Syver S. Holland

Fødd i Etne i 1839, utvandra til Walworth County i Wisconsin saman med foreldra sine i 1846.

Han arbeidde som lærar, farmar og handelsmann i Hollandale, Wisconsin. Han døydde i 1884. Songen Korlejdes dæ gjek var godt kjend mellom dei norske utvandrarane i USA og vart sungen til tonen til Ivar Aasens Dei vil alltid klaga og kyta. Songen er elles sterkt påverka av Ivar Aasens Millom bakkar og berg. JG