Offer, offer

(Dikt, 1949)

 Av Arne Garborg

 Tone: Jesus, dine djupe vunder, nr. 242.

 

Offer, offer er det store,
Løyndomsdjupe livsens krav.
Offer tonar frelsarordet
Yver dåp og yver grav.
Lov er sett for mann og møy:
Vil du liva, må du døy.
Vil du vinna livsens heppa,
Må du roleg livet sleppa.

 


Frå Nynorsk salmebok for kyrkja, heim og skule. Fjorde upplaget. Med tonar. Oslo: Det Norske Samlaget 1949. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad