Guten, som vilde vera gildaste

(Lesestykke, 1869)

Av Kristofer Janson


      Det var ein Gong ein Gut, som heitte Olav. Denne Guten trudde um seg sjølv, at han var den gildaste, for heima der gjølte dei no fyre honom, av di han var det einaste Barnet, og paa Skulen var han stødt den fremste. Han var Rikmanns Son, so han fekk alt det, han peikade paa og vel so det, og so hadde Guten godt Næme, so han lærde lett alle Ting. So var det ein Gong Skulemeisteren sagde til honom, daa han hadde voret hæv til at svara: "Eg trur du heve som ei heil Bok i Hovudet, du Olav!" - "men Knut", sagde han til ein liten frosen Husmannsgut og dreiv til honom under Øyrat, "du gjeng no visst og leter deg all Dagen og gjerer inkje til Gagns".
      Olav var inkje litet kaut, daa han flaug heimatter den Dagen, og so trudde han det, at no turfte han inkje meir lesa, han kunde so alle Ting likavel. So fekk han seg daa um Efta ein diger Klining hjaa Moder si, og dermed strauk han burt paa Slaatteteigen uppe paa Fjellet. Daa han hadde gjenget eit litet Bil, kom han til at trakka paa ein Maurveg, der det krydde med Maurar. "Or Vegen fyre meg", sagde han, "for eg er gildaste Karlen i Bygdi eg, maa vita". "Ja so", sagde ein gamall Maur, som kom dragande med eit stort Bos, "det lyt standa galet til i Bygdi daa, naar du skal vera gildaste." Du ligg no og røytar deg i Sengi til Klokka er aatta um Morgonen, og so ser eg inkje annat, en at du gjerer Ugagn heile Dagen. Broki di riv du i sunder, so Mor di mest inkje vinn annat en bøta, slaast gjerer du med Tenestegjentorna og set Hunden paa Smalarne."
      "Kvat er det du snakkar um", sa' Guten, "eg tenkjer du gjerer so myket likare du?"

      "Eg?" tok Mauren atter i, "aa ja, eg balar no det eg kann, fraa Soli renn og til ho gladar, so lenge som no Vaarherre giv meg Helsa. Meinar du inkje, eg kunde hava det godt paa mine gamle Dagar daa og sleppa Arbeidet, um eg vilde? Eg heve no vaksne Born, som kunde slita fyre meg og godt Hus og Heim, men eg tykjer det er Synd at leggja Henderna i Kross, so lenge ein er god til at bruka deim. Men Farvel med deg, eg heve inkje Tid til at standa her og drøsa med deg meir." So gjekk Mauren.

      Guten dreiv vidare til han vardt svolten, so drog han den eine halve Kliningen fram or Luma, sette seg paa ein Stein og gav seg til at eta. Best som han sat der, kom det ei Humla surrande og foor lukt i Nasa paa Guten. "Din Utange du er!" skreik Guten, skvatt upp og slo etter Humla, "er det Skikk at bera seg aat paa mot bra Manns Born?" Humla berre log ho. "Jau pyt! sa' n Per! du heve det vel so annsamt du, at du inkje tolar nokon uroar deg", sagde ho paa Spit, "du skulde skjemmast at snakka so, store, lange Guten, som sit og letar deg i Vegen, medan Fa'r din slit og slæpar all Dagen. Du er fulla for god til at taka i ei Riva du, veit eg, elder ganga ei liti Ærend fyre Mo'r di. Du vil berre eta upp alt det, dei fortena, du."

      "Skulemeisteren sagde, at eg hadde lika so myket i Hovudet som ei heil Bok, han", svarade Guten, "og Fa'r min er rik, so eg tarv inkje arbeida, ser du." "Ja so", svarade Humla, "ja det er uvandt at vera Storkarl, naar ein fær alt upp i Henderna. Trur du eg turfte fljuga her og træla all Dagen, so eg snaudt nog fær kvila meg ei liti Stund til Nons? Trur du inkje, Vaarherre har Umsut fyre meg, so eg hadde baade min daglege Mette og nog til Vettren av alle desse velsignade Blomarne daa? Eg vil laga Vaks og Humlevin til deg, so du kann faa deg eit fint litet Ljos og Søtekaka og Mjød til Jolahelgi og Helsebot, naar du heve Halsverk. Det saag illt ut, skulde ein berre tenkja paa seg sjølv her i Verdi. Men no fær eg skunda meg, eg skal hava mange Kakor ferduge til Kvelds." Dermed so flaug Humla. "Hm", - tenkte Guten, han sat atter ved Vegen, "eg er nog inkje so gild endaa, som Skulemeisteren segjer."

      Ei Stund deretter raakade han paa vesle Knut. Han sat burt i Lynget og gjætte Sauder. Leksaboki hadde han paa Fanget, og so sat han og ruggade og las, og ruggade og las, og attimillom var han etter ein Saud, som var komen seg inn um Merkjesgarden til Grannen. "Er det du Knut?" sagde Olav, "sit du her og les?"

      "Aa ja, eg fær Lukka til at lesa den Stundi eg kann. For all Fyremiddagen, naar eg no inkje nett er paa Skulen, skal eg renna Ærender fyre Presten sine, og um Efta skal eg bera Vatn og hjelpa Fa'r min med nokot av kvart. I Dag er eg no paa Gjæting." "Eg ser detta", svarade Olav, "men kann du inkje segja, du skal lesa til Skulen daa, so slepp du at gjæta." "Var det likt seg", tok Knut frami og log," eg fekk nog baade svelta og ganga naken daa. No heve eg fulla tent meg so mange Skillingar, at eg kann faa meg ei ny Skinnbrok i Haust."

      "Fær du inkje Plogg heima daa?" spurde Olav forbinad. "Heima? nei Fa'r min, Stakkar, er for fatig til det. Eg tregar berre paa, eg inkje er so stor, eg kann fortena Maten og", svarade Knut. "Er du svolten?" spurde Olav han, slengde seg ned attved Knut og tok andre halve Kliningen fram. "Takk! - - men tek eg inkje fraa deg daa?" spurde Knut og saag med store Augo paa det gule Smøret. "Nei eg et meg meir en mett heima kvar einaste Dag eg", svarade Olav. Knut tok Kliningen, og so spurde Olav atter: "Men naar du no hadde baade Mat og Klæde og var fri all Dagen, vilde du daa lesa?" "Ja daa vilde eg lesa radt til Prest daa", svarade Knut. Daa Olav gjekk heimatter um Kvelden, tenkte han med seg: "Knut var det, som Skulemeisteren kallade Leting, og han slit og slæpar, so han mest inkje heve ei Kvilestund, og meg kallade han hæv og gild, eg som gjeng her og slarkar ikring mest all Dagen og gjerer inkjevetta til Gagns. Eg er nog inkje so gild endaa, baade Krek og Fly og Husmannsguten kann skjemma meg. Men fraa i Morgon kjem skal det verda paa ei onnor Vis. Eg skal gjera Nytte fyre meg og verda til Heider og Gleda fyre Fader og Moder og lesa, so eg kann alle Ting utanbokes baade attlenges og framlenges." Detta heldt og Olav. Han vardt ein dugande og velvyrd Karl, daa han vardt vaksen.
      Av denne Segni kann du læra, at du inkje maa vera kaut og lat, fyredi um Fader din er ein rik Mann, elder av di du heve god Givnad. Dess fleire gode Evne, du heve fenget, dess meir godt kann du og gjera. Difyre maa du nytta Guds gode Gaavor vel, alltid takka honom og alltid vera viljug til at hjelpa andre, som litet vita og litet kunna.
 
 

Frå Lesebok i Landsmaalet ved Olav Paulson, Bergen: Ed. B. Gjertsen 1869. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad