Minnekvad um Ivar Aasen

(Dikt, 1897)

(Skrive til ein fest i Vestmannalaget)

Av Arne Garborg
Tone: «Yderst mot Norden».
 
Trøytt naar soli ho stig i hav
stridsmann søkjer sitt svæve;
sæl no søv under hovustav
Ivar Aasen hin gjæve.
Minne vil vaka um denne grav
         i all æve.
 
Lang var dagen og vinna vand,
djup var grunnen aa grava;
alt laag nedvelt i aur og sand;
tungt maatte mannen kava,
fyrr han naadde det me og han
         vilde hava.
 
Râmt han rudde i yrde stygt,
reiv baade rot og runnar,
til ein dag han fekk huse bygt
just paa dei gamle grunnar.
Der skal det staa i tiderne trygt
         millom lundar.
 
Der skal symra um veggen gro,
symra og alle blomar;
der gjeng ervingen staut og god,
vyrk baade vinter og somar.
Men um lider i solfalls-ro
         songen ljomar.
 
Song um heimen, daa hugen er fest,
dit den trøytte vil skunda,
heimen, der baane seg hyggjer best,
og der gamling vil blunda,
dit me alle, i aust elder vest,
stødt maa stunda.
 
Heimen er tufta paa godan grunn;
kom lat oss heil han byggja!
Høg skal han lysa i vene lund
fredsæl og trufast tryggja.
At han kan til vaar siste stund
         um oss hyggja.
 
Heimen er tufta ved godan manns
strid gjenom møda og æra;
yver oss enn sviv anden hans. [sic]
ser kva no me vil gjera.
Gjev han all tid fekk glad sitt lands
         gardvord vera!
 

Frå Den 17de Mai 23. februar 1897. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum.