Goddag og farvel. Skyssaren

(Forteljing, 1914)

Av Lars Jaastad
 
Kjem ein eit stykke utum stovedøri, treffer ein mange slag folk. Like so visst som det til ei kvar tid er nye andlit, er det nye typer. Meste parten ein ser so snaraste, gløymer ein straks; andre minnest ein lenger. Det bilæte ein fær av aa vera ihop med eit menneskje nokre timar eller ein dag, er vel ikkje mykje sætande alltid; men sume tider fær ein vel nokosonær sant bilæte. Slike folk eg hev treft ein gong, og aldri set meir, hev eg minne um mange av. Ein av desse er den eg her kallarskyssaren.
 
Eg skulde ha skyss innetter ein fjord. Dei synte meg aat ei liti stova der det budde ein som bruka skyssa. Det var ei av desse smaa graa stovorne. [sic]  der var furuskog attmed. Og eit smalt, fint sund.
 
Eg fann mannen i svali. Abel – eller kva namne var – sat og smida paa ein tresko. Han fekk vita kva eg vilde, lova straks at han skulde skyssa meg. Han skulde gjera seg ferdig, byta klæ. Eg fylgde inn i stova. Der laag kona i sengi.
 
«De lever tvoeine her?» «Aa ja,» sa Abel; «her er ikkje fint hjaa meg. Det er slik naar ein lyt gjera det sjølv. Kjeringi hev vore krank i tolv aar.»
 
«Kva er det du seier?» spurde kona.
 
«Aa,» svara Abel; han ropa høgt, for kona høyrde lite. «Eg seier eg lyt gjera det sjølv,» [sic] skal det vera gjort. Eg seier at kjeringi hev vore krank i tolv aar!» Han snudde seg aat meg att, og snakka laagare. «Det var ein veter der var slik klake med bekken. So skulde ho aat nauste etter fisk. Dermed datt ho paa klaken, og skrykte seg ihop, so eg matte bera henne inn. Eg maa baade klæ henne og aaklæ henne; ho vinn ingen ting ho, stakars tinge ... Her er mange prøvelsar.»
 
«Veit De um skulemeisteren paa Sande er heime?» spurde eg.
 
«Skulen – han er vist paa Tveiti.»
 
«Kva du seier?» spurde kona.
 
«Eg seier at Skulen er paa Tveiti!» ropa Abel.
 
«Nei – Skulen er i Podlen,» sa kona.
 
«Er Skulen i Podlen? Det er han slett ikkje! Han Anders skular i Podlen, og dei kan daa vel ikkje beggje vera i Podlen! Det var eit snakk! Kva er detdulegg deg i det etter! Hadde ikkje eg visst det like godt som du um han hadde vore i Podlen!»
 
Abel var leid paa henne.
 
«Du maa ta ei anna trøya,» sa ho.
 
«Det gjer eg daa vel um ikkje du seier det!»
 
Han var etter ei dyffelstrøya; ho hadde nok lenge vore nytrøya.
 
«Tek du kje halsklut? Du reiser vel ikkje til Sande utan halsklut?»
 
Abel batt ein rosut halsklut pa seg.
 
Kona laag og saag paa han, um han klædde seg so han skamlaust kunde koma millom folk. Paa resten sa ho ikkje meir; han var nok som ho vilde han skulde vera. Katten sat attmed sengi, skulde vera lag aat kona med Abel var inni fjorden.
 
– Me rodde.
 
Furuskogen gøymde stova med sunde. Vidare fjordar opna seg. Abel fortalde kva gardane heitte. Han rodde seg varm, so han laut leggja halskluten av. Og no han kom her paa den smilande fjorden nedunder velstands gardar, livna han til. Han fortalde um folk han hadde skyssa: Ein postmann som fór og lurde etter postopnarane um dei hadde orden paa sakerne sine. Abel hadde maatta lova aa tegja med kva kar han skyssa. Dei vilde lura det av han. Men han haddelovtaa tegja ... Um mange andre fortalde han. Han hadde vore i lag med mykje gildt folk.
 
Og han hadde ikkje alltid sete i stova attmed sunde med ho som krank var. Sjømann var det han hadde vore Han hadde vore i Middelhave etter frukt; til Danmark etter korn. Det var anna til korn i dei dagar. Det som no gjekk i handelen for bygg, kalla dei hønsabygg fyrr. Han hadde vore i Arkangel og etter korn. Der mælte dei ikkje paa tynna, men paa skjettvat.
 
Han fortalde kor dei hadde siglt.
 
«Hunn tuta meg sprøytte det ikkje kvitt!»
 
Det var som han ikkje retteleg kunde reknast aa høyra til i stova med sunde lenger. Han fortalde seg lenger og lenger burt ifraa dette som no var.
 
Daa me kom til Sande, var det nett høveleg tid aa treffa skulemeistaren; ungarne hadde frikvartal, som Abel sa.
 
Me skildest.
 
Abel rodde tilbake aat hennne [sic] som laag krank i sunde, og tok vel til att med den halvferdige treskoen.
 

Frå For Bygd og By. Nr. 3. Sundag 8. februar 1914. Side 39. Elektronisk utgåve 2006 ved Jon Grepstad