Jesus Messias

(Føreord, og eitt kapittel. 1906)

Av Arne Garborg

Fyriord 
Dei hev sin Lagnad, Bøkane med; ein serskild Lagnad hev Bibelen fengi.

I lange Tidir var det dei serskilt upplærde kunnige som aaleine skulde lesa og tyde den Boki. Seinare hev alle kunne lesa ho; men tyde ho skulde dei serskilt upplærde kunnige. Den eine av desse Maatane kann vera um Lag som den andre; baae fører dei til det, at det aalmenne Folke ikkje les i Bibelen.

Eg er ein Mann av det aalmenne Folke og gjorde som det: trudde paa dei kunnige og lét Bibelen liggje. Og daa eg ikkje trudde paa dei kunnige lenger, gav eg upp Bibelen med, og lét ’n endaa meir liggje.

Sidan tenkte eg at dette kannhende var aa gjera vel mykje Ære paa dei kunnige; og eg tok til aa lesa i Bibelen att. Serleg i det nye Testamente.

Men det er vandt aa lesa i den Boki naar ein fysst hev gjengi i Skule hjaa dei kunnige. Eg laut hjelpe til med Pennen: skrive upp det eg las, og Tankane eg fekk av det eg las; og langt um lengi tok det til aa gry for meg; eg fekk Samanheng i det som i Fysstningi ser so raadlaust villt ut for ein kristeleg upplærd: Messias-Sogo.

Her legg eg daa denne Sogo fram som eg no ser ho; kannhende kunde eg paa den Maaten arge ein og annan so vidt upp, at han og tok til aa lesa i Bibelen. Og det kunde han hava godt av. For ein kann segja kva ein vil: me er enno ikkje ferduge med Bibelen.

Bokmeistaren.

XI.

Som Jødane hadde gravlagt Jesus, so hadde Heidningane gravlagt Tankane hans.

I Staden for aa høyre etter kva Jesus sagde hev Verdi no i snart tvo tusund Aar trætta med seg sjølv um kven Jesus var. Og i Staden for Jesu Lære hev me fengi Læra um Jesus.

Men Kyrkja vart til eit Rike av denne Verdi, og sidan til Tenar for Rike av denne Verdi. Vakt held ho no yver Kronur og Herredøme og Eigedomar og Pengeskrin, og hjelper til med aa halde Styr paa dei fatige, som hev vorti arme og svelt, eller slæst med dei rike um Rikdomane deira. Sanne Jesus-Sveinar som ikkje kunde vera med paa slikt Vakthald, men heller fann Grunn til aa segja som Jesus: ”usæle dé rike!” - vart dømde og fordømde jamt og stødt, av Verdi og av Kyrkja aat Verdi.

Men her er Framgangsteikn. Jesus-Sveinane - som enno finst, meir og mindre medvitande, meir og mindre klaarsynte, i Kyrkja og utanfor Kyrkja - dei vert ikkje brende lenger. Og her og der tek Folk til aa høyre paa deim. Sjølve Kyrkja, som med alle sine Trudomsstridir og Villferdir hev berga Grunndragi av Jesuslæra med seg gjenom mange fæle Trollebotnar og Skodderike, synest faa meir Syn for Nasaræaren att etterkvart; ikkje faae Kyrkjelærarar er det i seinare Tid som held seg helst til Jesu Tankar.

Kannhende var det og i Grunnen dette Kyrkja skulde gjera: forvara Skriftine og tukte upp Folki, so dei kom so langt at dei kunde lesa Skriftine, og skyna Jesus, sjaa, at det aa elske sin Næste som seg sjølv, det er den sanne Sjølvkjærleik?

Ser ein ut yvi Verdi no um Dagen, kann ein finne at ho meir enn nokon Gong fyrr er eit Satans Rike. Men ser ein betre etter, vil ein finne Teikn som tyder paa at Satansvelde hev havt si beste Tid. Kven veit? Brodertanken kann enno faa Liv; Jesus kann koma til i Sanning aa stande upp fraa dei daude.

Forordet og siste kapitlet i Arne Garborg: Jesus Messias. Tridje Upplag. Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1906. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad