Reven og kraakorne

(Lesestykke, 1911)

Av Lars Jaastad

Frå Nordland

    Det var ein gong ein rev som laag i solbakken og lest som han sov. So kom det tvo kraakor og sette seg attmed.
    "Feit um auga, feit um auga!" sa den eine kraaka og vilde burt til og pikka seg ein bite attmed auga.
    "Pikk han bak, pikk han bak!" sa den andre.
    Men den fyrste kraaka vilde inkje lyda etter det, ho flaug burt aat reven og vilde pikka attmed auga. Daa gapte reven upp og tok henne.
    "Sat eg inkje og sa det! Sat eg inkje og sa det!" sa den andre.


Frå Joletre 1911. Utgjeve av Norskt Barneblad, Oslo 1911. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad