Ifjor og iaar

(Dikt, 1867)

Av Kristofer Janson

Ifjor eg aatte Hus og Heim
og Kona, ljos og bjart;
iaar daa er mi Stova brend,
og ho i Moldi svart.

Ifjor eg var ei Vidja veik,
men fin og rak at sjaa;
iaar eg er ein Stuv so sterk;
men fulla stygg og graa.

Ifjor eg kvidde meg so saart
til kvart eit Saar, eg fekk;
iaar kann i n k j e saara meir,
og difyr' i n k j e rekk.

Ifjor daa gret eg som eit Barn
og timde inkje Land;
iaar eg stend med Augat turt
og kjenner, eg er Mann.

Dan Graaten er ein snodig Ting,
han gjerer hard og mjuk,
hard til at tola Dagsens Strid,
men etter Him'len sjuk.


Frå Norske Dikt av Christopher Janson. Bjørgvin. Forlagt av Ed. B. Giertsen. 1867. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad