Fjukande skyer

(Dikt, 1885)

Av Kristofer Janson

Fjukande skyer, det er mitt liv,
skodda og tyngsla paa dyrri eg hiv;
sopast skal tilet, til reint det verd rudt,
friskt skal det vera, um enn det verd stutt.

Ikkje det duger aa krjupa i kraa,
fram med di brynja! set staalhuva paa!
tak so i handi eit sverd, som er kvast,
statt so paa fotom, men statt berre fast!

Ver ikkje rædd, det skal verda for stilt,
verdi er folksam paa rangt og paa ilt,
maten er mannen, og faavit er vit,
lygn gjeng fyr sanning, og svart gjeng fyr kvitt.

Fram daa lik stormen og ver ikkje veik,
syng berr' ein salme i villaste leik!
Hatet det flyg kringum øyro som brand,
jordi er sleip, ho; men statt som ein mann!

Fram daa lik stormen, lik fjukande sky!
stuper du – no, det er betre en fly;
Dyrt er do blodet; um jordi det saug,
finst det vel dei, som kann reisa deg haug.

Fjukande skyer, det er mitt liv,
skodda og tyngsla paa dyrri eg hiv;
sopast skal tilet, til reint det verd rudt,
friskt skal det vera, um enn det verd stutt.

 


Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania: Forlagt av Huseby & Co. limit. 1885. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad.