mot dine eigne baan og gaa fraa deim, naar det stend deg fritt fyre aa vyrdsle deim. Gjeng du fraa deim, so kjem dei til aa lide likso mykje vondt som andre farlause. Anten fær ein lata vera aa setja baan inn i verdi, eller ogso fær ein taka brye med aa fostre deim upp. Du veljer det lettaste; men eg tykkjer ein skulde velje det som sømer seg ein modig og dygdig mann, serleg naar ein gjev seg ut for aa leggje vinn paa det gode i alt sitt liv. Difor blygjest eg baade paa dine og vaare vegne; og eg er rædd folk vil segja, at alt du hev vore ute for er ei fylgje av ræddhugen og motløysa vaar.

(Soleis dreiv Kriton paa og vil faa Sokrates til aa gaa med paa at venerne frir han or fengsle, S. segjer han vil tenkje over alt det Kriton hev sagt, og finn han, at det er rett, skal han lyde.)

Sokrates. .... Er det ikkje so, at ein skal feste seg ved det sume og ikkje ved det alle meiner?

Kriton. Det er rett.

Sokrates. Ein bør soleis høyre paa dei rette meiningane, ikkje paa dei range.

Kriton. Ja.

Sokrates. Men rette er vel meiningane aat dei vituge, ikkje aat dei uvituge?

Kriton. Sjølvsagt.....

(Dei vert no samde um, at den som høyrer etter mugen fær lide for det. Det einaste ein skal høyre etter er domen aat dei kunnige og sanningi. Og dei held fram:)

Sokrates. Tenk no vel etter um det paastandet er rett, at ein ikkje bør leggje mest vinn paa aa leva, men at gjeld aa leva paa rette maaten.

Kriton. Det paastandet er rett.

Sokrates. Lat oss daa røkje etter, um det er rett og urett, at eg freistar aa røme herifraa. Finn me at det er rett, so vil me freiste; annars maa me gjeva det upp. Svara no paa spursmaali mine etter di beste yvityding.

Kriton. Det vil eg freiste.

Sokrates. Hev ein nokon gong lov til aa gjera urett med vilje? Eller hev ein i sume fall lov, i andre ikkje? Er kannhende dei meiningane, som me fyrr hadde, burtkvorvne paa desse dagane, eller er det so som me fyrr var samde um, at det i alle høve er skamlegt aa gjera urett?

Kriton. So er det.

Sokrates. Det er daa heller ikkje rett aa svara paa urett med urett, soleis som mugen trur?

Kriton. Nei.

Sokrates. Og endaa noko. Er det rett aa taka hemn, naar nokon hev gjort oss vondt, soleis som mugen trur?

Kriton. Visst ikkje.

Sokrates: Ein bør soleis aldri hemne seg paa noko menneskje, kor mykje urett ein lid.... Ein bør med eitt ord, alltid gjera det som ein tykkjer er rett?

Kriton. Det bør ein.

Sokrates. Gjeng me no utan lov burt fraa denne staden her, so gjer me urett mot einkvan, og det mot deim me minnst burde, vel? Stend me daa fast ved det som me trur er rett?

Kriton. Eg kann ikkje svara paa spursmaale ditt, Sokrates; for eg skynar det ikkje.

Sokrates: Seg no, Kriton, at lovi og samfunde i den stundi me vilde røme stod fram for oss og spurde: «Høyr, Sokrates, kva er det du vil gjera? Trur du at den staten kann staa seg, der offentlege domar ikkje hev noko aa segja, men der einskilde menneskje kann gjera deim um inkje, - kva skulde me daa svara, Kriton? Skulde me kannhende segja: ja men staten hev dømt oss uretferdigt?

Kriton. Ja, ved Zevs, nett det skulde me segja, Sokrates!

Sokrates: Men um daa loverne segjer: Sokrates, er me kje komne til lags um, at du skulde vera nøgd med dei domane som staten læt falle? Me kunde undra oss yver den talen; men daa vilde dei segja; «undrast ikkje paa det me segjer, Sokrates, men svara: du er daa sjølv van med aa nytte samtaleformi. Seg oss, kva du hev aa klage oss og staten fyre, etter di du freistar aa setja deg imot oss? Et det ikkje for det fyrste oss, du kann takke for livet? med di me hev skipa ægteskapet? Hev du nokon grunn til aa klandre ægteskapsloverne? - Nei, maatte eg svara. - «Naa; enn loverne um røkt og uppfostring av smaabaan? Var det ikkje nyttigt, at dei loverne sette far din fyre aa gjeva deg upplæring i musik og gymnastik?» - Jau, maatte eg svara. - «Og naar du er fødd; fostra og upplærd under vaar vern, kann du daa neite, at du er oss lydskyldig liksom forfedrene dine? Eller trur du at du hev same retten som me og kann gjera det same mot oss som me mot deg? Du hadde ikkje same retten som far din eller husbonden din; kunde t. d. ikkje tukte deim som dei tukta deg; skulde du daa ha større rett mot fedralandet og loverne? Um me no finn det rettvist aa taka livet ditt, kann difor du freiste aa tyne oss, loverne og fedrelandet, og segja at du gjer rett i det, - du som daa legg vinn paa dygdi? Veit ikkje du, som er so vis, at fedralandet er meir vyrdslegt og heilagt enn baade far og mor og forfedrar?» - Kva skal me segja um dette, Kriton? Skal me vedkjennast, at loverne talar sant?

Kriton. Ja; det synest so.

Sokrates. «Daa, Sokrates,» vilde venteleg loverne segja, «bør du tenkje yver, um det er rett, det du er meint paa aa gjeva imot oss. Hadde du vore misnøgd med landet ditt, so hadde du, som andre atenarar, kunne flytja til ein atensk koloni eller einkvan annan stad; men den som vert verande her, han er skyldig til aa lyde oss. Dessutan kunde du under sjølve saki ha gjort framlegg um landlysing, um du hadde vilja. Men daa kytte du med, at du ikkje hadde noko imot aa døy, og at du heller tok daude enn landlysing. Skjemmest du daa ikkje no for aa røma som ein træl, og det i strid med dine eigne ord?» Kva skal me daa svara, Kriton? Kann me anna enn vedgaa dette?»

Kriton. Nei; me lyt nok det, Sokrates.

Sokrates. «Du hev desutan,» vil loverne segja, «meir aa tenkje etter, baade for venerne dine og deg sjølv. For det er klaart, at venerne dine og kann koma til aa verte landlyste. Og kor gjeng det med deg? Kjem du til ein av dei næraste statarne, som Tebe eller Megara, so vil folk sjaa paa deg med mistru. For baae dei byarne hev gode lover, og lovbrytarar held dei for fiendar av all styring. Dei vil daa og tru, at domarane dine hev havt grunn for domen sin; dei vil gaa ut fraa, at du hev vore ein fiend av lovi og ein forførar av ungt og urøynt folk. Kannhende bør du daa halde deg ifraa vælstyrde statar og lovlydige menner? Men kva verde fer livet daa for deg? Eller skal du tala med desse menneski liksom inkje var? Greie ut for deim um, at dygd og rettferd og lov og orden er vigtigare enn alt anna? Vert ikkje det lite vyrdelegt for Sokrates, trur du? - Men so dreg du kannhende til Tessalia. For der er alt lovlaust; og folk vil hava moro av aa høyre deg fortelja um, kor sløgt du smøygde deg burt fraa fengslet. Ingen vil kannhende undrast paa, at ein gamall mann som du, ein som knapt hev lenge att aa liva, heng so fast ved livet at han for den skuld bryt dei mest heilage loverne. Men fornærmar du nokon, so kann du nok faa høyre mangt som uliklegt og krenkjande er. Og kva skal du drive tidi med i Tessalia, utan med gjestebód og drikkelag? Men kor ber det daa av med all talen din um rettferd og dygd?

- Men det er baani dine og deira uppfostring, du vil stelle med. Og dei vil du fostre upp i Tessalia og gjera deim til framandfolk? Eller vil du setja deim etter deg heime; venerne dine vil syrgje for deim. Dei skulde daa syrgje for deim, um du flytjer til Tessalia, men lata vera, um du flytjer til Hades? Ein skulde heller vente det motsette, so sant det elles er noko tids med deim som kallar seg venerne dine.

«Difor, Sokrates, fær du lyde oss, fostrarane dine, og korkje setja baani dine eller livet eller noko anna fyre det som rett er; daa vil du kunna forsvara deg, naar du kjem til myrkheimen og skal staa til doms for deim som der hev magti. Og um du no gjeng burt, so gjeng du burt utan skuld, ved urett, som ikkje me loverne, men berre nokre menneskje gjer. Kjem du deg derimot undanpaa den skamlege maaten, ved aa gjera urett mot deg sjølv, mot venerne dine, mot fedralandet og mot oss, so vert me fiendar mot deg den tidi du liver. Og hi-sides gravi kjem brørane vaare, loverne i Hades, til aa taka imot deg utan velvilje, med di dei veit, at du hev svike oss.»

Desse fyreteljingarne tykkjest eg høyre, kjære ven Kriton, liksom dei korybantsjuke [2] stendigt tykkjest høyre fløytespel. Og ljoden av desse ordi aat loverne susar for øyro mine, so eg ikkje kann høyre noko anna. Du kann soleis vera viss paa, at um du segjer noko imot denne yvervitningi mi, so vil du spille dine ord. Men trur du enno at du kann gjera noko, so tala!

Kriton. Nei, Sokrates; no hev eg inkje aa framføre.

Sokrates. Lat daa dette vera avgjort, Kriton.

[Notar:]
[1] Sykofant: ein som fører falskt klagemaal.
[2] korybantsjuke: dansegalne.

Red.merk.:Teiknsetjinga etter personnamna er inkonsekvent i originalteksten. Det blir stundom nytta kolon, stundom punktum.

 


Frå Jol 1920. ”For Bygd og By” ’s jolehefte. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1920. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad