Eit tidskifte

(Lesestykke, 1877)

Av Arne Garborg
»Romantikken« var atterslaget etter den store klokskaps- elder »uppklaarings«-tidi, som braut upp i Europa med Voltaire og hans folk, og som kom til utslag i den store franske umstøyten og døydde ut daa noko seinare. I denne tidi var det, at dei store fridomstankarne kom upp etter den myrke og bundne tidi, som heiter millomaldren. I millomaldren var det kjensla og hugleiken, som med sine draumar og syner hadde mest magt i livet; men klokskapstidi sette vitet, det kalde klaare mannavitet, i høgsætet, og meinte, at mannens sanne rett var den aa t e n k j a. Sine mønster og tankekjeldur fann ho i den store »klassiske forntidi«, som skulde vera grunnlaget for all rett sedskap og folkeskikk. »Kulturen« og kulturlivet kom no i velten. Kunnskap, klaarskap og klokskap var det, som gjorde mannen. Alt, som ikkje høvde ihop med mannavitet, var ovtru og kom i mismæting. »Folket« heldt dei no av, men paa den maaten, at folk skulde »uppklaarast«, faa »kultur«, d. e. den same klokskapskulturen, som daa var paa moten hjaa fin-verdi. Dermed dreiv dei fyrst av alt paa med aa faa utreinska all »ovtru« elder alt det, som ikkje beintfram kunne semjast med mannavitet. Kulturlivet var det sanne liv, kulturmannen det sanne menneskjet, og storheimen sjølv var kulturmannens fedraland, so dei hadde lite syn for det, som sidan kom so sterkt upp med namn av nasjonaliteten. Tidi var klaar og klok, sumtid ovklok, men hugkald og hjartearm og med eit helder trongt og innknipet syn paa mannens rette haatt og natur.
 
Dermed laut ho døy, daa ho hadde boret fram det, ho kunne, i ættarlivet, dei store fridomstankarne, som aldri meir skulde slokna. So kom atterslaget, motstraumen, og snudde syn og tankar radt um. Det er alltid so med desse bakslag. Det, som fyrr hev voret i velten, kjem no or moten; men det, som fyrr hev voret mismætt elder gløymt, bryt upp att og vert reint gjævt og gildt. Det er paa den maaten, at sedskapslivet liksom spinn seg ut. Kvar tid tek sine tankar, tenkjer dei ut til alle kantar og paa alle leider, formar dei fram i filosofi, i vitenskap, i dikting, i liv, i riksstell, og so, naar det er gjort, so godt som det paa den tidi kann gjerast, kjem ei ny tid og ber upp andre tankar. Men etter den bryt so den fyrre tidi upp att paa nytt lag, og paa nye maatar, so dei gamle tankarne kann verta liksom betre utnyttad og utspunne, og so samde og sammeltad med dei tankarne, som sidan er komne upp. So alt fort, liksom i ein endelaus bylgjegang. Kvar tid legg sitt arbeid til, og so vert livet rikare og rikare. Men det usanne og yverdrivne, som er i kvar tid, vert liksom burtskylt og utreinskad. Dette kallar dei den »historiske utvikling« elder »framgangen«.
 
Etter »uppklaaringstidi« var det daa millomaldren, som braut uppatt, men i nye former, daa klokskapstidi laag imillom og hadde gjort sitt. »Mannavitet« vart liksom avsett, og hjartelivet, kjensla og hugleiken, kom paa nytt lag i velten. Folk vilde mindre tenkja no, dei vilde helder drøyma. Hadde uppklaaringstidi stridt mot ovtrui, so ho tilslutt kom i strid mot sjølve trui, so tok motstraumen no trui upp att, so han sistpaa kom langt inni ovtrui. Millomaldren vart paa moten, for der var so mange underfulle, ville og furdelege ting, so mange »draumar«, og dertil dette løyndomsfulle halvmyrkret, som den drøymesjuke tidi var so glad i. No kom »folket« ogso i velten. Fin-verdi var leid av det kloke og kalde »byliv«, og saag det rette mannalivet hjaa f o l k e t , som livde meir eit »naturliv«, friskt, uskadt, reint, skuldlaust og varmt, dertil fornt i svipen, barnslegt, kravslaust og hyggjelegt, plent som paradisiskt; dit lengtad dei no, og drøymde seg dette »naturlivet« tie gonger so godt og fagert som det var. Dei lagde elsk paa alt, som høyrde folket til, livet, trui, ovtrui, tankeløysa, gamalldomen, alt ihop, - raaskapen med sumetider. Men under dette fann og denne tidi ein stortanke, som skulde liva etter henne; det var nasjonalitetstanken. Likeeins fann vitenskap og kunst nye og rike kjeldur her. Den historiske lærdomen tok eit stort stig fram; kvart folk tok til aa leita etter sitt upphav og sine minne. Dermed vart fornheimen kjend og kjær, ikkje den gresk-romerske, som var meir skyld med klokskapstidi, men den tysk-nordiske (germanske), som var meir skom og meir rik paa underfulle segner og draumar, som dei no likad so godt. Dermed fekk dei og auga paa
f o l k e d i k t i n g i , som sidan hev skapt fram so mykje gildt, tilmed ein heil ny vitenskap. Det, som klokskapstidi kallad folke-»ovtru« og førde strid mot, vart no reint gjævt, ja mest noko heilagt, med di dei eit bil trudde, at alle dei segner og visur hadde »gjort seg sjølv«, elder var lagad av heile »folket«. Drøyming, lengt og kjenslur var det, som tidi traadde etter paa alle leider; difor hadde ho meir hug til aa tenkja paa forntidi enn framtidi. - Det er denne tankestraumen, som heiter »romantikken«.
 
Romantikken var mest sterk, men og mest vill, i Tyskland; derfraa drog han til Danmark og gav ei merkjeleg vekkjing og liksom fræving til aandslivet der. Han skapte Danmarks boklege gullalder.
 
Fraa Danmark kom straumen til Norig. Han braut upp i W e l h a v e n og vann snart magti yver heile aandslivet vaart. Væl livde han eit bil mest paa danske tankar. Men daa romantikken i seg sjølv hadde dette draget mot det serfolkelege elder nasjonale, var det greidt, at dei norsk-romantiske bokmenn snart maatte freista aa finna paa noko norskt aa dikta og skriva um. Og dei fann meir enn dei sjølv hadde ventat.
 
Me hadde her alle dei ting, som den tyske romantikken hadde drøymt um. Me hadde ein fornheim, full av sogur, segner, store handingar, store menn, skaldar, kongar, gudar og vikingar. Me hadde eit folk, som enno, aa kalla, livde i fornheimen (elder millomaldren), i eit liv for seg sjølv, stengt inne i tronge dalar, sermerkt og fornt i sed og skikk, i tru og tankar, i liv og ferd og tungemaal, so naturfriskst som det kunne finnast. Me hadde ein glimande skatt av gamal folkedikting, me hadde folketonar, fulle av all den villskap, hugleik og sorg, som romantikken so godt likad, me hadde folkeleikar, folkedansar, »folkedragter« og all ting. Romantikk-straumen var det, som gav folk syn for dette og fekk det framdreget, og ettersom det kom fram, fyllte det, og stemplad, heile aandslivet vaart, fraa Welhavens romancer til Ole Bulls slaattar og Tidemanns maalarstykkje; det vart paa sin maate ein gullalder, dette med.
Men daa laut det koma ein mann, som kunne finna ei høveleg form for denne norske romantikken. Og han kom. Daa folkevisurne vaare, og eventyri, og folketonarne, var komne upp, og daa dertil Keyser og Munch hadde teket til aa draga fram fornsogurne vaare, so alt liksom var i lag, - daa kom
B j ø r n s t j e r n e   B j ø r n s o n.
 

Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania: Forlagt av Huseby & Co. limit. 1885. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad