Etter bjørnen

(Lesestykke, 1879)

Av Kristofer Janson

 

      Det var fælt til styr, som var vordet paa skrivargarden. Der flaug Mari kokka ut og inn med ved og vatn, so raud og truti i andlitet som ein ilsk kalkunshane. Ho skulde no fyrst koka grauten til folket, og so skulde ho i same blinken steikja rjomekakor til denne gapaferdi i dag, og so skulde ho fara etter byrsor og haglpungar, skinnreimar og taskor, spikjekjøt og røykjelaks paa fljugande flekken. For no var det komet bod ifraa sætri, at bjørnen hadde voret med aatet baade der og burt med grannesætri. Og bjørnen skulde ned no, han hadde skamraskat tvo kyr til lensmannen og etet snupt upp ein heil saud or skrivarbuskapen.
 

      Men der stod denne Sjur i vegen med dei lange beinom sine, kvar ho snudde seg, og hadde stadet der innpaa ein time og berre slengt spitord etter henne. Han skulde no reka med alle stader og, denne kaute fanten, som skaut kryl paa ryggen og sette huva paa sneid, berre fyre di han aatte nokre hundrad meir en dei andre. Mari skjelte baade honom og skrivarfrua og alle i hop. Kona maatte daa skyna det, at ho var i eit kristnat land, og at dei kunde faa mat paa ei sæter og, so dei ikkje turvte steikja og brasa verre, en dei skulde vera burte eit heilt aar. Men den vesle, turre frua gjekk og tumsad kring som ei mus i ei fella, drog fram sokkar og buksor, og hadde ned i skreppa, for det kunde vel koma regn, og dei kunde vel verda vaate paa fotom, og det kunde vel verda kaldt til natti, og eg veit ikkje alt, som det kunde vel. Det var reint umogelegt at stogga henne, endaa skrivaren spaadde visst, at veret vilde halda seg minst ei vika med sol og stilla. Men ho stuvade og stuvade nedi alt ho fekk millom henderna, og snudde seg alt i eitt burt mot sonen sin, bad honom endelege vera var um seg og ikkje vaaga seg for myket, for bjørnen var stygg aa koma i kast med; endaa det, at sonen var ein lang lufs med digert skjegg og kaptein fyre seks aar sidan. Kapteinen svarade ikkje, berre log aat moer si, for han kjende so vel, korleides ho hadde det; men han hadde det dess meir annsamt med aa blenkja rifla si og fylla kruthornet og kulepungen. Sidstpaa kom han gangande i storstyvlom sine og med rifta paa ryggen gjenom kjøkenet. Der stod Sjur studd uppimot bordet og geispad.
      "God morgon, kaftein! Bjørnen fær nog eta lenge i fred, fyrr me koma upp, no det tek til at myrkna so snøgt".
 
      "Meiner du det, Sjur? Aa, naar me strekkja paa beini, naa me nog sætri klokka 5, og fyrr kjem han vel ikkje. Berre denne Mari vilde skunda seg litetvetta".
      "Det er ikkje godt for ei menneskja aa vera baade sunnanvind og nordanvind i ein gong", tok Mari i og vende sidste kaka, so ho klass paa panna. "Og eg tenkjer no og det, at det kann vera slikt slag fyre bjørnen, anten han Sjur kjem der elder ei. Ein skyt ikkje bjørn berre med kytord, og annat krut heve visst ikkje han aa leggja i byrsa -", - og dermed foor Mari ut med den glodheite panna, men kapteinen log og vende seg til Sjur.

      "Er det sant Sjur? Ja skyt du i mist, so". Og dermed trugade han med fingren og gjekk inn i stova.

      Sjur stod reint still, berre riste paa hovudet. "For eit ilsketroll, du!" sa' han og klo seg bak øyrat.

      Det vardt nonsbil, fyrr me vardt sovidt ferduge, at me kunde koma stad. Men so gjekk det og i veg, og det til gagns; fyrst var det daa kapteinen og eit par karar fraa skrivarkontoret, so Sjur med ei gomol, rustad rifta, so eg, og til slut ein stakkars, liten husmansgut, som frua hadde stelt til med koppar og meisar og plagg, so ein ikkje kunde sjaa meir af guten en hovudet og beini, som stakk fram liksom utor ei tunna. Sjur sveitte, so det rann dropar nedetter kjakarne hans, og vesle guten der attanfyre bles og stunde som ein gamall, utkøyrd øyk. Men frametter bar det yver stokk og stein. Kapteinen stod fyre marsen, og me luto fylgja. Sjur gjekk reint uppgjæv. Fyrst tok han til aa harma seg ut yver soli, som nett no skulde steikja so; men daa soli ikkje vilde høyra paa det øyrat, berre log endaa meir gul og varm radt i syni paa Sjur, so hakade han seg fast i kapteinen.

      "Det er ikkje bra aa vera sa utmasad, naar ein kjem fram, hr. kaftein!" sa' han, "og me hava dagen fyre oss".

      Kapteinen berre vende seg halvt ikring og kastade i honom dei same ordi, han nyst hadde sagt i kjøkenet: "Bjørnen fær nog eta lenge, fyrr me koma upp", - og dermed bar det stad likaso snøgt som fyrr; - Sjur murrad nokot um vitløysingar, og at aldri skulde han vera med tidare, men fram maatte han.

      Den einaste, som saag ut til aa lika seg vel, var Unkas, nye hunden til kapteinen, som han hadde fenget fraa Engelland. Han var myrkebrun av lit og hadde stridt, krullat haar, som stod lik ulldottar kring honom. Han sprang burt etter vegen, rullade seg i kvar vatsdam med tunga langt utigjenom halsen, sprang so upp aa kapteinen med baade labbom, dillade med rova og riste seg, so govet stod av honom.
 
      Sidstpaa naadde me daa skogen, og her skulde me skiljast. Ein veg bar uppetter til lensmanssætri, og der skulde kapteinen og hans folk ganga; ein annan bar uppetter til skrivarsætri, og dit upp skulde Sjur, vesle guten og eg. Me sette i med eit skrellande hurra, og ljoden gjekk gjenom all skogen, so myket bjørnen kunde faa vita um, at no kom gutarne med krut og med kulor.

      Snaudt nog var sidste glytten av kapteinen burte millom treom, fyrr Sjur stod radt still, slengde byrsa i marki, drog ein stor klut upp or luma, og gav seg til aa turka skallen sin. "Det er daa fulla litetvetta vit i deg, som mindre er", sagde han med meg og kom burt aat. "Det er ikkje meining i aa fara som ein gap uppetter fjellet helder".

      "Aa nei, eg tykkjer mest det same", svarad eg, "no kann me kvila her i skuggen solenge". Og dermed slengde eg meg ned under ei gran, som bøygde dei lange naaleraderna ned imot meg liksom tjukke faks. Sjur blidkadest nokot. "Ja, du heve no ikkje godt av aa fara so i veg, du som er so fint skapad", sagde han og sette seg attmed meg. "Men det var ein fin butel den", lagde han attaat og tok burti korgflaska mi, "kvat heve du paa honom?"

      "Smaka, so kjenner du det vel", svarade eg og løyste flaska.

      "Aa, du skal ikkje kosta deg", sagde Sjur og letst vera bljug, "men eg segjer takk". So tok han ein slurk. "Det var fine saker det", lagde han til og smattade.

      "Heve du tidt skotet bjørn du Sjur?" spurde eg, lagde meg bak med henderna uppunder hovudet og stirde uppimillom greinom.

      "Eg? jau det skulde eg meina - - ja s k o t e t honom heve eg no ikkje so rett helder, men s e t honom heve eg meir en ein gong. Eg kjenner bjørnen, som var det faer min, eg; eg kunde no og have skotet honom meir en ein gong, hadde eg berre viljat. Men eg heve latet honom ganga, stakkars kroken". Sjur drog knei uppunder seg og slo armarne kring. "Du heve vel høyrt gjetet faer min, veit eg?" sagde han etter eit bil. Eg maatte standa til, at eg ikkje det hadde. "Ikkje det", tok Sjur uppatter og nikkade naadigt med hovudet, "for det var kar, som kunde skjota bjørn det. Og farfaer min - hei! vil du ganga sjaa berre etter paa stabbudi du - sjau skallar segjer eg - for det ligg no til ætti, maa du vita". Og Sjur gjorde eit kast med hovudet og sputtade millom tennom.

      "Ja men eg tenkjer, det er best, me letta paa oss", sagde eg og reis upp.
      "Aa, me kunde gjerna sit ja ei stund endaa", murrade Sjur, "bjørnen kjem ikkje, fyrr det verd dimt, kor som er".

      Eg var alt paa vegen, so laut Sjur fylgja, og sidstpaa kom daa husmansguten.
      Kor stilt her var i skogen! Den steikjande soli kunde ikkje vinna seg fram, men glatt aa sida paa alle greinerna. Ho berre fekk sovidt smjuga seg gjenom her og kvar og kastade daa berre ein gulldrys burtetter mosen. Elles seig ein svalande skugge kring alle lemerne, so det var so lett aa ganga og so lett aa anda herinne. Det annsame livet paa marki, bønderne millom kornet, skrelling og rop av ungarne, som tullade seg i kring med den gøyande hunden, den pustande øyken med det tunge lasset, den dumbutte postvegen med ramlande kjerror, hus med varme paa gruva og røyk or pipa, - alt var som kvorvet burt og atter stod den linne kviskringi millom lauvet og ein liten bljug blome, som lutte seg burtimot fureroti. Og skoggrunnen var so mjuk, og foten gjekk so stilt, og drøymande tankar seig nedpaa ein, borne av kvar leikande vindgufs, smatt atter burt, gøymde seg millom greinerna og drog etter seg augo upp, alltid lengre upp, til dei møtte den skire himmelen, som gjekk lik ei blaa, klaar elv millom tretoppom. Ender og daa kvitrade ein liten fugl og spratt eit litet ikorn; men elles var det so kyrt, at ein kunde høyra kvar turr kvist, som datt ned. Stundom kvakk ein upp av ei flagsing i buskom, og handi treiv etter byrsa, men so var det berre ei rjupa, som var flogi, lenge fyrr byrsa kom ned fraa oksli.

      Sjur hadde smaatt um senn saktat paa seg, stundom stod han reint still. Det var, som han vilde hala ut tidi so myket som mogelegt. Me var komne til skogsbruni og kunde skilja skrivarsætri der langt uppe.
      "Ja du veit ikkje, for eit faarlegt ska'beist bjørnen er", tok han i, "du heve ventelege aldri set bonom". Nei eg hadde daa ikkje det. "Aa nei, aa nei! og so vaagar du deg ut lel? Ja han er so diger og vill, at det gneistar utor augo hans, og pusten stend som ei kvit skodd utigjenom holamotet. Og so gjeng han beint paa og krasar under labbarne og knasar under tennerna alt han finn folk, fe, gutar, gjentor. Men - eg er lika sæl, vil du ganga heim, so skal eg fylgja deg, at du ikkje skal taka i mist av vegen".

      "Aa nei, eg lyt nog freista, kor som er", svarade eg og smaalog, for eg skynade so vel, korleides det var voret med Sjur.

      "Ja det er ikkje so greidt fyre honom, som heve try liv paa samvitet", sagde Sjur, "og det verd no eg, som fær skuldi, um de tvo skulde koma til nokot".

      "Eg trur ikkje, det er so faarlegt med det, Sjur", svarade eg, "slik kar, som du, er vel god fyre aa berga baade tvo og tri, um galet skulde henda".

      "Aaja, det forstend seg", sagde Sjur og stakk naserna i vedret, men han drog seg ikkje vidare moten uppetter fjellet. Ei stund etter kom han upp til meg. "Her skal vera myket med trollbjørn her", sagde han.

      "Det var gildt, - aa syn meg honom endeleg, naar han kjem", svarade eg. Eg høyrde nokre ord um gapne ungdomar; men no tagde han seg.

      Paa sætervollen stod Kisti med det raude, friske andlitet sitt og blomutte fyreklæde. Ho saag ut i den klaare lufti, som alt tok til aa gidra med raudt skin, og sette ender og daa i med ein lokk. Og der kom ku etter ku med ringlande bjølla, rautande, daa dei saag Kisti straa salt paa steinen. Dotter hennar, vesle Anne, kom drivande med byttor og koppar paa vollen.

      "Nei er det ikkje framand-karar og daa", ropade Kisti, daa ho fekk timdi utav oss. "Gudskjelov her kom folk ein gong. Me hava voret so reint vitskræmde af den stygge bjørnen. De skal verda verande her eit bil, veit eg? No maa de ganga inn". Og dermed skauv ho oss lint inn gjenom dyrri. Eg tok strakst til aa spyrja etter bjørnen. "Bjørnen, ja han heve ikkje synt seg, sidan me sende bod; men i morgon var, daa kunde du vel have tent deg skotpengar daa. Og deruppe ser du aatet. Er de no hæve skyttarar, so kann ein standa her og skjota utigjenom gluggen, og ein leggja seg attanfyre den store steinen deruppe, so er det ikkje mogelegt, at bjørnen kann sleppa burt, naar han fyrst er paa aatet komen. Men de skal vel hava nokot til aa liva av, veit eg?"

      Daa husmansguten høyrde dei sidste ordi, klaarnade andlitet hans, men det surnade snart atter, daa eg svarade: "aa nei, Kisti, me kunna drygja med det solenge. Kapteinen og sumt skrivarfolket er burt paa grannesætri, og dei sagde, dei vilde koma hitaat, naar det leid paa litet".

      "Men nokot mjølk kann du daa drikka, veit eg? so skal eg setja paa til ein rjomegraut, um de so vil - ja". Eg takkade, slengde taska fraa meg og fekk byrsa ned fraa oksli. Sjur stod endaa midt paa golvet og studde seg til byrsa si.

      "Ja du fær vel leggja deg ut med steinen, du Sjur, liksogodt fyrst som sidst", sagde eg og glytte burt paa honom. "Ein kann ikkje vita, um styggen kunde koma lel, og det er best aa vera reide".

      "Skal eg ut med steinen?" spurde Sjur med eit andlit, som sagde, at detta var det urimelegaste, nokon mann kunde hitta paa, "Du er daa ikkje galen, veit eg? Kvat trur du, moer di vilde segja, um eg gjekk ifraa deg her?"

      "Ho vilde segja takk, tenkjer eg, fyredi du let sonen hennar faa det tryggaste; men er du rædd so - -"

      "Rædd?" ropade Sjur, skaut upp akslerna, lagde hovudet paa skakke og grein, "eg rædd? Vara føterne dine, sa' sporven, skulde dansa med merri". Dermed sputtade han, gjekk so med byrsa utigjenom dyrri. - Eg kunde ikkje annat en lægja, daa han vel var utkomen, og eg saag, at Kisti stod og knisade burt med gruva.

      "Du kann tru, han var snodig uppetter i dag", sagde eg til Kisti. "Han var so rædd so - -"
      "Han, ja han er den laakaste kar i heile bygdi; men korleides kom han seg med?"
      "Jau, kapteinen bodsende honom, og so torde han ikkje draga seg undan".
      Eg stod og saag utigjenom gluggen etter bjørn, og rødde ender og daa med Kisti, som dreiv ut og inn. Det vardt dimmare og dimmare, men endaa ingen bjørn. Best som eg daa stod og kastade eit ord burttil Kisti, høyrde eg eit smellande skot. Me kvakk upp baade tvau, og inn dreiv Sjur med huva langt uppfyre skallen, naserna i vedret og underlippa langt fram. "No kann du kalla nokon rædd ein annan gong, du gyplingen", sagde Sjur og slo kaut ut med handi, "derute ligg bjørnen, og det so daud som ei sild".

      "Kvat slag?" ropade baade Kisti og eg i ein gong, "og det var du, som skaut?"
      "Ja var det du, kannhenda? Eg skulde meina, det var eg, som skaut. Han kom imot meg so vill, og augo hans lyste som ei eldmyrja; men eg rikkade meg ikkje or flekken, berre skaut honom radt i syni, og daud var han".

      Sjur var snaudt nog ferdug med talet sitt, fyrr ein riv upp sæterdyrri, og inn spring kapteinen so uppøst, at han snaudt kunde mæla, og folket hans etter honom. "Kven var det, som skaut?" skreik han, "var det du? var det du?"

      "Det var eg, som skaut, faer", sagde Sjur lognt", viss um, at han var gildaste karen i baaten lel.

      Kapteinen stod reint som fjetrad. "Heve du høyrt paa maken!" ropade han, "finst det daa ein større tosk paa den grøne jord en du er, Sjur. Gakk no ut og sjaa verket ditt! Eg kunde hava hug til aa jula deg, so du skulde sansa ein annan gong."

      Sjur stod og stirde paa honom. "Er mannen fraa seg?", sagde han berre; men han var litet mjukare i maalet no. Me foor alle ut og upp aat aatet. Der laag Unkas, den store, fine, brune hunden til kapteinen, stinn og kald, med føterne strakte fram fyre seg.

      "Ser du no?" sagde kapteinen, og i maalet var baade graat og harm, "kann du ikkje skilja hund fraa bjørn? kvar heve du augat og vitet ditt?"

      Sjur stod reint handfallen, lutte med hovudet og stirde paa hunden. "Var det ikkje denne skarve byrsa, som gjekk laus utor handi paa meg daa?" svarade han.

      "Byrsa? du skulde hava juling, skulde du", tok kapteinen i. "Nei r æ d d var du, far min, so rædd, at du ikkje kunde skilja svart fraa kvitt. Kann du giva meg hunden atter kannhenda?"
      "Jøye meg, kor du tek paa veg!" sagde Sjur og vardt vreid, "det var verr en det skulde versa menneskja og ikkje krøter".

      "Menneskja og ikkje krøter? kann du giva meg hunden atter, spyr eg?"
      "Slik rotahund, svarade Sjur og stakk handi i luma, "eg vilde ikkje eiga honom, um eg fekk pengar til".

      "Du snakkar, som du heve vitet til; slik ein hund fær du ikkje under hundrad dalar".
      "Hundrad dalar?" tok Sjur uppatter, skaut rukka paa skallen og drog munnviki upp til ein speande grin, - "jau han sa' so, mannen, han vilde hava seg ei ny trøya, daa den gamle var vegstoli. Hundrad dalar fyre ei skarvebikkja, javisst var det nokot aa slengja pengar burt i. Men eg er lika sæl, eg skal giva deg ein dalar fyre hunden, og det kontante pengar og, det". Og dermed drog Sjur fram setelboki si og grov i henne.

      "Aa stikk pengarne til deg og haldt munn", sagde kapteinen, han hadde sett seg ned paa jordi, lagt hovudet til Unkas upp i fanget sitt og strauk honom.

      Sjur vilde taka i paa nytt lag, men me lagde oss imillom. Dei heldt paa aa kjeftast likavel heile vegen og innigjenom sæterdyrri. Kapteinen meinte paa det, at um Sjur skulde vera inne, vilde han ganga sin veg. Han kunde leggja seg burt med steinen, so han kunde gjera eit meisterstykke til, um rette bjørnen skulde koma. Ja, her var ikkje annat aa gjera. Sjur laut ut og upp med steinen, han, og kapteinen blidkadest nokot, daa no elden sprakade paa gruva, og han fekk lagat seg eit glas toddy. Husmansguten vardt sett til aa kika etter bjørnen gjenom gluggen, og kapteinen, skrivarfolket og eg sat og vermde føterne ved peisvarmen.

      Best som det er, vender husmansguten seg med eit bleikt andlit og stotar: "ja men trur eg, det er bjørnen, eg! "Kapteinen og me upp, treiv byrsorna og upp aat gluggen. Ja, der stod bjørnen, diger og feit, og snokade paa aatet. "Ikkje endaa", kviskrade kapteinen, "tak sigte!"
      Me lagde byrsorna til kinni, men i det same smell det eit skot, bjørnen lyfter hovudet, ser seg ikring, og i ei venda er han burte millom kjørr og stein.

      "Du skal sjaa, det er Sjur, som er ute atter", ropade kapteinen og slog seg med knytt neve paa laaret. Me foor ut. Der stod Sjur studd upp mot rifla si, klo seg attum øyrat og glaapte med open munn uppigjenom lidi.

      "Det var daa troll til bjørn, trur eg ikkje, han strauk med det same!"

(1879)


Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania: Forlagt av Huseby & Co. limit. 1885. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad