Dissa daaga

(Bånsull, 1911)

Av Lars Jaastad

Barnesull fraa Nordland

 
Dissa, dissa daaga,
kjerringi venta maagar.
Kjerringi spann
og taarorne rann,
men aldri so kom der maagar fram.

 

Dissa, dissa daaga,
kjerringi venta maagar;
ho venta ifjor,
ho venta i aar,
men aldri so fekk ho maagar.

 

Dissa, dissa daaga,
kjerringi venta maagar.
Den eine var halt,
den andre var skakk,
den tridje var blind,
den fjorde var full av klaae,
den femte var lurvut
og torde kje gaa inn.
Det var daa ei plaaga
med alle desse maagar!

 


Frå Joletre 1911. Utgjeve av Norskt Barneblad, Oslo 1911. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad