Job

(Dikt, 1918)

Av Lars Jaastad

JOB:
Forbanna vere nattetimen
og fare ned i ævleg grav. [sic]
daa kvikning kom i denne kimen
som live mitt er runne av.

Til avgrunns gaa den dag dei melde,
at atter no ein liten gut
var vekt til live av Guds velde
til all den fyrelagde sut.

Kva nytta var der av den møda
at der var kne som tok imot,
at der var brjost som hadde føda
til styrke aat min arm og fot?

Fraa æva Gud la mine vegar
og gjerde meg med gjerde inn.
Han stakar leid og aldri tregar
men dyljer alltid grunnen sin.

ELIFAS:
Tenk betre etter fyrr du dømer
og segjer Gud hev gale gjort.
Han dømer syndi, og det sømer
ein mann som deg aa tegja fort.

Han brenner - for aa fri or elden,
so maa han aga sine born,
so dei den siste jordlivs kvelden
kan haustast inn som moge korn.

JOB:
Du set deg upp paa domartinden
og dømer meg for ord og skrik.
Eit skrik paa jordi er som vinden
for han som aare dag er lik.

No kjøte mitt er klædt med ormar,
og hudi mi er brend til saar,
kvar natt er rædsel, straks eg dormar
eg vaknar til dei same kòr.

Kva er eg for ein vondskaps rise,
at Gud meg gjerder med slik vakt.
Kvi vil han ha det brent og vise
det verk han forma i si magt?

Kva er ein mann, at Gud han agtar,
so stort at han kvar stund og tid
med augne-elden sin han vaktar
og sjølv gaar motar han i strid?

BILDAD:
Kor lenge skal ditt faavit rasa?
Naar dine søner elska synd,
so maatte stormen vel dei knasa,
so dei fekk age for Guds mynd!

Han aldri sine straffer sende
imot ein god og saklaus mann.
Den gode leid; men jamt han kjende
det var han sendt fraa kjærleg hand!

JOB:
Han la i æva mine vegar
og batt meg her i livsens band;
han allting veit og aldri tregar;
men daa han skapte, tenkte han:

«Den skapnad skal eg sidan pina,
med liding mæla full hans skaal;
han skal gaa mødd si vegalina,
for tusund piler skjotarmaal!»

Kvi gav 'kje han meg heller gleda,
som magta det med allmagt-hand;
daa kunde eg ein lovsong kveda,
fyrr eg fer ned i skuggeland.

ZOFAR:
Gud skodar mannen inn i hugen,
dersom du hadde rettferd gjort
og gjenge lydingsvegen trugen
ha ha' deg leidt ein annan portt! [sic]

JOB:
Mi sak for Gud eg torer bera;
gjev mine vener tagde no!
Seg meg den ting: Skal Gud me æra,
naar det er tvil um han er god?

Treng saki hans med kunstar førast,
hans sak mot vesal molda-makk?
Skal alt han gjerer aldri rørast
av tunga utan skreppar-snakk?

Dei liggja øyde mine planar,
mein heile hjarteeigedom!
Han tok det alt; men de meg manar,
at endaa skal eg gje han róm!

BILDAD:
Den falske jamt som du skal enda.
Han kunde tru seg rik og sæl;
men det skal um til naud seg venda;
den lagnad fær kvar syndetræl!

JOB:
Eg er hans veidn; han ned meg kasta,
han tok mi live-gleda vekk.
Kvar som hev hug, fekk rett aa lasta
mitt liv so det vert flekk i flekk.

Men skriv i steinen inn mi soga,
med jarnhard griffel rit det inn:
Det gode var mi fyreloga,
og enn vart Gud uvenen min!

Den mann som let sin næste bløda
han fekk ei løn av anna slag,
han fekk si lada full av grøda,
og livde herleg kvar den dag.

Den mannen som let trælen sveitta
og siga mødd av svipeslag,
han støtt gjekk fram og vart kje neitta
aa halda ut sitt synde-jag.

Eg skoda den som røva make
fraa annan mann, og tok hans fé,
det kom kje yver han tilbake,
han døydde heil og sæl med fred.

Ja, dei som drep og dei som horar
og dei som enkje-eiga stel,
med ærefylgji fer til jordar,
- vis at eg lyg, og eg vert sæl!

*

Daa tala Herren utor stormen;
For stuttsynt er eit mannaskyn,
for kort eit liv hev jordlivsormen
mot han som kjem i toredyn!

Men betre likar eg den mannen
som uppreist i si trumaal gjer
enn han som etter gamlevanen
ei lettkjøpt skrepping aat meg ber.

Han som ber fram si hjartekvida
til sine ord hev betre rett
enn den som utan ærleg strida
fann ros paa allmannvegen lett.
 

Frå Jol 1918. For Bygd og By's jolehefte. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1918. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad