Lorelei

(Omsetjing, 1923)

Av Heinrich Heine, omsett av Arne Garborg

Etter segni bur elv- eller nykkjefrua Lorelei i eit høgt og bratt berg med same namnet ved Rin-Elvi. Dette berget ligg soleis til, at um kveldane hev det kunna vera rett fårleg for båtar og småsiglarar i eldre tider; og det fekk då elvfrua skuldi for. Um henne hev mange kvede vore dikta; det mest kjende er det som her kjem:

Eg veit ’kje kvi so det seg lagar,
at eg so sturen meg finn;
ei segn ifrå gamle dagar
vil ikkje ut meg or sinn.
D’er svalt i lufti og kveldar,
og Rini roleg renn;
um berghøgdi kveldglimen eldar:
solefalls glansen brenn.

Der sit den gåtefulle
berg-drosi, ven som ein vår;
det glitrar i pannegullet;
ho greider sitt gullan hår.
Med gullan kamb ho det greider
og syng til; det tonar i;
med undersam draging seg breider
den maktfulle melodi.

Varmt augo hjå siglaren blenkjer
ved syni der uppe seg tér;
han ikkje på berg-rìvi tenkjer,
han berre mot høgdi ser.
Visst i den bårande dynjing
kjem båten og siglaren burt;
og dette hev med si syngjing
drosi Lorelei gjort.