Marius Hægstad

Kristofer Marius Hægstad, forleggjar og språkforskar. Han skipa aviser og skule, blei den første professoren i landsmål og laga den første offisielle rettskrivinga for det nye landsmålet.

 
Marius Hægstad
Marius Hægstad
Hægstad var fødd i Borgund på Sunnmøre 15. juli 1850 og døydde 21. november 1927. Etter ei utdanning som han avslutta i Oxford i 1872, var Hægstad styrar ved Namsos Borger- og Almueskole til 1884. Samstundes var han med og styrte Namdals Tidende 1876–77 og Namdalsposten 1877–79, skipa Nordtrønderen i 1883 og redigerte bladet til 1892.
 
Han skipa Namdals folkehøgskule i 1884 og styrte denne skulen til 1892. I dette tidsrommet gav han ut det frilyndte ungdomsbladet Dag i Namsos 1885–90. Hægstad arbeidde deretter i folkeskulen i Steinkjer, til han i 1899 fekk det nyskipa embetet som professor i landsmålet og landsmålets dialektar ved Universitetet i Kristiania. Embetet blei i 1917 omgjort til professorat i nordisk språkvitskap, som han hadde til 1920.
 
På grunnlag av innstillinga frå ei nemnd leidd av Hægstad fastsette Kyrkjedepartementet i 1901 den første offisielle rettskrivinga for landsmål.
Hægstad var stortingsrepresentant for Nord-Trøndelag 1892–94 og 1898–1900 og skreiv som saksordførar den første lova på landsmål i 1894, lov om normaltid.
Hægstad var formann i Det Norske Samlaget 1898–1903 og var 1906–09 den første formannen i Noregs Mållag.
 

Frå Ottar Grepstad : "Marius Hægstad", Allkunne.no, sist oppdatert 19.4.2012 [lesedato 29.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.