Ivar Aasen. Diktaren

Artikkel (1913)

Av Arne Garborg

 

Var granskaren Aasen vyrd millom dei lærde, so var diktaren vyrd og avhalden fyrst og fremst hjaa folket. Det var daa og folkediktar han vilde vera.

Formi hans var den lyriske. Og tidleg tok han til aa kveda.

Fyrst for bygdefolket sitt. Vise etter vise laga han og fekk ut, i avskrifter og sidan i avprentingar (fraa prenteverke paa Eikset i Volda). Og folket lika desse visone; mange av deim vart bygdevisor. Kven so diktaren kunde vera, hev folket tenkt — fraa si fyrste til si siste tid heldt diktaren Aasen seg namnlaus – han visste korleis smaafolke hadde det, og stakk ingen ting under stol, um han elles aldri sa meir enn han kunde staa ved; og netop so vilde folket ha det.

Lite er att av denne bygdediktingi no. Men av det vesle me hev – »Fem Viser« paa Sunnmørsmaal og eit par til – ser me maaten hans fraa den tidi. Alt no er han i alle grunndrag seg sjølv: det er den tilveksande Symraskalden me møter. Synet er klaart og næmet gløgt. Han er realist, med stundom eit rett sterkt lentugt (humoristiskt) drag; og »tòlugt mod«, resignasjon, er grunnen i livssynet hans. Diktemni er dei sjølvgjevne for ein folkediktar fraa ei fjell- og fjordbygd; songen gjeng um livet i smaae arbeidsmanns kaar (»Fiskarvise«; »Malkervise«; »Slaattevise«), og um einvera og raader mot den (»Venskap«; »Giftartanka«; »Tausa-kjæringvise«); det er dei fyrste og mest aalmenne livsgrunnvilkaari som er uppe.

Etter kvart veks skalden til. Han fær fastare og klaarare form; og spursmaali vert fleire og livet meir mangfelt for han. Men det er same augo som ser, og same hjarta som gled seg, eller lid og trøyster seg, ut gjenom heile det lange livet, som denne skalden og stridsmannen fekk aa arbeida seg igjenom.

Alle dagar er han bonde, og ærleg, klaarsynt realist; det han gjev oss er det tilværet som han kjenner, so som det for honom ser ut. Han gjev det i alt sitt rolege fegre og i heile sitt strenge aalvor; det er den arme, arbeidsslitne mannen som ser og som syng, sjeldan glad, men ofte mødd og lite modig, med all si von ute i ei uviss framtid eller i æveheimen. Diktformi er fast, roleg, klaar; alt skalden rører ved, fær liv.

Fager natur og god folkeskikk gled han seg i og priser; ser han urett og naud, vert han sorgfull eller harm; med skjemt og spott eller med strenge ord er han etter fals og fusk, narreferd og uvitingskap.

I fyrestevi til »Symra« læt han folket segja kva det ventar av skalden sin:

 

»Kom med visor, og helst av deim,

som kvika og ikkje krenkja,

slikt som høver vaar eigen heim,

og slikt som me sjølve tenkja.

Den som laag og liten er

og tidt med spott-ord stungen,

han lettnar, naar han høyra fær

sin eigen tanke sungen.«

 

Skalden vil fylgja dette kravet, so godt som han kann. Og dei kjenslone og synsmaatane som han og dei beste i folket hans kannast ved, er det daa som kjem fram i kvædi.

Med ei forunderleg stillsleg magt gjeng songen. Og alltid med denne understreng-klangen av resignasjon som minner um at folke hev havt »lange, laake tider«, og at det enno hev langt fram.

Aasen er frikar i verskunst; med enklare eller rikare rimbygning er versgangen alltid lett og tanken naturleg og klaar:

 

»Av hav kom sjomann sigande

og lengta etter land;

daa saag han fjelli stigande

og kjendest ved si strand.

Daa kom det mod i gutarne

som saag sin fødestad;

ja dei gode gamle nutarne,

dei gjera hugen glad.«

 

I kvæde som »Haraldshaugen« naar han sjølve det gamle fornyrdes-lag i kraft og klang; stundom brukar han stavrim og klang-rim saman, og verset fell like fritt og lett:

»Gamle Norig

nørdst i grendom

er vaart eige

ættarland;

Der er hav som

heilt aat endom

leikar um den

lange strand;

der er vikar

og votn og øyar,

tusund fjordar

og tusund fjell,

snøydor der sjeldan

snjoen tøyar,

dalar der fossen

diger fell.«

 

Det hev mill. a. vore Aasen um-aa-gjera aa visa, at norskt greider dei strengaste formkrav.

Av det som ligg skalden paa hjarta – folke hugnad og folke harm, lands motgang og lands framvon –, er det heimgleda som fyrst fær ord.

Huglegt og vent er det landet me hev fenge. Skalden er vitug mann og fer ikkje med skryt; det skifter med godt og mindre godt, her som all stad. Og ein kann vera glad i framandt land med. Men ein slær ikkje rot der. Heimen er noko for seg sjølv; kjær, um han er aldri so arm; der hev hugen fraa fyrste tid fest seg. Lat strendene vera steinute og havet ruskutt, og lat vinteren vera baade lang og leid: grani stend grøn daa med; og naar vaarsol blenkjer i bakkane, og sumaren kjem med store dagar og stutte næter og blom paa eng og sol yver fjell, daa kann me ingen stad fagrare sjaa; og her, millom bakkar og berg, hev me rudt oss grender; bygd og bøtt stend garden, og modig og hardfør leikar lyden; um daa landet er bratt og steinutt og svadt: i heimen hyggjer barnet seg best, og dit lengtar manndom som ungdom.

– Ikkje mindre enn naturen hev livet emne til kvad, og livs ikkje mindre enn aars tidene. Det store ungdomsspursmaalet elsk og giftarmaal er eit rikt dikt-emne; med si aalvorsame, si glade, si syrgjelege, si løglege side lokkar det skaldar av alle slag; og Symra-skalden er inne paa emnet fraa alle sidor.

Fraa fyrsto vil han helst taka alt lett. Mangt kann vera aa segja paa det gifte som paa det ugifte standet; me fær kloke innlegg fraa alle sidor, og dei vil helst gaa egteskapet imot. Serleg er egtemannen leid; han veit kva egteskapet gjev so for det meste, og greider godt ut um det; og med forundring spør han: »kvi vil so mangein fagna dreng seg til ein slave gjera; og kvi vil gjenta, kor det gjeng, ei svarter kjering vera ?« Vitugt ungt folk hev ikkje stort mod paa aa gaa i aaleteina heller. Tauskjeringi (fraa 1843) veit nok korleis det er for ei gjente aa bli gangande ugift; men ho slær seg til ro likevel: lyt ein sakna »herlegheita«, so slepp ein òg »besværlegheita«. Og sveinkallen (fraa 1847) kjem til det same: med alt som læt seg segja baade mot og med, so er han »like fegen anten han vart gift ell' ei«, – noko so nær daa.

Men paa det ugifte livet er der ikkje mindre aa segja. Og di lenger ein røyner einvera, di stuslegare vert ho. Sveinkallen fraa 1859 vantrivst reint. Tidi vert so raadlaust lang, og livet so vonlaust keidt – stuslegt i gode dagar og tungt i vonde – for den som skal »utan lag alltid sovna, alltid vakna«. Tauskjeringi fraa same tidi vedgjeng, at »alle mine tankar dei ganga ut paa eitt; alltid um det sama mun eg drøyma«; og berre ei raad er der: »den som eg tenkte paa vil eg ikkje sjaa«, og »aldri skal nokon faa vita kva det var, som eg so løynleg i barmen bar«; »tanken,« meiner ho, »maa eg visst kunna tvinga.« Ei onnor tek det paa ein annan maate: »ja den sorg er tung; men eg er daa ung; skal eg ganga stødt og tregast? Nei menn vil eg ei, du, nei du! Eg vil liva, eg vil liva, lystugt liva; hei!« Men at livet vert gledelaust i alle tilfelle for den som ikke fylgjer livs skipnaden, det veit og kjenner dei alle.

Skalden, som hev lært det same, meiner daa og at ein fær fylgja livskravet. »Det einslege livet gjer ingen man sæl; aa nei det slapp du vel, aa nei det slapp du vel!« Og kjem elskhugen og legg sitt ord med i laget, so er ordskiftet slutt; der er ikkje spursmaal lenger. Vitugt? Uvitugt? Sliks slag. Vil? Vil ikkje? Ein »vil« det ein maa vilja. Og skalden kved upp paa ein ny tone:

»Naar eg finge den eg vilde,

aa! eg skulde vore glad.

Som til gjestebod og gilde

gjekk eg til min armods stad.«

 

Berre han tenkjer paa det, er det so heimen ljosnar:

»hugnad som ei himmels sending

strøymer inn i alt mitt vit;

allting fær si rette vending;

live fær sin rette lit.«

 

Pengar bryr han seg ikkje um; rike kann bli fatike og fatige rike;

»men ein heim der hugnad kvilde

var den ting som mest meg drog;

naar eg finge den og vilde,

var eg alltid riker nog.«

 

Og den som »hev maken sin funne er rikar' enn den som eit land heve vunne«;

»elskhugen er den venaste urt

som veks fyre manna sonom;

den mann heve kasta live burt

som ikkje fekk deild i honom.«

 

– Gjeld det i ungdomen aa finna seg livs fylgje og livs medhjelp, so gjeld det sidan aa liva livet, mill. a. aa fostra ny ungdom; og no fær alt eit anna lag.

For smaakaars folk gjeld det aa »draga til reirs«; ein fær med kvardagsstrævet og kvardagssuti aa gjera. For fleirtalet vert dette kvardagsstrævet hovudsak. Ja som verdi no er stelt vert det for mange alt; livet vert berre strid for livet.

Skalden kjenner vel til dette. Og han tek det som smaakaarsmannen maa taka det: lognt. Ja med skjemt. Men under logn som under skjemt vil gjerne ein brodd løyna seg.

Det gjeld aa hava tålugt mod. Og det kann ein; »armod er me vane til«, maa-tru. Ver nøgd med luten din; ovunda ikkje den som fær tvo fiskar naar du fær ein; og ovmoda deg ikkje yver den som ingen fær; slaa elles sutene fraa deg. Noko aafaatt er der med alt. Sjølve rikmannen hev det ikkje so gildt som du trur; »det ein ting er til aa fæla midt i den største kjæla: enn um eg leiddest av alt ihop? Daa vart det liti sæla,«– ræddast rikingen. Stor-verdi er ikkje so hugleg som ho ser lokkande ut; tenk du deg, at ditt er best. Dikta deg rik og sæl; »naar du drikker vatn, so tenk at det er vin; og naar' du slagtar kalven« (som ikkje er gjød-kalv!), »so tenk at det er svin«; til slutt er det »tanken som gjerer det meste«.

Likare trøyst er ikkje for smaafolk aa faa. Og endaa er det visst nok: dei hev det stridt. Maa »kava mot straumen« jamt; er »med i reidsla men ikkje i veitsla«; maa tåla hæding attaat uretten, sjaa folk »grina aat sin bunad, aat sin tale, gang og snunad«; alt lyt dei finna seg i. »D'er stundom so aa sjaa, som ingen rett var meir aa faa; kva skal ein stakkar kveda? D'er tie ting aa harmast paa, og ingen ting til gleda.« Men det er best aa tegja og tola og inkje laast sjaa eller vedgaa; ein fær berre spott attpaa, naar ein harmar seg eller mukkar.

Løyner det seg ein kaldflir attum slik »trøyst«, so er der framvon attum kaldfliren: so ille som det er, so er det daa likare enn det hev vore. Og betre vert det, um me steller oss rett.

Skalden trur ikkje paa den nye framgangs-»lovi« som sume syng upp um. Snarare ser alt honom ut som ei »endelaus røra«. »Dei træla, dei træla«, og dei grava og »dei kappast; som hunden um beini dei nappast«, »til dei stupa, og andre kjem i staden til aa krjupa«; og ser han ut yver heimssoga, so vert han ikkje gladare: »dei framfarne ætter,« kved han, »dei føddest med møda og vokso med dengsla, dei rivost um føda i stigande trengsla;« »den eine laut avla, den andre fekk tæra; den eine laut kravla, den andre fekk æra.« Og rikdom som armod førde vondt med seg:

»naar folk vordo rike,

so vordo dei vonde;

dei leid ingen like

som stogga deim kunde;

dei aato og drukko

alt vit or sin haus;

i used dei sukko,

til hemnen var laus.«

Men »vordo dei arme,

so vordo dei stygge;

dei saago med harme

paa annan manns hygge;

dei lurde sin like

med svik og med stuld

og smeikte den rike

for skillingen skuld.«

 

Det einaste ein trygt kann segja er, at det gjeng »att og fram«, eller »upp og ned«; »allting veks og minkar«; liksom stor fagnad sjeldan er lang, soleis plar det vera like eins med suti og naudi. Ein skal daa ikkje »bry seg med aa spaa«:

»naar du mest maa strida,

trøytt av harm og kvida,

og du tykkjer alt gjeng ut paa tjon,

daa i vissa, daa i vissa

skal du gjera deg ei betre von.

Men naar stormen kviler

og di lukka smiler,

og du tykkjer allting gjeng som best,

daa i vissa, daa i vissa

skal du heller vara deg som mest.«

 

Men hjaa oss hev det vore nedgang so lenge, at no maa me kunna »gjera oss ei betre von«. Og um det er magti som raar, so maa no vel fyrr eller sidan »retten faa magt«; det kann daa ikkje »gaa skakt alltid«. Ja skalden vaagar det sterke orde, at »for rett og sanning maa allting vika«. Men han hev set so mykje av verdi at han trur ikkje blindt; den engelske tanken at Gud hjelper den som hjelper seg sjølv ligg alltid under: Retten fær magtinaar me samlar oss um han og fører han fram;smf. Skr. I, 162:

»Det duger aldri, at folk er rædde,

um dei er havde til narr og hædde;

nei skal dei venta seg nokor bot,

sa faa dei selja seg traust imot,«

–imot uretten.

Fyrst og fremst gjeld det um, at arbeidet kjem til vyrdnad; »gjekk alle med kvite hender«, so veit me kva enden vart. Og det er alt mange som skynar at »det folk er best som krever minst og som strævar mest«.

Men ikkje i alle maatar er denne tidi ei framgangstid. Tom-glim og fantestas breider seg; folk vil »sjaa ut som herrar« og »faa herra rom« og hugsar ikkje at pungen maa visa seg tom ein dag. Det som folke skattar ihop gjeng til mangt som folke hev lite hjelp av; me er i mangt inne paa »armodsvegen«, der det »ber fram og fram til armodsdom med klingende spell og myken ljom«. Og »vegen til armod er ikkje lang«; det er alt mange no, som vender Norig ryggen og »stryk til Vinland«.

Men um himmelen langt ifraa er berre ljos, – voni held Symraskalden uppe; folket er seigt, og hev baska seg igjenom »verre rider« enn dei me no hev. Det er nok mykje baade klagemaal og kyt for at det gjeng so seint og so smaatt; men skalden er trygg: dei tarv ikkje syta. Det gjeng, um det av gode grunnar ikkje kann ganga fort; og koma skal me.

– Av det som Aasen hev dikta i spelform er »Ervingen« mest kjend; men so er dette vesle songspelet kannhenda og det mest aalment kjende spelstykket i landet. Bygt paa heimtanken er det eit nasjonalhistoriskt bilætdikt; songane ber det literært uppe. Og det ordet som det hadde aa segja var nettup det som daamaattebli sagt; »Ervingen« er eit stykke norsk historie.

Heimhugen er folkelivshugen, grunnvilkaare for nasjonalt tilvære; det er den tanken »Ervingen« ber fram. Men skal heimhugen liva, so maa landet vera heim; og korleis er det i so maate med Norig? – Det spursmaalet hev Aasen uppe i den vesle monologen han gav ut 30 aar seinare: »Siste kvelden« (1887).

Unge Gudbjørg, som skal fylgja far og mor til Amerika, likar ikkje dette at ho skal burt ifraa kjenningar og heim. Men kva er der aa segja? Far hennar hev grunnar som ho ikkje kann avsanna.

Det er mismod som driv gamlingen fraa landet. Folk vil ikkje spara som fyrr, segjer han; dei øyder meir enn dei tenar, og so vert det skuld og armod alt; ja dei armast ut dei som sparar med; det vert so mange som skal hava »hjelp« no, maa-tru. Ikkje er me so frie og sjølvraadande heller som dei segjer; her er meir baade tvang og tyngslor enn turvande var.

Det er det samfundsøkonomiske spursmaalet som dukkar upp. Og mot det er sjølve heimhugen magtlaus. Raad for uraad krevst; og det maa folk vel snart forstaa; ofte er det nettup dei beste som fer ut: dei mest arbeidsame, tenksame, sparsame, dei som hev mest andsvarskjensle, og som landet daa sist burde sleppa fraa seg. Aasen hev kjent seg uroleg, naar han saag paa dette; og dei tankane som hjaa Ola Haakonstad, John Neergaard, Ueland, Jaabæk o. a. vart bonde- og spare-politik, samla seg hjaa Aasen til eit nasjonalt livsspursmaal.

Det Gudbjørg trøyster seg med er, at det er godt aa koma ut i verdi og faa sjaa noko meir enn den avkroken der ein er upp-alen. Og Aasen læt henne kveda ei »Ferdavise« som er so full av stormande utlengt, at ein kjenner kor heilt han her hev songe ut av sitt eige bryst. Han veit nok at heime er best; men han veit likso vel, at fyrst skulde ein »gjesta alle land og festa i sin hug det besta i sud og nord«; daa vann ein baade sjølv lengst og kunde bli til meir gagn for folket. Det me no trong mest um var nok ein styrkt heimhug, og der lagde daa Aasen arbeide sitt; men »innestengjings-tanken« hev vor e likso framand' for honom som for Wergeland og Vinje, og som han er for nordmenner flest.

– Naar det gjeld dei »siste spursmaali« vert skalden faamælt liksom folket. Men det er trui han held seg til. Um dette live er kjært, so »treng eg endaa ei von i barm um eit som varer lenger«; og um me hev greide paa mangt og gruvlar paa meir: »eg ottast, alt som me vita fullt er lite mot det som for oss er dult.« »Vesle vite rekk ikkje til, ei tru maa stydja upp-under;« og den visdomen vonar skalden vil hjelpa mest som best kann semjast med ei slik tru: ei som kann vera til styrking og hjelp »i myrke, stormande stunder«.

Vanskelege livsvilkaar avlar eit strengt-religiøst livssyn. Det stig som ein sukk yver heimen »der ætterne kvida«: kvi forferst venleiken so ofte; kvi gjeng so ovmykje liv spillt? Glad og modig ungdom veks; ljos kveikjest som gjev von; kjenningar samlast og makar finst; men ljosi sloknar, kjenningar og makar vert skiIde; ungdomen vinn sjeldan so langt som han vil; kvi skal det vera so? Men spyrja er faafengt; og me skal ikkje spyrja; me skal agta oss for utal og vonløyse og halda oss til det heilage ordet.

Livet er kjært; men vanskar og flokar hev det nok av. Songen gjeng ofte um voner som svik, um draumar som daarar, um kjære minne som kverv, og saare minne som ein ikkje fær fraa seg, men som ein i togn og løynd maa bera paa, um barmen so »svell av harm«. Me er ikkje trygge for noko som er oss kjært. »Hugen fer so vida« og leikar med so mangt; men von-gleppar og vonbrot er det vissaste. Me skal »takka Gud som gav oss liv og ande og let oss sjaa hans væne rike jord«, og me hev meir godt enn me hugsar paa; men det er likso sant at »gleda gløymest fyrr me trur, og sorgerne sitja lenge«.

»Det som minst av alt eg trudde,

saag eg stundom ganga fram;

det som helst i hugen budde,

det gjekk heller av med skam.

Fegen saag eg ymse milde

syn som fagre voner gav;

men den ting som helst eg vilde

vart det aldri noko av.«

 

Men folket er sterkt; tusundaars røynsle hev herdt det. Rolegt ber det si sut; og med hugnad tek det imot dei solstundene som falla kann. Det veit, og hev livt seg inn i, at »heimen er baade vond og god«, og at det »skifter med hug og gaman«:

»Lauvet fell um hausten av;

um vaaren atter det spretter.

Dauden herjar um land og hav,

men live kjem alltid etter.

Stormen sopar i skogom hardt.

so tre og kvister brotna;

men grøne kvister vil renna snart

av rotom til deim som rotna.«

 

Hev ein so dertil ei von um »eit liv som varer lenger«, so kverv modløysa burt jamvel hjaa deim som lid urett; livet vert »kjært med all sin harm«.

Symraskalden vinn seg fram til full livstru og livstrygd. »Rundt um er ein heim som av fagnad er full; sjaa alle dei liv som der liva, og soli som straar yver doggi sitt gull, og blomen som opnar si skiva;« og han priser den stundi sæl, daa han »livet naadde og saag Guds fagre sol og livsens dag«; det gode er det sterkaste.

Aasen hev set kristeleg paa livet liksom Wergeland. Pietist er han ikkje; han skjemtar um deim som ei tid »saag paa verdi blidt og gleddest med dei glade og hadde gaman tidt«, men som no hev vorte strenge og »lika ingen laatt«, ja »tola ikkje høyra eingong ein dansar-slaatt«. Og farisæingane spottar han:

»Ein tuktar det slettikkje lider,

at folk søkja moro og lyst.

Han gløymer dei framfarne tider,

daa sjølv han paa moro var tyrst.

Kven veit, um han skaali si sette

ifraa seg, fyrr fullnøgd han vart?

Naar katten hev fenge sin mette,

sa snakar han ikkje sa hardt.«

 

Men dei kristelege grunntankane held han uppe. Liksom han spottar rikdomen med sitt braak og sin tome glans (»Hugen til rikdom«) , soleis kved han stundom (sjaa t. d. »Nøgje«) soleis, at ein minnest ordet »Sæle er dei fatige.«

»Dei arme fekk ofte ein rikdom i barm,

ein skatt i sitt mod og sitt lynde;

dei ganga med von gjenom saknad og harm

og finna seg hugnad og ynde.

Dei fara fram stilt

og taka det mildt

og lindra og lækja, der noko er illt.«

 

I det klaare og fine lærekvædet »Dikt og sanning« priser han den »heilage hugen til aa løysa deim som ligg i tvang og trong«, og til aa »sjaa som systken heile folkeskaren«; ja, kved han,

»der er styrkjing i den store voni:

den som lid urett skal vel umbot sjaa.

For alle støytarne, for alle tjoni

skal sanningi daa ein gong sigren faa.

Den stolte muren halla skal og siga,

som reist var paa ein rang og roten grunn;

og traust som berget skal ein bygnad stiga,

som standa skal til verdi brotnar sund.

Den malmen som laag vanvyrd, undan kasta,

skal vera prøvd og ikkje lenger lasta,

Den stein som bygningsmennerne skaut ut

skal vera hovud-hyrnestein til slut.«

 

I Gudsord, skriv han (stridsdikt i »Mgbl.« 1867; Skr. I, 91), »fandt bonden lighed for alle og rett for enhver; der tales ei om en lavere klasse, ei med foragt om en udannet masse; kun uretfærdige bortvises der.« Paa brodertanken skal me byggja samfundet, meiner Ivar Aasen.

– Hans eigen livsstrid hev vore mindre lett enn det kunde sjaa ut. Um han aldri so vel skyna dei vanskane som hefte arbeidet hans, – det hev endaa vore tungt aa sjaa, at folket so lite forstod sin eigen bate, og at dei som fyregangsmenner skulde vore, so sjeldan hadde anna enn flir og rangvilje for den norske saki. Men ein fekk taka verdi som ho kom. Gjera sitt beste og ikkje bry seg: »blaasa aat spott og haad og vera like fegen.« Det var »faafengt aa strida mot sin lagnad«; men det var likso visst, at so lenge ein; hadde liv, skulde ein »aldri sleppa voni«.

Um han hev trutt paa »lagnaden«, so er ein ting viss: han bruka ikkje den trui til sovepute. l 1853 var han paa røming for »sotti« (kolera) som so mange andre; men med ein gong kom han til aa undrast paa dette, at han, som so ofte hadde vore leid av livet, no ottast for dauden (dikte »Paa byvegen«). Han tenkjer seg um og finn, at der er inkje aa ræddast fyre. Skal han døy', so er vel verket hans gjort; og skal han liva, so hev han vel eitkvart ugjort, eller kannhenda ei von aa gleda seg til; han snur og gjeng roleg heim att.

Grunnlovi for livet hans var: finn ut kva som rett og sant er og haldt deg til det. Ein skal aldri spilla si tid paa ei »falsk og faafengd tru«; ein skal søkja fram til sanning og ljos og aldri trøytna. Og hev ein funne det sanne, det som hev full grunn og rett samanheng, daa kann ein vera glad; sanningi møter nok ofte motburd, men sistpaa vinn ho.

Dermed er det ikkje sagt at ein sjølv vinn; det hev hendt fyrr at sanningi vart møtt med vanvyrdnad gjenom lange tider. Men um du sjølv inkje vinn: »dei som etter koma skulo vinna;« »stig fram!«

Ungdoms uklaare, urolege lengt etter eitkvart uendelegt, eventyrstort, »eitt som ein ikkje kann faa«, ikkje veit aa naa, hev Ivar Aasen baade røynt og gjeve ord (»Hugverk«). Men kvile for denne hugverken hev han etter kvart funne i arbeidet sitt, og ikkje minst i si varme natturglede.

Gjerne vender han augo burt fraa alt mannsverk til sjølve den store skapningen; »den grøne jord i pryda si, den fagre fugl som song fraa kvisten sender, den blanke fisk som gjeng i sunde fri,« det milde morgon-ljoset gjenom gluggen, og middagsljoset, klaart i sjølve skuggen. Natturi er honom »meir enn alle prydde salar, der faafengd tenkjer og der faafengd talar«; det største som manns kunst kann skapa vert smaatt mot det minste veksande straa. Best trivst han i skogen; kjem han der ut ein solvarm sumardag og set seg paa ein stein i ein sval skugge og ser paa livet og fegra rundt ikring, daa gløymer han alt leidt og keidt og er fri og glad som ein kongsson. Og er det ein »forlokkande lysteleg midsumarkveld«, daa alt er mildt og stilt, og alt smiler og lær, og inkje vondt synest vera til lenger, »daa er det tid aa gløyma sin strid og vera som himmelen ljos og blid«.

Elles var det arbeidet sitt han livde i. Og her var det folket han tenkte paa fyrst og fremst. Men altfor vel visste han, at det lite kunde nytta aa arbeida for aandeleg folkeframgang, naar folke ikkje fekk rimelege livsvilkaar; han laut daa og fylgja med i samfundsarbeidet.

Politikken hadde vigtige og vanskelege spursmaal aa greida i hans dagar; dertil saag Aasen klaarare enn dei fleste, at samfunds-grunnspursmaalet er: det økonomiske. Han hev kjent paa seg, at dei fagre ordi politikken fór med, dei kunde svært lett bli berre ord. »Gagnløysa« heiter eit kvæde fraa 1851, der han med ymis tvil nemner eit par av dei kjendaste klang-ordi: fridom og likskap. »Sume,« kved han,

»diktar um fridomen snildt;

at alle mann er like dei meinar.

Men endaa er eg rædd, um d'er aldri sa gildt,

det skil seg daa herrar og sveinar.

Den mann som heve magti, fær fridomen nog;

men hev du lite magt, fær du lite fridom òg.

Eg kvider mot te segja kva eg meinar.«

 

Og her gjeng det heller att-yver enn fram; i 1881 (»Upp og ned«) segjer han:

»Fyrr var det sa fyndigt um fridomen rødt;

sjølvraadigt og fritt skulde folket vera stødt.

No trur dei visst at folket er altfor mykje fritt;

ein skulde heller hindra, so det ikkje kom sa vidt.

Fyrr var det sagt at alle stod like høgt i verd;

ein skulde vyrda mannen etter dygd og etter gjerd.

No er det heller pengar som gjerer folket gjævt;

dei rike skulde raada og hine halda kjeft.«

 

Det beste folket – det »som krever minst og som strævar mest« – fær til løn tronge kaar og lite til rett; det som breider seg er pengemagti.

Ei onnor ugagnsmagt breider seg likso sterkt: snobbeskapen; den er Aasen etter med baade spott og aalvor. Mest med spott; soleis i skjemtediktet um »Det norske teatret«, der kvar fjøl og kvar fille maa hava eit franskt namn; eller i den kjende »Lovtale yver culturen«, som minner um »Leder«-stilen i storbladi fraa dei dagar. Det er ein »cavaller« som lærer folk »maner« og dømer um alle ting i eit maal, der kulturen flyt ovanpaa i umelta framandord, minst eit i kvar line: »Lande som eit cabinet stend framfyre hans parquet, der han siter med lorgnet som ein criticus complet;« »alt som daa er primitivt, antiqvera og naivt, lyt han refsa effektivt, so det rømer successivt; soleis skal det trivielle vika for det ideelle, og det smaa og specielle jamnast i det generelle« o. s. fr.

Jamsides denne skulegut-kosmopolitismen trivst ingen annan nasjonal tanke enn den »nordiske«, som i Norig var likso unorsk som han i Sverig var storsvensk og i Danmark stordansk. »I ljomen fraa eit nordisk møte« kann det daa for Aasen høyrast som Norig er reint burtkome: »kvar er gamle Norig no? Ligg det enno sjukt og nòme, eller ligg det i grav?« Skalden freistar aa kveikja upp den »gamle gubben«: han bør lata heimen høyra at maalet hans enno liver; og bljug tarv han ikkje vera; »det klingar enno i heimsens øyro, det du tala til han sist.«

– Embættsmanns-spursmaalet var sterkt uppe fraa midt i 60-aari og utetter; for Aasen vart det til eit kulturspursmaal: dugde embættesklassa til sitt folkeførarverk? – Av eit dikt som »Stormansmaal, stor-manstankar« og »Et levnetsløb« – djerve, men i det store og heile visst ikkje for djerve spottekvæde – ser ein, kva svaret etter Aasens meining maatte bli. Den vanlege herremannssonen gjeng i den lærde skulen og stavar græskt og latin med den eine tanken: aa koma seg fram paa embættsvegen; kva aandsdaning der av slik »klassisk dannelse« kann bli gjev Aasen ein tanke um gjenom nokre lette, men paa sin maate innhaldsrike skjemtevers um skuletankane aat denne embættsmannen, skulde bli:

»Alfa , beta, zeta, theta –

alting rimer seg paa eta.

Alfa, beta, gamma, delta, –

fær eg mat, so slepp eg svelta.

Fero, tuli, latum, ferre –

fær eg kall, so er eg herre.

Sulla, Marius og Cinna –

fær eg kall, so fær eg kvinna.«

 

Og guten, liksom seinare studenten, set seg fyre at han nok sidan skal »tage sig betalt for hvad han her maa døie«; trøyster seg elles med moro av svært lite høgt slag. So fær han eksamen, embætte, frue og alt som til skal, og er sidan domar i folke, og kulturmann. Rett skifter han »med forstand«; smaafolk kann ein plundra so mykje ein vil naar ein veit aa stella seg; men stakkaren med sine smaabrot fær finna at styresmagti ber ikkje sverdet til inkjes. Og med folket kann ein »dannet mand« ikkje hava noko aa gjera. »Menig-mand« er aa likna med eit gagnlegt husdyr, ei ku t. d. Kui er nyttig, men ein bed ho daa ikkje inn-i stova til seg; ho fær »staa smukt i fjøs«. Og riv ho seg laus, so bind ein ho fastare; knip det, fær ein »piske den paa bag, saa den kan det mindes«. Bilætet er djervt; men for folk saag det ofte ut som embættsmennene tok det paa den maaten; og altfor visst var det, at her som elles hadde me langt fram.

– For Ivar Aasen sjølv var det vel einsemdkjensla som mest tyngde.

Det hev greidt seg i dei strengaste arbeidsaari; han hadde so fullt upp av anna aa tenkja paa daa. Kjenningar hadde han med; og i fristunder flakka han ute i skog og mark aaleine eller i godt lag, t. d. saman med Aasmund Vinje. Men aari gjekk, og kjenningane vart færre: døydde (som Vinje), skiIde lag (som Munch), eller flutte fraa byen; og um det vaks ny ungdom til, som gjerne vilde helsa paa Ivar Aasen, – so torde me unge ikkje ofte uroa ein slik mann. Ettersom han kom upp i »Sveinkall-aari«, vart det daa meir og meir stuslegt aa sitja der einsleg paa »hybelen« sin; hyggje vert der aldri utan heim. (Sjaa t. d. »fyrtiande fødedagen«.)

Og i byen var han framand og vart so verande. Det han der saag brydde han seg lite um; baud det han ikkje imot (»Kraakereir« o. a.), so fann han det laattelegt helst (»Storlæte« o. fl.). »Ei stova ved ein fjord« var det han hadde drøymt um (»Gamle voner«); men det han hadde fenge var eit leigerom i Teatergata; og søkte augo etter grøn skog eller blaa himmel, – gjenom glaset var der berre ein graa murvegg aa sjaa.

Lenge hadde heimlengt såge for bringa (»Heimhug«; »Gamle grendi«). Med aari fekk ho aukande magt; og um det var ei heil liti Amerikareis fraa Oslo til Sunnmøre, so gjorde han endaa sistpaa aalvor av det: lagde arbeidet fraa seg og drog heim.

At han der hev havt huglege stunder ser ein av velfardiktet hans (I,96). Men i det heile gjekk det som det vil ganga, naar ein hev vore burte fraa heimstaden si meste tid: »So lenge kann ein fara um land, at ein er framand heime.« Sidan visste han, at han var framand all stad.

Og kva einsemd er fekk han meir og meir finna, ettersom aari seig paa og det minka med arbeidskrafti; saart kved han um dette i diktet »Liten hugnad«. Der var alltid folk nok aa sjaa –

»men ingen av deim som eg kjenner;

og anten eg gieng inn eller ut,

d'er ingen som merkar mi sut;

og anten eg søkk eller flyter.

d'er ingen som fyre det syter.

– Einsleg sìt eg og harm

og maa løyna min hug i min barm;

dei andre hava gaman i stova;

eg ynskjer berre eg fekk sova.«

 

At det ikkje er godt for menneskjet aa vera aaleine, hev vorte aalvor no. Men for seint var for seint; han var »attum komen«: alle andre »hev hus og bu«, og »kvar mann i grendi hev fenge si fru; kva heve du?« Ungdoms klokskap stig fram for minne: at han drog seg burt fraa den gjenta han var trulova med, daa ho syntest koma i vegen for framtankane hans [1]); den klokskapen hev set lite klok ut no. Og minnet um ein annan »draum«, som vart berre draum, endaa han var so »blid« og »So væn«, ja »altfor væn«, hev som ei still sorg fylgt han ut gjenom dei lange og alltid meir einslege alderdoms aari.

Men hjelpa seg fekk ei som fyrr: med penn og bok og blad og samtale med kjenningar; dertil var Aasen bonde og visste, at einkannbera det ein maa bera.

»Ganga i mange lange aar

og leita og aldri finna;

grunda til skallen er sjuk og saar

og vaaga og aldri vinna;

stemna i aust og stemna i vest

og stødt verda atter heft og fest,

– ja slikt er vel leidt aa bera;

men endaa det lyt so vera.«

 

Trass motburd, einsemd og alle vanskar: han heldt ut, og heldt godt ut.

– Gjenom skildringar og sogor, som og gjenom attforteljingar av æventyr og segner, hev Aasen gjeve prøvor paa god norsk forteljekunst med. Og ved umsetjingar, ikkje berre fraa gamalnorskt, men likso vel fraa framande bokheimar (etter Shakespeare, Byron, Schiller, Runeberg), viser han, at gjenom eit norskt maal vil heile folket kunna faa godt av a[an]dsarbeidet i alle land og tider. Utruleg godt klara det unge norske skriftmaalet seg her; ein skal ikkje ofte i noko maal finna umsetjingar so gjenom fine og form-klaare som Aasens; fornorskingi av Schillers »Die Glocke« viser kannhenda best kor høgt han her kunde naa.

Kann ein stundom finna stilen i Aasens prosa »literær«, so bør ein hugsa, at baade tidi og striden hans her hev noko av skuldi. Bokmaaletskuldevera bokmaal i hans dagar; og eit skriftmaal medmaatte»fylgja skikken«.

Men i kvædi sine gjorde Aasen seg fri for all boktvang. Fleire av songane fraa »Ervingen« og fraa »Symra« hev daa og vorte folkedikt. Og um han ikkje var »bandsterk« i si dikting, – skalden Aasen vil liva og minnast jamsides granskaren.

 

Note:

[1] Belsheim: »Ivar Aasen«, s. 50 og utetter.

 

Red.merk.:

I originalutgåva er det nytta danske hermeteikn, døme: »Ivar Aasen«. Vi har valt å følgje dette typografiske mønsteret også i nettutgåva.

Frå Arne Garborg, Anders Hovden, Halvdan Koth: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren. Ei minneskrift um livsverket hans. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1913. Digital utgåve 2001 ved Jon Grepstad