17. mai 1866

(Dikt, 1866)

Av Chr. Janson

Noreg er Guten pa femtan Aar,
uvyrden, kaat og spretten,
strid i Hugen og strid i Haar
og strid at halda paa Retten;
sputtar i Vest og hotar i Aust,
ser pa Kroppen sin, breid og traust:
"kome no Presten og Futen,
for her er eg sjølv," segjer Guten.

Noreg er Guten, som lætst vera Karl,
braskar med stora Ordet,
kyter stødt av sin gamle Fa'r,
og slær med Neven i Bordet;
men verd dat Aalvor med Landsens Sak
og gjeld dat at freista i Ryggjartak,
daa bit han seg nok i Truten,
"ja bid no daa!" segjer Guten.

Noreg er Guten som endaa triv
si danska Stykmo'r i Stakken,
ottast fyr' Lugg, og les og skriv
nett som paa Skulekrakken;
og vaagar du segja, stutt og beint:
"kleis no inkje, rød Norsk og reint!" -
"Eg hever lært av Juten,
og daa er dat rett," segjer Guten.

Noreg er Guten, vaar eigen Gut
med friska Hovud og Hjarta,
med von, som kjøver kvar ottfull Sut,
som lær aat Tiderna svarta;
reinskar han Tunga og verd han Karl,
so vil han likjast gamle Fa'r,
daa hev' han Eignaluten,
daa fyrst er han norske Guten.


Frå Ferdamannen. Eit Vikoblad aat Aalmugen. No. 27 og 28. Torsdagen dan 17de Mai 1866.Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad