Ved gravi til mor

(Lesestykke, 1920)

Av Arne Garborg

Her kviler ho mor. ”Den som bliver tro indtil enden skal blive salig.”
Ja, du var tru til enden. Aldri livde du deg sjølv. Du tente i ditt tempel, som var ditt hus, utan knurr og utan krav alle ditt livs dagar. Og sut og saknad var di løn. Og ingen sa deg takk. Men dei som tok di tenesta, gløymde deg; ja, dei som skylde deg livet, gløymde deg. Stundom såg du på oss og undrast; og i stille næter grét du visst tidt. Men du sa ikkje noko, og arbeidde. Men me som gløymde deg, minnest alt no. Og søkjer i einslege stunder gravi og held vår bøn her framfor ditt stille minne.
 

Frå Lesebok for ungdomsskulen ved Lars Eskeland og Severin Eskeland, Kristiania: Olaf Norli 1920. Elektronisk utgåve 1997 ved Jon Grepstad