Gjenta syng

(Dikt, 1866)

Av Chr. Janson
 
Skal tru han meinte nokot lel?
eg veit dat inkje du,
men dat eg veit, at eg i Kveld
kann inkje Rokken snu;
han saag paa meg, og so dat var,
som alt var stroket veg,
eg glöymde Mo'r, eg glömde Fa'r,
eg glöymde sjölve meg.
 
Du Tolleif er no og so sterk,
du störste Karlen tek,
dat var 'kje slikt eit ofsa Verk
at lyfta berre meg:
at sjaa paa meg eg inkje bad,
men Hjartat endaa skvett -
seg er eg sturen? er eg glad?
eg veit dat inkje rett.
 

Frå Ferdamannen. Eit Vikoblad aat Aalmugen. Laugardagen dan 3de Marts 1866. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad