Kunnskap

(Lesestykke, 1880)

Av Arne Garborg
All lærdom og vitenskap gjeng i grunnen ut paa det aaskiljaogsamla: skilja ting fraa ting, samla fleire ting ihop i klassar; skilja klasse fraa klasse, men samla klassarne ihop att, etter som dei stend kvarandre meir elder mindre nære, i større og større og djupare og djuparesamanheng. Det aafinna samanhengeni tilværet kann ein segja er vitenskapens endemaal; men det aaskilja, granska kvar ting og kvar liten del for seg, gjenomgranskaalt det einskilde, - det kann ein segja er vegen.
 
Verdi ikring oss ser for det fyrste augnekastet forunderleg vill og ugreid ut. Det er tusund ting um kvarandre, alt liksom i røre. Der ligg ein stein, der stend ein hest, der gjeng ei elv, der flyg ein fugl. Du stend og stirer paa alt dette og er like klok. Det fyrste du maa læra er aa skilja kvar ting væl utifraa alle dei andre ting, du ser; og det gjer du paa den maaten, at du legg merkje til alt det, som denne tingen erulikdei andre i. Men paa den maaten vert du liksomkjendmed tingen, »lærer tingen aa kjenna«. Du hev fenget tak paa vissekjennemerkje, so at um du ser tingen ein annan gong, so vil du kjenna han att. Du hev med andre ord fenget eifyresyningum tingen; tingen hev skapat eitbilæte i deg sjølv, som du no liksomeig. Men dermed hev du og lært so mykje, at du kann taka til aa »samla«. Det er ikkje berre denneeinetingen, du kann kjenna att, naar du ser han fleire gonger; men ved dei kjennemerki, du hev fenget i deg, kann du og »kjenna att«andreting, som maatteliknadenne eine. Du hev lærteinhest aa kjenna; men raakar du so eit anna dyr, som hev same kjennemerki som denne eine, »kjenner« du det dyret med. Du tek i tanken dette nye dyret - elder rettare denne nye fyresyning - og legg til den fyrste, og soleis held du paa og »samlar« og set i rekkje og rad, til dess du hev eiaalmennfyresyning um einklasse, ikkje berre ei einskild fyresyning um ein einskild ting. Og denne klassen, denne tankebolken, gjev du so eit namn. Du kallar det »hest«. Og fraa no av kann du trygt segja, at dukjennerdet dyret. Du kjenner ikkje berre ein einskild hest, men du kjenner »hesten« i det heile. Du kjennerallehestar. Du kannalltidsegja um det elder det dyret, at det er ein hest elder, at det ikkje er ein hest.
 
Men ved aa sjaa og samanlikna alle desse hestarne hev du og fenget klaarare skilgrein paa, kva det er som er dei rette kjennemerki for ein hest. Det, at du i det heile kannsamlafleire einskilde fyresyningar enn under ei aalmenn (eit »umgrip«, ei »skiljing«), kjem seg av, at du er fødd med denne gaava til aa samanlikna, leggja ihop og draga ifraa (abstrahera), som me kallarvit. Eit dyr kann og kjenna ein einskild hest, fleire einskilde hestar, men kann - etter som dei fleste trur - ikkje samla desse serfyresyningar inn under ei aalmennfyresyning, og difor fær dyret aldri »kunnskap«. Men du hev altso denne gaava til aa samanlikna og abstrahera. Den fyrste hesten, du saag, var kanskje svart. Næste hesten, du ser, kann vera kvit. Du vil daa vera i tvil, um denne kvite er av same slaget som den svarte. Men den tridje hesten, du ser, er brun. Og den fjorde blakk. Men i alleandre tinger desse hestarne like. Saa vaagar du deg daa endeleg til aa draga den slutning, atliten hev ingenting aa segja. Det er hest like godt, kva lit han hev, berre han hev deiandrekjennemerki. Der veit du strakst noko meir um, kva det er, du skal kjenna ein hest paa. Det erikkjepaa liten. Og soleis kann det vera med fleire ting; ein hest kann vera stor, ein annan liten; ein kann hava langt og stridt haar, ein annan stutt og fint; - du lærer aa draga alle slike tilfellige ting ifraa, so du tilslutt berre fær att dei kjennemerki, somallehestar hev tilhopes, - og daa hev du naatt upp til den reine aalmennfyresyning, »umgripet« klassen - elder lat oss segjaslaget; du hev eit stykkje »kunnskap«.
Og paa same maaten ber du deg aat med alle andre ting, som du finn. Du skil dei fyrst ut, samlar dei so i tanken til eit »slag«, og fær paa den maaten dei visse kjennemerki, so du alltid kann kjenna kvar ny ting av same slaget. Du fær fleire og fleire »umgrip«, du »lærer«. Tanken din vert »rikare«, »vidare«, større. Alle desse umgripi er liksom serskilde tankebolkar elder tankerom, kvart med sitt »innhald«. Og di fleire slike tankerom, du fær, di »klokare« er du. Hev du eit slikt »rom« for alle ting, du ser ikring deg, so du alltid veit aa innføra kvar ting paa sitt rette rom elder gjeva kvar ting »sitt rette namn« etter sine visse klaare kjennemerkje, so er duvis.
 
Men naar du fær fleire »umgrip«, so lærer du og aa samanlikna desse seg imillom, for at du kann skilja imillom dei, og for at dei ikkje skal renna ihop. Du veit, kva ein hest er ulik ei ku i, ei ku ein hest i o. s. fr. Men paa den maaten fær du og etterkvart ei meining um, kva deiliknarkvarandre i. Og snart kann du samla fleire slike »slag« ihop til ein større klasse, som hev visse store kjennemerkje tilhopes, endaa dei i mangt er ulike, og som skil segsterktut fraa visse andre ting, du kjenner. Du kann t. d. samla dei ulike slagi »hest«, »ku«, »bjørn«, »katt« o. s. fr. ihop i ein klasse, som du kann kalla »dyr« i motsetning til »plante«, »stein« o. s. b. Di meir du soleis kann samla i storklassar, og di gløggare du samstundes kann skilja millom alle dei serskilde slag, di klokare er du.
 
Soleis ber me oss aat, ikkje berre medting, men og medtilfelle. Du ser ein mann dett i vatnet. Naar han vert dregen upp att, er han livlaus. Du leggmerkjetil dette tilfellet, det er noko nytt og underlegt. Og du vil straks koma til aa meina, at det er vatnet, som hev drepet mannen. Du er fødd med den tanke-grunnlov, at kvar ting skal hava si orsak; og naar du altso ser eit slikt tilfelle, vil du strakst søkja orsaki i det, som ligg nærmast for haand. Ser du det same tilfellet fleire gonger paa same maaten, vil dusamladesse einskilde tilfelli i noko aalment, som me her for det fyrste kann kalla »regel«, og som svarar til den »aalmenne fyresyning« elder »umgripet«, som me fyrr hev havt. Hev du naatt til den, so segjer du, at duveitnoko; duveit, at naar det og det hender, so vil det og det fylgja etter: naar ein mann dett i vatnet, so vil han bliva.
Me fær her mest likso mange aalmenne »reglar«, som me fyrr hadde aalmenne fyresyningar (umgrip), og so kann ein paa same maaten her samla fleire reglar i større sam-reglar, elder grunnsetningar. Aa kjenna til desse er ikkje berre nyttigt, men naudsynlegt; livet krev det til kvar dag og stund.
 
 
•        Alt dette, som me her hev skildrat, gjeng no til det jamne for seg i tanken vaar, utan at me sjølve legg vidare merkje til det. Det gjeng av seg sjølv; me er soleis laga. Me veit ofte ikkje greide paa, korleis me hev komet til aa »vita« desse ting dessmeir, og allerminst gjer me oss greide for, kva me byggjer kunnskapen vaar paa, elder kva grunnar me i det heile hev for oss. Denne »kunnskapen« er difor ikkje kunnskap i sann meining; det er berre som ein praktisk kjennskap, ei uklaar, ugjenomtenkt røynsle, som nok kann hjelpa oss i livet, men som ikkje rett kann uplysa elder frigjera vaar aand, og som helder ikkje hev den rette kunnskapensglede.
Det er vitenskapen, som forklaarar »kjennskapen« til »kunnskap«.
Vitenskapen gjeng same vegen som det naturlege vit: fraa den store, ville natursamanheng gjenom utskiljing og ordning til ein klaarare og meir gjennomlysttankesamanheng; men han gjeng vegen paa ein annanmaate. Det naturlege vit »lærer« utan aa vita av det, utan aa tenkja paa det, og det vert daa deretter, uklaart og paa eit ram; ein veit ikkje sjølv greide paa sin eigen kunnskap; men vitenskapen lærer med fullt og klaart medvit: veit, at hanvillæra, veit, at hanlærer; veit, kvamaatehan lærer paa,reglarne, han gjeng fram etter, oggrunnarne, han byggjer paa; difor veit han og alltid kormykjehan veit, og kann skilja klaart millom det, som han veit, og det, som han ikkje veit, millom det, som han er stød paa, og det, som han berre tenkjer seg til elder trur. Det er dette klaare medvit, denne faste, gjenomtenkte framgangsmaaten og denne gjenomførde kontrol med seg sjølv, som gjer vitenskapen til ei slik aandsfrigjerande magt. Det kann gjerne henda, at det ikkje er so fælande mykje, ein i likefram meining »veit«; men sjølve denmaaten, ein veit det paa, gjev daning og aandsfridom, gjer det, ein hev lært, til sann kunnskap.
 
    Ein kann hava daning paa denne maaten, um han ikkje er lærd, ein kann vera lærd, »boklærd« yver maate, og endaa vera utan daning. Det er godt aa kunnemykje; serleg kann det vera praktisk nyttigt; men for sjølve aandskulturen er vegentil kunnskap likso viktig som kunnskapen sjølv.
Red.merk.:I originalen er det nytta sperra skrift til framhevingar. I denne versjonen har vi nytta kursiv. Hermeteikn og tankestrek er som i originalen.
 
 
 

Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania: Forlagt av Huseby & Co. limit. 1885. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad