Fyre Dagen

(Dikt, 1870)

Av Kristofer Janson

Sungen i Vestmannalaget 17de Mai 1868.
Tone: Vårt land, vårt land, vårt fosterland.

Or myrke Nott dat fram seg skaut
ein Dag som ljose Sol,
burt kvarv alt myrkt og veikt og audt,
Liv spratt i alt, som fyrr var daudt,
og Fuglar song og Gauken gol,
for me fekk Fridoms Jol.

Daa Taara kvarv fraa Augat vaatt,
og Gleda strøymde fritt,
for Dagen rann or Trengselsnott,
med Liv, som Feder hadde aatt,
med Tankar og med Mannavit
fraa deim, som hadde stridt.

Difyr' me stinga Dagen fram
og tøma Horn og Staup
og ropa ut til Spott og Skam
deim, som vil skifta Lit og Ham,
og selja burt til Gjevekaup
dan Svaledogg, som draup.

Difyr' me lova kvar og ein,
som nemnast vil ein Kar,
at heidra vaare Fedra Bein,
at reisa verdug Bautastein,
at vera norske, som dei var,
i same Fotafar.

So spyrja me ei Storfolk daa,
um dei vil gjera Lag,
me fljuga ut paa Bylgja blaa
me rydja, byggja, ero smaa,
men ropa nøgd i Fred, i Slag:
"Heil deg, vaar Fridoms Dag!"


Frå Fraa By og Bygd. Tidskrift aat Vestmannalaget. I. Bjørgvin. Hjaa Edv. B. Giertsen. 1870. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad