Minnekvæde

(Dikt, 1920)

Av Arne Garborg

Minnast vil eg
ein manndoms mann
raust og rakvaksen:
Olav fraa Rusti,
i kunst ein meister,
i kamp usvikleg,
nerkfull, namngjeten,
heilt nordmann.

Runnen av gamal
norsk rot,
ihuga, annig
ut fór han
dei lange leider
og lærde sin kunst
og vann seg vidsyn
og mykje velsemd.
Hugfast sidan
heimatt han søkte;
mogen mann
vilde med han vera
paa nordmannaverket:
aa nyreise Norig.

Hamn i Haakon
Haakonsons by
tok han og trottugt
og trutt gjekk i veg
med ihuga arbeid
aat eigne folket.
Fint han forma
og bilæt-feste
landet og livet,
som der det leika;
feste det fagert
i linur og fargar
som æve tider
det fram hadde ale;
viste oss det
i livande vokster,
so voni vaar vaknande
vann seg mod
og drøymde som han
um heimen vaar nyreist.

Fødd av folket
og framvaksen av det,
livde sitt liv han
for nordmanna-lyden,
trufast norsk
i tale som tanke.
Heime-maalet
hugen hans aatte;
vâr og vaken
han vyrdsamt det dyrka
det var honom ævugt
vaart adelsbrev.

I hallarne høge
paa Urd-borgi herre
sat han og huset
styrde i lag med
frua og felagen
Frida; og all tid
huset for hugmaal
gjæve var heim
og møtestad mæt
for venerne mange,
som arbeidet fylgde
og ordleiken lett,
den ljose leiken
av livsmod og framvon
med aalvor under
og ovan klaarsyn.

Lagd var leidi
um lang vegen;
sterk og stødlyndt
han framyver styrde,
til sloknande soli
mot natti seig.
Og i sitt arbeid
enno han liver,
vekkjande vokster-
vilje og mod;
minnast skal mannen
og manns verket;
rikt var livet
hans Olav Rusti.

Frå Norsk Aarbok 1920. Utgjevi av Torleiv Hannaas. Bergen 1920. Side 60-63. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad