Ei nonnevigsle i Rom

(Forteljing, 1893)

Av Kristofer Janson

Det er i kyrkja Ges ú Bambino.
 
 
Der kjem kardinalen i si raude kaape og raude kollhuve. Han bøygjer kne fyr altaret paa ei raudt høgjend, som ligg framfyre eit raudt knefall. Han ser ut som ein snild gamal tutling, denne kardinalen; men vyrdnad hev han ikkje med seg. No tek klokkurne til aa ringja; orga spelar, og inn kjem den unge gjenta, som livande vil grava seg ned.
 
 
Korleis ser ho ut? Andlitet er som hogget i stein, bleikt, kaldt. Det er eit ægte romar-andlit: runde, brunleitte kinner, svarte augo og kolende svart haar. Ho ser mest ut til aa vera 30 aar, og ho skal ikkje vera meir en 22. Kva skal orsaki vera til, at ho soleis vil kasta seg burt? Er ho fatig og einsleg? er ho ulukkeleg? −Ho skal vera rik, segjer dei, hava det godt i alle maatar. Ho hev havt mange tilbod fraa mæte folk: men nei, ho vil vera nonne. Det hev ho ynskt, fraa ho var liti. Er det ikkje underlegt? Foreldri liver ikkje lenger, so ho kann raada seg sjølv. Ho er klædd som brud i kvit silkekjole med brudeslør og hovudlad med dyrlege steinar i. Paa bringa og kring armarne hev ho kjedur og ringar av gull. Ho bøygjer fyrst kne framfyre eit altar og bed stilt; so gjeng ho gjenom knefallet og inn i altarringen og set seg ned i ein ryggstol, som er sett framfyre henne. Attmed henne sit principessa Torlonia, ei fornæm, fin dame i skraavande silkekjole med langt drags. Paa eit lite bord attmed altaret ligg nonneklædi hennar, den svarte kjolen og det kvite linet, krossen, rosekransen og so −ei vaksdokke med stort, gult, krullat haar, nettupp slike lindeborn, som dei sel i buderne hjaa oss til barneleikur.
 
 
Kardinalen stend framfyre altarbordet, og beint imot den unge vækja sit der ein prest, som no held ein tale til henne fraa stolen sin. Han greider ut, kor lukkeleg ho er, som hev kaarat til brudgom ikkje nokon mann, men Jesus Kristus. So spør kardinalen ho, um ho vil elska denne sin brudgom til sin døyandedag, og ho svarar daa, at det vil ho. Maaet hennar er kvast og kvelt; det er, som skulde ho remsa upp leksa fyr skulemeisteren. Det bliktar ikkje ei sen i audlitet; det syner seg ikkje ei taare i augat. No skrid ho fram til kardinalen og legg seg attmed honom paa ei fotskor. So kjem tvo nonnur til. Dei tek floret og hovudladet av og løyser upp haaret. Snart skal det falla fyr skjera, dette rike haaret, som no smaatt um senn rullar nedetter akslerne.
Kardinalen hev alt skjera i handi. Han tek ein liten lokk og klipper av, og so tek ho lokken og kastar han langt ifraa seg. Dette er teiknet fyr nonnurne aa gjera sitt herverk, og der sig flette paa flette, denne fagraste prydnaden, kvinna eig. Det fór som ein styng igjenom meg, daa eg høyrde ljoden av skjera, som gjekk, og det vart braadt so stilt i den vesle kyrkja. Alle kjende paa seg, at det var noko underlegt, som vart gjort her, og at det galdt meir en ein haartufs.
 
 
Der stod eine nonna med alle fletturne i handi og lagde dei fraa seg paa borddisken, som kor-guten heldt. No gav dei henne ei tett, rund hette av lereft istadenfyre. So tok dei gullringarne og kjedurne og all den andre stasen og lagde attmed haaret; sistpaa drog dei og av henne silkekjolen, og ho laag daa i ein grov, blaaleg kyrtel, som sat tett ikring kroppen utan so mykje som ein kvit krage i halsen ein gong. So reis ho upp, treiv silkekjolen, ballad han ihop og slengde han langt burt med dei ord: »so segjer eg deg ifraa meg, du verdi!« Det var skakande, dette.
 
 
No stod ho liksom paa dørstokken til den nye heimen sin. Dei tenande systrarne klædde ho i nonnekjolen, batt det kvite, store linet paa hovudet hennar og hengde det svarte floret ikring. Kardinalen tok rosekransen og krossen og gav henne, eit fyr eit, og sagde nokre ord kvar gong. No trudde eg, ho var ferdig; men nei, der tek kardinalen vaksdokka og legg i armarne hennar. Kva slag? Ei nonne med eit barn? Men so fekk eg høyra av kardinalen, at denne dokka skulde vera rette brudgomen hennar, det litle Jesusbarnet, som ho stendigt skulde elska. Katolikarne kann ikkje tenkja ein tanke, mindre dei skal gjeva tanken liksom kjøt og blod i eit bilæte. Den nyvigde heldt daa ein liten tale til dette vaksbarnet, som skulde vera brudgomen hennar. Det var same iskalde maalet; ikkje eit ord dirrad. Etter dette sette kardinalen ei liti krune av sylv paa hovudet hennar, og no var ho Jesu brud.Ho lagde seg paa kne og bad, og no song dei fraa orga velsigning yver henne. So reis ho upp, gjekk inn i klostersvali, der alle nonnurne sat, og tok kring dei ei fyr ei. So kom ho ut att og lagde seg paa kne i døri i den nye klædnaden sin med eit brennande vaksljos i kvar hand, og daa so songen tagnad, let døri saa att etter henne; ho var fangad, ho var livande jordad.
 
 
 

Frå Utvalde lesestykke i bygdemaal og landsmaal. Lesebok fyr høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortensen. Bergen: Utgjevi av Mons Litleré 1893. Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad