Til Ivar Aasen

(Dikt, 1896)

Av Arne Garborg

Huggjæv hovding
eg vyrdsam helsar, -
dyr var dagen,
som deg oss gav.
Smaatt du smaug,
rædd ros, -
størst millom store
du no maa standa.

Korad du karsleg
kongs-tanken,
reiste mætaste
Norigs merket.
Vogge-vigd av vænast
vaarsol fraa Eidsvoll
Haraldstanken hov du
av haug hin gløymde.

Faament var fylkingen,
fast paa foten;
einsam mot alle
du odden baud.
Møtte sjølv med merket
i mødesame strider
traust og trufast
trugnaste guten.

Fint no dei fagre
fylke seg samna,
venda inn paa vegen,
du klaarsynt viste.
Unge, ætter tenkja
aalvors tankar;
høge alt seg hevja
draumar um Hafrsfjord.

So skal daa songen
symrefager
ljoma yver landet
um Den, som leidi lagde.
Ære i all tid
for Ivar Aasen!
- Nyreist Norig
skal nemna deg fyrst.

(Skrive til 80de fødedagen.)

 


Frå Den 17de Mai. Norskt folkeblad. Torsdag 24. september 1896. Nr 112. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad