Eit granskarliv

(Minneord, 1923)

Av Arne Garborg

Torkell Mauland , som i år laut burt frå arbeidet sitt, er ein av deim som fortenar å minnast. 

Han vart fødd i Thime på Jæren tridje nyårsdag 1848. Eldste sonen i ei god og gamall bondeætt skulde han ha teke garden; men "boki" drog for sterkt: han gjekk skulevegen. Men han vilde ikkje koma for langt burt frå folket sitt; det vart då lærarvegen, han tok. Og han vart ein dugande lærar. Dimittera med "Meget godt" frå ein liten jærsk lærarskule 1863 og med "Udmærket godt" frå ein større (Holt stiftsseminar) i 1869 skula han fyrst 5 år i heimbygdi si og so 7 år i Stavanger. I 1876 vart han lærar ved fylkesskulen i Ryfylke; og det arbeidet lika han serskilt godt: heldt på med det i 16 år. Vart so norsklærar ved Klæbo lærarskule i eitt år og klokkar og lærar i Aure på Nordmøre i seks. Attåt skulen hadde han i fleire år drive på med eit anna arbeid: granska bygdehistorie og samla eventyr og segner i Rogaland. Men meir og meir kom han etter, at til granskararbeidet hans vilde det turvast etterrøkjingar i riksarkivet. Og dei granskingarne vilde taka tid; det var då best å koma i gang med deim so snart råd var. Han søkte seg då til Oslo i 1897 og var lærar der til 1913. Attåt dreiv han, serleg i yngre år, ikkje so reint lite med bladskriving, mest i Stavanger- og Osloblad og eit og anna tidskrift, - på Danskt, når so måtte vera (soleis i Alexander Kiellands "Stavanger Avis", der han hadde fast arbeid i nokre år), men elles på Norskt. 

Og meir og meir kom han inn i granskingsarbeidet. Det var i Ryfylke han kom i gang med det fyrst. Som han flakka ikring med fylkesskulen i dei rygske fjordbygderne - eit år på kvar stad -, fekk han tak på meir og meir av sogur og segner um dei småadels ætterne som der hadde havt heime (soleis Hestbø-, Tolga-, Eidsa-; Byre-, Horda-ætti). Sidan vart det den jærske bygdesoga som fekk fyrste romet på arbeidslista hans, um han nok ikkje difor gløymde den rygske. 

Vilkòri for slikt arbeid var i visse måtar gode for ein lærar. Men med arbeidstidi var det so som so; det vart å nytte fristunderne og fritiderne so godt som det lét seg gjera. Men so lærde han òg å nytta tidi. Og god helse hadde han, og trøytt vart han visst aldri. Tallause er dei protokolarne og brevi han hev sétt igjenom og dei gamlingarne - og yngre folk med -, han hev "spurt ut"; og etter som åri gjekk, voks uppskriftsamlingarne hans utruleg. 

No etter han fall ifrå hev verson hans, adjunkt Steinnes, sétt igjenom og fyrebils ordna desse papirhaugarne; ved hans hjelp hev eg då kunna få som ei yversyn yver dette Maulands arbeid. Umframt alle folkedikt-uppskrifterne er der store samlingar vedkomande bygde styring og bygdestyrarar: um fylkesthingi upp gjenom åri og um prestar, ordførarar, lensmenner Rogaland rundt; mykje er der òg å finne um storthingsmennerne frå fylket og elles um menner som hev gjort seg bygde- eller fylkes- eller stundom landskjende; um sume av desse, som t. d. O. G. Ueland, finst det meir eller mindre umstendelege livsskildringar; dei han fekk ferduge gjorde han gjerne ålment kjende gjenom blad eller ved foredrag. Like eins fins det gards­og ættesogur, helst um kjende gardar - som Ofte- (>: ( àlpte­dal, Sandve (- vì­n), Gruda, Hognestad, Mossige, Garborg, Mauland, Åbrestad, Hobberstad - og ætter. 

Det viste seg etterkvart, at skulde han få med det som burde med i det bygdehistoriske verket, so fekk han kløyve det i småbolkar og gjeva ut bolkarne kvar for seg, ettersom dei vart ferduge. At dette vilde seinke arbeidet fekk ein finne seg i. Endå meir vart det elles som seinka, då han var komen til Oslo; der vart han - umfram klokkar i den norske kyrkja - medstyrar i Det norske samlaget, der han òg stundom fekk boklegt arbeid: gjenomsyn av innsende manuskript og umsetjing av bøker frå Engelskt. For skulen umsette han òg eikor boki frå Danskt til Norskt. Men med granskingsarbeidet dreiv han endå på best han kunde. Han "kvilte" i riksarkivet. Eller i eit stiftsarkiv, helst når han stundom "kom burt-i Olsenologien" >: laut granska ting som i seg sjølv var mindre vigtige, men som han endå laut hava greie på. I fritiderne drog han til Rogalandsbygderne og heldt fram med innsamlingsarbeidet, som gjekk betre og betre, di meir upptamd til "utspyrjing" han vart. Gode gåvur til arbeidet hadde han med; tanken var gløgg og granskarhugen likso sterk som den vitskaplege andsvars­kjensla. 

Ferduge bygdehistoriske arbeid fekk han fyrst ut gjenom blad; sidan kom dei i serprent og gjerne i småhefte (som "Jelsaprestarne" og "Lyeprestarne"). Og eventyr og folkesegner var der rom nok åt, i blad som i jolehefte. 

Ei større samling fekk han ut i 1911: "Trolldom". Den gjev bilæte frå eit både uhuglegt og på sin måte løglegt kapitel av kultursoga. I Rogaland som andre stader husera Hinmannen gjenom tauvrekallar og trollkjerringar i lang tid; og so lenge folk var bundne i trui på denne djevelsmagti skapte ho rædsle og bål og brand her som allstad. Men so fær me òg sjå, korleis båli sloknar av, ettersom trui og rædsla misser magti; og til slutt, når ingen lenger trur, so vert det òg ende på "trolldomen". 

Um "Ufreden i 1807-14" samla Mauland segner og sogur som gjev ein sterk tokke av livet vestanfjells i desse vanskelege åri. Det var elles det minste av det han arbeidde med som han fekk samla so heilt og forma so godt, at han tottest kunna prente det, kravi hans i dette stykket var strenge. 

- Ved utgangen av skuleåret 1912-13 hadde han vore lærar i 50 år; hadde då "nått aldersgrensa". Enno var han likevæl ved full kraft og kunde ha søkt "prolongasjon". Men han meinte han burde bruka tidi heretter til å gjera seg ferdug med granskingsarbeidet (som han hadde fenge stipendium til); han slutta då med skulen. Og var då viss på, at han vart ferdug med dette arbeidet. 

- Folkedikting fekk han samla mykje av, endå so seint som han var ute. 

Av dei eventyri han skreiv upp er det sume som hev full gamalsvìp: dei frå fjell- og øybygder; andre er meir og mindre nytidsmerkte: dei frå bygderne nærare byen. Sameleis med segnerne, som elles er mange fleire. Der er huldre- og risesegner av gamalt godt slag, um dei nok ofte hev ein nytidsmerkt slutt: helten er ein kraftkar som hev skræmt trollskapen so hardt, at "sidan hev det aldri vore troll i det berget" eller "huldrer i den haugen". Men nærare byen hev vantru i fenge meir magt; det kann endå gå so vidt, at segni fortìªl [sic] um "karar" som "heldt seg i skogen" og "livde av røving" og vart " kalla troll"; dermed er det i røyndi ute med eventyret. Når folk vert "inntekne", men hev vìt til å ikkje smaka på noko av det som trolli byd deim, so bergar dei seg: vert kasta ut med ei greip, eller på rett eventyrvis: med ei sylvgreip. I Rogaland hev havfrua og sjøormen alltid livt. Yngre trollvette finst det av mange slag: tunkallen (som må hava kveldsro, um folk skal få nattero); jolehuldrerne (Algo- og stundom mest heilt rett: Åsgoreidi, men òg trettanreidi >: reidi som er ute trettanddag jol); lyktemannen; nykken; draugar (eller daudingar); utburder (utsette born). Den kjende forklåringi um upphavet til huldrefolket er her soleis fortald: Mange år etter syndefallet såg Vårherre innum hjå Adam ein dag; og Eva førde borni deira fram for han. Men berre halve barneflokken førde ho fram; for ho skjemdest av å hava so mange. Då sagde Vårherre: "dei som er dulde skal vera hulde"; dermed vart dei huldre folk. Prestar som løyser og bind den Vonde er det nok av; trollkjerringar (og runarar) like eins. "Historiske" segner finst det òg: um ei tid det var so fullt av kongar på Jæren, at det "ikkje var tal på dei", um Harald Hårfager og ikkje minst um Sant Olav, og so um Svartedauden. Frå Dansketidi er det dei vanlege segnerne um fæle futar og Kjøpenhamnferder; kongen er alltid den reine Vårherre. Ei segn som nok er berre rygsk forì¨l [sic] um admiral Nelson: han var fødd i Koparvik. Ein dag i guteåri var han ute med ein båt, men dreiv til havs; der vart han berga umbord i eit engelsk farty: og "resten veit folk". Kyrkjeflutningssegnerne finst; stundom gjeng det rett til: trolli flyt heile den ferdugbygde kyrkja; men oftare er det folk, som køyrer kyrkjetimbret dit dei vil at kyrkja skal stå, og so sidan skuldar på trolli. Kvernsegner og skattegravarsegner er ikkje heller ukjende. I Ryfylke og Dalarne finst det her og der "nedgangshòl" i fjelli: hòl og gangar som fører til den nedste nedheimen. 

Av folkevisur og stev hev det vore lite å finna; sjømannsvisurne er tidleg komne i staden. Og dei kvædi som høyrer den norske viseheimen til, som "Truls med bogen" eller "Den bakvende visa", er meir eller mindre umdikta. Det same gjeld vogge- og barneversi. Ei stor samling ordtøke hev Mauland sett upp i so god orden at det maa ha vore tanken aa gjeva deim ut; like eins er det med ei samling gåtur (345 i alt) og ei samling manns- og kvende namn frå dei siste 300 åri. 

Mykje godt og forvitnelegt inneheld denne folkedikt- og folketankesamlingi; og lærerik er ho ved di at ho gjev ein tanke yvergangen frå den gamle folkediktingi til det som seinare kom i staden; det er det fyrste stiget av denne yvergangen som i sùme sogur og kvæde er gjort. Av den grunnen òg bør samlingi koma ut; - med dei upplysningarne som frengst um det som frå Maulands hand ikkje vart heilt ferdugt. 

For ferdug vart ikkje Mauland; fekk ikkje so lang arbeidsdag som han hadde tenkt. Mykje tidlegare enn ventande for so sterk ein mann kom det veiknings- eller trøyttleiksmerke. Og eit hjarteslag reiv honom burt; langfredags kvelden 1923 slokna han, 75 år gamall. 

Men læraren og granskaren Torkell Mauland liver i minnet hjå mange. Og arbeid hev han gjort som ikkje vert gløymt.

Frå Norsk Aarbok 1923. Utgjevi ved Torleiv Hannaas. Bergen 1923. Side 139-143. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad