Edvard Hoem

Edvard Arnt Hoem, ein av dei mest markante og stilsikre diktarar i Noreg, med stor og allsidig forfattarskap, ofte med politisk bodskap i dikt, dramatikk og romanar. Folketalar, gjendiktar, teatersjef, salmediktar og Bjørnson-biograf. Statsstipendiat frå 2011.

Edvard Hoem
Edvard Hoem

Edvard Hoem er fødd i Fræna i Romsdal 10. mars 1949. Han tok examen artium ved Molde gymnas i 1968. Parallelt med studium i filosofi og litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo var han i 1970–71 reiseskrivar for Noregs Mållag og i 1971–72 konsulent ved Norsk Forfattarsentrum. Med nokre avbrot har han sidan 1968 vore busett i Oslo.

Hoem har sidan 1969 gitt ut nær 40 romanar, skodespel, eigne diktsamlingar, gjendiktingar, dokumentarromanar, samlingar med salmar og balladar og biografiar, og han har òg arbeidd som omsetjar og gjendiktar. Han har gitt ut få diktsamlingar, men heile forfattarskapen er prega av eit openbert poetisk talent, og med sin formsikre nynorsk vert han rekna som ein av dei fremste stilistane i moderne norsk prosadikting. 

Også fleire av romanane er i tema og komposisjon farga av Hoems interesse for teater, og utanom eigne skodespel har han vore mykje nytta som omsetjar og gjendiktar av moderne og klassisk dramatikk. Ikkje minst har han hausta ros for gjendiktingar av mange Shakespeare-stykke. Alt i 1976 var han knytt til Det Norske Teatret, frå 1980 til 1983 som husdiktar og dramaturg. I perioden 1998–2000 var Hoem teatersjef ved Teatret Vårt i Molde, og han har òg vikariert som teaterkritikar i dagspressa. 

Gjennombrotsromanen var Kjærleikens ferjereiser (1974), som òg vart filmatisert. Hans eigen familiebakgrunn og oppvekst på romsdalskysten pregar mange av bøkene, også den kritikarroste bestseljarromanen om foreldra, Mors og fars historie (2005). Medan første del av forfattarskapen ofte hadde ein klar politisk tendens, har Hoem kanskje nådd lengst ut som salmediktar. Sidan 2004 har han gitt ut ein bandsterk biografi om Bjørnstjerne Bjørnson.

Poet, dramatikar og romanforfattar med ideologisk tendens
Hoem er ein engasjert og tidvis patosfylt retorikar og var mykje nytta i motstandskampen mot norsk EU-medlemskap før 1994. Han har forfatta ei rad med prologar og har skrive ulike sogespel og tingingsverk. Han er ein medrivande kulturformidlar, har dikta fleire salmar, og i samarbeid med komponisten Henning Sommero har han gitt ut fleire CD-ar. Den sikre og poetiske formsansen hans har prega dei mektige gjendiktingane av ti av dei mest sentrale dramaa av William Shakespeare. Edvard Hoem var festspeldiktar ved Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda i 2005, og vart utnemnd til statsstipendiat i 2011.

Hoem markerte seg som talentfull dramatikar, glimtvis inspirert av Strindberg og Brecht, først og fremst med Kvinnene langs fjorden (1973), Musikken gjennom Gleng (om Marcus Thrane-rørsla) og Tusen fjordar, tusen fjell (om Ivar Aasen) (begge 1977). I Der storbåra bryt (1979) er handlinga lagd til Romsdalen under napoleonskrigane. Seinare kom fleire lesedrama, pasjonsdrama, ulike sogespel, kyrkjespel og ein operalibretto, Olav Engelbrektsson (1993).

Salmediktar og Bjørnson-biograf
Forfattarskapen omfattar også fagbøker og pamflettar, til dømes Mitt tapre språk (1995), eit kunnskapsrikt forsvarsskrift for nynorsk. Hoem har omsett og gitt ut eigne balladar og salmar, nokre av dei er med i salmeboka av 1997. Kritikar- og lesarsuksessen Mors og fars historie (2005) skildrar korleis lekpredikantfaren hans og mora møttest. Ho var i 1945 kokke på Fåberg pleieheim og skulle ha barn med ein tysk soldat. Også denne boka vart nominert til Nordisk råds litteraturpris og til Kritikarprisen, og fekk Melsom-prisen og Petter Dass-prisen.

I 1989 skreiv Hoem ein biografi om Nordahl Grieg, Til ungdommen. Nordahl Griegs liv, og frå 2004 har han med perspektivrikt grep om historisk kjeldemateriale gitt ut ein bandsterk biografi om eit anna litteraturpolitisk førebilete, Bjørnstjerne Bjørnson.

Edvard Hoem var festspeldiktar på Dei nynorske festspela i 2005.

Frå Sverre Tusvik : "Edvard Hoem", Allkunne.no, sist oppdatert 20.4.2017 [lesedato 26.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.