Georg Grieg

Georg Herman Grieg, vestmann, omsetjar, bokprentar og musikar. Han vart rekna som ein av dei beste språkfolka i Vestmannalaget.

Georg Grieg
Georg Grieg
Grieg var fødd 18. august 1826 i Bergen og døydde 12. juni 1910. I ungdomen studerte han handelslære, seinare musikk i Tyskland. Han var musikklærar og spela også nokre sesongar i 1860-åra klaver i musikkselskapet Harmonien.
 
Grieg kom tidleg med i krinsen av målmenn i Bergen og var aktiv i laget som vart kalla Namnlaus, ein føregjengar for Vestmannalaget. Då Henrik Krohn i 1865 starta bladet Ferdamannen, var det Grieg som hjelpte han med korrekturen. I 1868 var Grieg med og skipa Vestmannalaget, der han vart rekna som ein av dei aller beste språkmennene. Han rettleidde andre vestmenn i praktisk språkbruk og las ei tid korrektur på det meste av det som kom ut på landsmål i Bergen. Johannes Lavik hevdar at dei av vestmennene som nådde djupast målkunne, var Georg Grieg og Edvard G. Johannessen. Torleiv Hannaas omtalar han som ein av dei gløggaste målkjennarar landet har hatt.
 
Grieg omsette fleire bøker til landsmål, som regel anonymt: Martin Luthers litle katekisma (1868), John Bunyans Pilgrimsferd (1868), Evangelium etter Markus (1870), Ivo Prestemne av Bertold Auerbach (1876), Oliver Goldsmiths Presten til Wakefield (1892) og Soga um Gisle Surson (1905). Han omsette òg delar av Synnøve Solbakken, men av ukjende grunnar vart omsetjinga ikkje fullført. I samband med omsetjingane søkte han råd hos Ivar Aasen.

Grieg var ikkje faglærd bokprentar, men dei litterære interessene gjorde at han i 1871 kjøpte eit trykkjeri, det eldste i Bergen og det nest eldste i landet, skipa i 1721 av Peter Povelsen Nørvig. Han overlét det i 1882 til brorsonen John Grieg, som utvikla det vidare. I dag er trykkjeriet det eldste i Noreg, ått av Fagbokforlaget.

Frå Jon Grepstad: "Georg Grieg", Allkunne.no, sist oppdatert 7.2.2017 [lesedato 16.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.
 
Tekstar om Georg Grieg
Henrik Krohn: Til Georg Grieg. Dikt (1867)