Kjærleik

(Omsetjing, 1921)

Or det gamal-indiske kvædet Ramajana (Ramalagnaden, Rama-kvædet) av Vâlmîki.
 
 
Umsett av Arne Garborg
 
 
Prins Rama hev ved kvinnesvik vorte landlyst - til Himmalayaskogane -, og ein halvbror hans, prins Barata, fær kongsmagti. Det som tyngjer Rama mest ved dette er, at han vel no lyt skiljast fraa vivet sitt, prinsesse Sita; det avgjerande møte millom deim er det som her er skildra.

RAMA, gjævingen, so til Sita, vivet sitt, tala:
"Far min hev døymt meg; i fjortan aar skal eg lìva i skogen;
fara skal eg i dag, og no lyt avskil eg taka,
lydig mot far sin dom. Men, kjæraste, ver ikkje usæl;
tidi du trøyte med faste og bøn. Og alltid du hugse:
Barata konge er no, og hovding for ætti vaar; honom
alltid daa tekkjast du maa og venleg mot honom vera."
Uppøst, men kjærleiksfull prinsessa mannen sin svar gav:
"Aa, du kjæraste, læ eg lyt, naar eg høyrer din tale.
Kvar etter lagnaden sin fær godt eller vondt det i verdi;
men det som lagnad er for husbonden, herlege hérmann,
det er lagnad for husfrua med. Til utlægd i skogen
er eg daa dømd, eg med. For kona mannen skal fylgje
baade i denne verdi og hi. Naar du daa i ville
skogen gjeng inn, skal eg fram fyre deg gange og ytre
klungrar og buskur og alt, som er deg i vegen. Du kjempe,
skyldnaden min eg veit. No skal og vil eg deg fylgje
inn i den veglause skog millom tigrar, løvur og daadyr;
der daa einast paa deg og hugnaden din vil eg tenkje.
Du som mot alle er god, du visst i skogen meg føder
like so væl som her, det veit eg; og fulltrygg eg difor
med deg gjeng og er glad ved med deg aa gange; det aldri
evlar du faa meg ifraa. Der saman med deg skal eg lìva
godt paa villfrugt og neter; bry skal du ikkje faa av meg.
Fyre deg gjeng eg, og sist fær eg mat; og trygg ved di side
ser eg paa fjell og paa skog og paa sjøar og brusande elvar.
Aa, helt, saman med deg vil eg glad sjaa ender og svanur
leike og lotus-blomarne gro. Aa, storøygde, huglegt
vert det aa fylgjast til sjøarne ut og der seg aa lauge.
Lìvande soleis med deg skal aldri eg usæl meg kjenne,
um so i hundrad aar det varde eller i tusund,
medan eg utan deg ikkje eingong ynskjer meg himlen.
Hjarta mitt fast til deg er bunde, og læt du meg etter
her, er det visst at eg døyr. Aa, her lege Roguætt-gjæving,
høyr meg og tak meg med; til bry skal eg ikkje deg vera".
     Rama var endaa rædd, at ho ynskte det ikkje ho magta;
og han soleis gav svar: "Aa, Sita, kjæraste, høyr meg.
Alltid uhugleg, full av fælske og faarar er skogen;
løvur det burar der og fossar det durar, og fullt av
alt slag mødur der er. Rundt kringum villdyr det leikar;
og naar dei fær eit menneskje sjaa, daa straks ryk dei paa det.
Krokodillar det ligg og lurar i elvarne breide;
knapt elefantar eingong der ut-i og yver seg vaagar.
Veg maa ein brøyte seg jamt gjenom torn og slengvokstrar store;
fælslege fugleskrik læt; full er av uhugnad skogen.
Mang-lìta ormar, store og smaa, kryp allstad ikringum,
og dei i lykkje og bugt seg mangeleis krøkjer og krullar,
so at ein aldri er trygg; full er av uhugnad skogen.
Skorpionar og my, moskito og grashopp deg plaagar
eller deg skræmer kvarhelst du gjeng; full av vanskar er skogen.
Og naar kvile ein treng, paa nedfallne blad lyt ein sova,
eller paa berre marki; full av vanskar er skogen.
Lìva lyt ein av frukt og rot, som bìter og beisk er;
og naar ein inkje finn av frukt eller rot, maa ein svelta.
Bork- eller skinnklædd ein gjeng, med ei hette av haar paa sitt hovud;
meg du snart ikkje att for det langvaksne skjegget vil kjenne;
hudi vert tekkt med saur og dumbe, og inn turkar kroppen
i den solheite lufti; full av vanskar er skogen.
Eg vert til skinn og bein; vil det du like aa sjaa paa?
Men for meg vert det vondt aa sjaa, at vinden og soli
misfargar deg, og at skrinn du vert av svelting og saknad.
Aa, fyrstinne, eg segjer deg: ut eg ikkje vil halde,
at du skal lide so vondt og so endelaust mykje for mi skuld.
Skogen, kjære, ei gruve er av mødur og vanskar;
altfor væl eg det veit; dit bør daa ikkje du med gaa".
     Sita ikkje gav agt paa dette; med sorg i sitt hjarta
og med ein taarestraum ho umtenkt so honom svara:
"Rama, dei skoglivs faarar som no din kjærleik meg skildrar,
glad vil eg vera ved deim; elefantar, løvur og tigrar,
liksom dei andre dyr, i alle leider vil røme,
rædde, naar deg dei fær sjaa. Og eg, du kjære, vil aldri
klara aa lìva forutan deg. Hjaa deg ikkje Indra
sjølv kan valde meg vondt; men naar du raa'r meg aa vera
her, medan du er til skogs, - kóss trur du, eit viv ifraa kjære
mannen sin burte ut kann livet sitt halde? Og dertil:
daa eg var heime hjaa far, meg stjernetydaren spaadde,
at eg kom til ein gong aa lìva i skogen. Eg soleis,
kjæraste, maa til skogs; det kann ikkje annarleis vera;
tidi er komi no, som spaadomen varsla; det trur eg.
Tidt i mi barndoms tid oss gjesta reinhjarta menner;
dei fortalde um skoglivet so, at ofte eg ynskte:
gjev at i skogen eg var! Aa, kjære, av heile mitt hjarta
ynskjer eg dette no: med deg til skogen aa gange;
gudarne signe deg, lat meg faa lov! Aa, sjælsreine husbond,
sjælsreine kjæraste, du er min gud; og naar eg deg alltid
fylgjer i livet her, i det næste òg vert me sæle.
Men um du, trass i mi bøn, læt her meg etter aaleine,
daa maa eg døy, - ved forgift, i elden eller i vatnet."
     Mangeleis bad ho so. Men Rama svar liksom fyrr gav:
henne aa føre i villskogen inn, det ikkje han vaaga.
Ved hennar saare graat daa jordi ho vætte, um Rama
aldri so mykje med kjærlege ord henne trøysta. Og Sita
tala i byrgskap krenkt, men òg i otte og kjærleik:
    "Visste far min vel av, daa deg til verson han gjorde,
at du eit kvende i mannsham var? - um elles, som soli,
herleg du er i din glans, den naturgjevne. Men tru det ikkje
vil deg verte til skam, at du ikkje til skogs tek meg med deg!
Kóss tru du tenkjer, med di den kvinna du etter vil lata,
som deg elskar og einast deg? Aa, ætting av Rogu,
skamlegt er det at du, som eg jomfruvigd er til og alltid
elska og trufast var, no yver meg gjev til ein annan,
til denne Barata, han, som i vegen kom for di kryning.
Men det er visst, at um eg skal faste og vaka, daa det eg
gjerne vil saman med deg; i himmelen eller i skogen;
og gaa ifraa meg daa, det ikkje skulde du gjera.
Naar eg fylgje fær deg, vil torn og spjotgras og alt slag
skogvokstrar vera for foten meg so mjuke som bomull,
og um eg yversaadd vert yver heile kroppen av dumbe,
daa den dumba for meg som chandana-salve vil kjennast.
Og vert eg meire sæl ved i silkesengjer aa kvile
enn ved aa sova paa gras, naar eg veit at du er meg nære?
Lìva saman med deg, det er meg sæle og himmel,
men skal burte fraa deg eg lìva, det helvite vert meg.
Du som kjenner min elsk, den usviklege og den trugne,
berre i lag med meg til skogen skulde du gange.
Tek du meg ikkje med, eg visst ikkje lenge vert verand'
her under uvéns magt; i denne dag eg forgift tek."
Graatande saart i si sorg fast femnde ho Rama, og taarur
strøymde krystalklaare ned fraa augo som naar fraa ein lotus
vatnet strøymer, daa upp han nettupp av dammen er teken.
Storøygde andlitet bleikt som maanen var, og det folna
meir og meir som den lotusblom, naar lenge han turr stend.
Uvita mest ho var, daa Rama henne i famnen
tok og med glade ord og varme til henne tala:
    "Dronning, var usæl du, daa viste eg himmelen fraa meg.
Ingen skapning i verdi rædd er eg meir enn Brahma,
og eg i skogen skal lett mot alle faarar deg verja.
Men daa det uvisst meg var, kva i hjarta du ynskte, eg ikkje
vaaga aa samtykkje i, at med til skogen du fylgde.
No eg veit du er skapt til skogfylgje aat meg, prinsesse,
og ikkje meir med deg enn med sjæli mi daa kann eg skiljast.
Liksom i gamal tid dei vise kongar til skogs gjekk
med sine dronningar, so med deg no dit gjeng eg gjerne.
Gakk daa og fraa deg gjev det du eig av skattar og prydnad
til dine tenestefolk og til fatige elles." Og Sita
hjarteglad gjekk og burt gav alt det av skattar ho aatte.

ytre: fjerne



Frå Norsk Aarbok 1921. Utgjevi ved Torleiv Hannaas. Bergen 1921. Side 44-48. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad