Norska Gaator

(Samla av W.F.K. Christie, utgjevne av K.J., 1868)

samlade av Stiftamtmann W. F. K. Christie, utgjevne ved Kristofer Janson.
 

Fyreord.

Daa eg heve fenget dan Æra aa utgjeva desse Gaator, er dat mi Skylda aa gjera stutt Greida fyre, korleides eg heve faret aat med deim. I Handskrifti var Talet paa Gaatorna 213; her er dat minkat til 122. Detta kjem av di, at suma vaaro uhøvelega til aa koma paa Prent, andra vaaro reint danska, og andre berre var same Gaata i nokot nær same Ordalag fraa serkilda Bygder. Dar Gaata var meir poetisk i si Form, elder Ordalaget meir skiftande, heve eg teket dei serskilde Avbrigder av same Gaata under same Nr. Suma av desse Gaator hava fyrr voret prentade i "Norske Folkeviser" av Landstad og "Prøver af Landsmaalet" av Ivar Aasen. Dei Gaator, som hava * hjaa seg, finnast og paa Svensk i Dybecks Runa 1847. Eg heve skipat Gaatorna soleides, at alt, som vedkjem Vedr og Vind og Himmelsbragd er sett fyrst, so alt ifraa Dyra- og Vokstrariket, so alt Slag Husstell og Ambo og dilikt, so dei, som meir er Reglor enn beina Gaator, og sidstpaa 3 bibelska. Eg heve skrivet deim alla etter ei Norm. Ellest er Gaatorna samlade Aari 1848–49 fraa Nordmøre, Sunnmøre, Nordfjord, Sunnfjord, Sogn, Voss, Hardanger, Nordhordeland og Sunnhordeland, suma av Christie sjølv paa hans Ferder, andra av Folk rundt ikring, som han brevsende. Heile Samlingen er soleides eit merkelegt Vitne um dan Kjærleike, som Christie alltid synte dat folkelege, endaa han hadde so myket aa gjera. Ei Ordbok paa ei 17000 Ord fraa Folkemaalet ligg no i Museet i Bergen, som eit annat og større Minnesmerke um hans trottuge Stræv i dette Stykket.
    Kunde no dette litle Tillag til dan norske Folkediktning gjera sin Mun til aa styrkja Samhugen med dat sermerkte norske Folkelyndet, og so verda til Gaman fyre Born og Vaksne i Kvilestunderna kring Aaren, so kunde eg endaa hava ei liti Von um, at dan ærade hedanfarne inkje hadde voret altfor misnøgd med denne mi Utgaava av hans Verk.
Bergen, 5te Mai 1868.
Utgjevaren.

Gaator.
1. *
Han Fugl Fjødrlaus
sette seg paa Treet Lauvlaus,
sidan kom ho Jomfru Fingrlaus
og knipsad veg han Fugl Fjødrlaus.
 
 
elder:
 
 
Dat kom ein Fugl Fjødrlaus
og sette seg paa ei Gardstong,
so kom ho Mari Munnlaus
og aat upp Fugl Fjødrlaus.
 
 
elder:
 
 
Dat kom ein Fugl fljugande,
sette seg paa ein Gardstaur vengjalaus,
so kom ei Jomfru ridande fotalaus
og aat han upp munnlaus.
 
 
2.
 
Dat vekser høgt
med Roti upp og Toppen ned,
kvat er dat fyr' eit snodigt Tre?
 
 
3.
 
Høgt, høgt,
krokutt bøygt,
og undarleg skapt.
Kann du taka Gaata mi Fat,
skal du faa sova hjaa meg i Natt.
 
 
4.
 
Raudt gjekk dat um høge Fjelli,
og raudt kom dat atter.
 
 
5.
 
Kvat er dat, som fer yver Fjell og Dal,
yver Vatn og Hav,
gjenom Høn og Halm
og inkje tuskar?
 
 
6.
 
Dat stend ei Stong i bratte Berg
og sluter utyver Havet
med raude Gull og Kaapa paa.
 
 
7.
 
Dat stend ein Mann i Aust
med langskipad Naust,
med Kolsekk og Æra,
som han er god til aa bera.
 
 
8.
 
Kvat er dat, som heve voret til fraa Verdi var
skapt og inkje meir enn fjora Difor gamalt?
 
 
9.
 
Høgre enn Hovud,
mindre enn Mus,
dyrare enn Danmark og Norge.
 
 
10.
 
Inkje søkk dat paa Vatnet,
og inkje frys dat paa Fjellet,
og inkje brenn dat i Elden.
 
 
11.
 
Dat kjem ei Tunna runsande og bunsande,
botnlaus og bandlaus;
ingen Mann
i dette Land
dan Tunna banda kann.
 
 
12.
 
Paa Gildrebakke dat stend ein Ukse,
han raut, han taut til nie Byar,
til tie Tun, til tolv Røster 1) ut i Havet.
 
 
1) Miler.
 
elder:
 
Dat tuter ein Ukse so høgt yver Heidi,
yver tie Kongeland,
yver Nes yver nie,
yver Tun yver tie,
og elleve Røster ut i Havet.
 
 
13. *
 
Tvo visa veg i By,
tvo peika upp mot Sky,
fjore Gangarar,
fjorde Hangarar,
ei diltar etter.
 
 
14.
 
Framme som ei Kanna,
midtpaa som ei Tunna,
bak som ein Sopling.
 
 
15.
 
Dat stend ein Ting med Bondens Vegg,
han gjevler 1) tidt og heve Skjegg
og tvo Skjæker i Nakken.
 
 
1) gjevla d. e. tyggja.
 
 
16. *
 
Framme som eit Noda, 2)

midtpaa som ei Knoda, 3)

bakpaa som ei Spoda. 4)
 
2) Nysta. 3) ein Deigklump. 4) ein Fløyg d. e. Pinne til aa snu Braudet paa Bakstehella.
 
17.
 
 
 
Mannen er blaa med Silkesokkar paa,
med kongeleg Kruna og klingande Maal,
med kosteleg' Klæde, som inkje er sydde.
Han heve manga Konor
men inkje ei til aa søkja Seng med.
 
 
 
18.
 
Dat er kvitt som Fonn
og er inkje Fonn,
dat er svart som Ramn
og er inkje Ramn,
dat gjeng som Mann
og er inkje Mann.
 
 
19.
 
Lodet som ein Saud og inkje Haar paa.
 
 
20.
 
Laat som ein Saud og inkje Haar paa.
 
 
21.
 
Upp og ned i Strida
med raude Flekkjer i Sida.
 
 
22.
 
Ein Junkar kom farande,
raudklædd, med Sylar og Saksar,
han var korkje Skomakar elder Skræddar.
 
 
23.
 
Raud kjem han farande,
og raud er han klædd,
fyr' Hunden kann han fri seg,
men Høna er han rædd.
 
 
24.
 
Litet og lett,
sjeldan set,
med mange Hol,
men er likavel tett.
 
 
25.
 
Dat fer att og fram med Lidom
med sikje 1) (?) i Seng i Sidom.
1) sikje (Silke?)
 
 
26.
 
Eit Fjos fullt av kvita Gjeiter,
og ein raud Bukk midt i.
 
 
27.
 
Gjet dat, som heng paa Bondens Vegg
med halve Rygg og rakat Skjegg.
 
 
28.
 
Høgt som alle Skogatoppar
men skin korkje Sol elder Maane paa.
 
elder:
 
Kvat er dat, som veks or Marki,
er so langt som Tre
og inkje Sol kjemer til?
 
elder:
 
Høgt som Tre, grant som Traad,
skin korkje Sol elder Maane paa.
 
 
29.
 
Dat foor gult rundt um Rundefjellet
og kom atter snjokvitt.
 
 
30.
 
Dat er rundt som Ost,
men dat er inkje Ost,
dat hev Lauv som Tre,
men dat er inkje Tre,
dat hev Rova som Fe,
men dat er inkje Fe.
 
 
31.
 
Dat stend ein Blaamann uti Bakken,
han kann standa og inkje ganga,
han kann stinga og inkje flaa,
med tvo, tri raude Hattar paa.
 
 
32.
 
Stutte Stakken 1) dansad,
og Kringtola 2) kvad,
etter kom ho Langesløe. 3)

Gjet kvat dat var.
 
1) d. e. Skaketeinen, Pinnen som skjek Teina (Mølletragten) til at Kornet kann siga jamt ned i.

2) d. e. øvste Kvernsteinen.

3) d. e. Vatsrenna, som gjeng til Kvarnarkallen.
 
 
33.
 
Kvat er dat, som korkje er ute elder inne
og inkje er under berr Himmel?
 
 
34.
 
Stova full av graa Ull,
men ingen kann taka ein Neve full.
 
 
35.
 
Dat kallast som Mat,
dat er inkje Mat,
og likavel er dat ein god Bite.
 
 
36.
 
Ute vaskat Hovud,
og inne bakad Rygg.
 
 
37.
 
Ute som ei Vomb,
og inne som ein Stong,
varmt paa dan eine Lid
og kaldt paa dan andre.
 
 
38.
 
Kvat er dat tunnaste millom heitt og kaldt?
 
 
39.
 
Fjora Syster i ein Manns Hus,
glosa alla med eit Auga.
 
 
40.
 
Kvat er dat, som korkje er inne eld' ute
og baade skin Sol og Maane paa?
 
elder:
 
Inkje er dat ute, og inkje er dat inne,
inkje er dat i Himmelen, og inkje er dat paa Jordi,
men kvar buande Mann heve dat?
 
 
41.
 
Rundt som Sol, svart som Jord,
dat er korkje Sol elder Jord.
 
 
42.
 
Kvat er dat, som gjerer seg sjølv i ein Manns Hus?
 
 
43.
 
Kvar er dat, som gjeng all Dagen
og inkje vinn utfyre Dyri?
 
 
44.
 
Dat dansar tolv Jomfruer under ei Snor,
dei dansa i Aar, og dei dansad i Fjor,
og dat same gjerer deira gamle Mo'r.
 
 
45.
 
Dat stend ein Ting i Bondens Kraa
med fjore og fyrti Hovud paa.
 
 
46.
 
Ha Raudkolla slær henne Svartkolla
uppunder Vombi, so dat joplar.
 
 
47.
 
Ein krylryggja Fa'r,
ei storvomba Mo'r,
og tri kolutte Søner.
 
 
48.
 
Kvat er dat fyr' ein Son, som bykser upp
yver Tretopparne i Skogen, fyrr
Fa'r hans er halvvaksen?
 
 
49.
 
Dat fer høgre enn Hus,
er mindre enn Mus
og dyere 1) (?) enn alt annat.
 
1) dyrre, dyrarane?
 
50.
 
Mindre enn Mus,
ligg inne i eit Hus,
vil du hava dat ut av sitt Hol,
lyt du baska paa Veggen med Staal.
 
 
51.
 
Vesle Jan Vilken
han siter paa Stylken,
dess lenger han sitja kann,
dess lægre daa verder han.
 
 
52.
 
Dat siter paa Bordet
og tener sin Herre
og eter seg sjølv.
 
 
53.
 
Og heve ei Stjerna i Toppen,
og Foten er tjukkar enn Kroppen.
 
 
54. *
 
Innantil lodet som ein Gris,
haalt utanpaa som ein Is.
 
 
55.
 
So klædde dei paa dat ei skyrta so kvit,
so la' dei dat ut som eit annat Lik,
so sette dei paa dat ei Gullkruna raud,
so vardt dat livande og inkje daud.
 
 
56.
 
Kvat er dat, som er heitt og feitt um Vetren
og kaldt og armt um Sumaren?
 
 
57.
 
Paa Bondens Vegg eit Flagg dat heng,
dess fleire Gjester, dess gildar dat gjeng.
 
 
58.
 
Ute i Garden dat stend
med fleire Saar,
enn Hunden heve Haar.
 
 
59.
 
Upp med Aa og ned med Aa,
dat bit lika snaudt som ein Fole graa.
 
 
60.
 
Kvat som fer fram med Reini
og rister svarte Reimi?
 
 
61.
 
Kvat er dat, som fer fram med Land og Laga 1) (?)
heve korkje Munn elder Magar
og segjer sant alle sine Dagar?
 
1) "Land og Løg" (Vatn)? elder: "fer Lands og Laga" etter dan gamle Formi "lands ok lagar"?
 
Utg.
 
62.
 
Klent framme og vidt bak,
dat er fullt med Vind og Brak.
 
 
63.
 
Svin dreg Lin,
igjenom Fe, rundt um Tre.
 
 
64.
 
Kvat er dat, som gjeng paa Hov'de
baade ute og inne paa Kyrkjegolvet?
 
 
65.
 
Dat er mindre enn ei Mus,
heve fleire Vindaugo enn Kongens Hus.
 
 
66.
 
Fullt av Kjøt og Blod
og ingen Botn i.
 
 
67.
 
Kvat er dat, som fer aat Elvi og vaskar seg
og legg Vombi atter heima?
 
 
68.
 
Dei bryggja og baka i dat,
gjera alt Arbeidet sitt i dat,
og eiga alle Borni sine i dat.
 
 
69.
 
Fullt, naar dat er kvelvt,
og tomt, naar dat upp stend.
 
 
70.
 
Uppetter Batten,
nedetter Bakken,
med tie Tenner i Nakken.
 
 
71.
 
Kvat er, som gjeng aat Elvi
og lest drikka og inkje drikk.
 
 
72.
 
Dat gjeng all Dagen,
men dat viser inkje meir enn eit Fet etter dat.
 
 
73.
 
Dat fer tvo Brøder i Skogen dan heile Dag
og spring og inkje vinn framum kvarandre.
 
 
74.
 
Smeden smidde, og Jomfrui spann,
i Holtet dat voks, i Havet dat rann,
dat er aldri so litet, dat dreger ein Mann.
 
 
elder:
 
Smeden smidde, Jomfrui spann,
i Fjellet dat voks, i Havet dat rann,
dat hev bergat og drepet so mang ein Mann.
 
 
75.
 
Kvat er dat, som gjeng heile Dagen
og legg Føterne inn i Vombi um Næterna?
 
 
76.
 
Ho fer att og fram med Grunnar
og heve tie tusund Munnar.
 
 
77.
 
Dat sankar Nøring til andre
men ingi til seg sjølv.
 
 
78.
 
Dat fer upp og ned i Sjovegen
og ber Mannalaar i Kjeften.
 
 
79.
 
Dat fer i Lufti under dan kvite Sky,
naar dat er livande, talar dat inkje,
men naar dat er daudt, talar dat til Land og By.
 
 
80.
 
Dan som gjerer dat, vil inkje ha' dat,
dan som kauper dat, syrgjer yver dat,
og dan som brukar dat, veit inkje av dat.
 
 
81.
 
I Skogen er dat runnet,
i Skogen er at funnet,
i Smidja er dat smidt,
med Rova er dat gnidt,
dat er barkat og beitt,
dat er smurt med Feitt,
dat hoppar paa ein Haarpung.
 
 
82. *
 
I Fure-Skogen veks dat,
i Lambe-Garden elst dat,
fyr' Kongsbordet syng dat.
 
 
83.
 
Brunt i Botnen,
kvitt i Toppen,
kritlar under Aaklædi,
gjerer godt i Kroppen.
 
 
84.
 
Kvat er dat fyr' ei Tunna,
som kjem rullande og trullande,
botnlaus og bandlaus,
som ingen Mann
i nokot Land
banda kann?
 
 
85.
 
Ei liti Bud full med Mat og inkje Dyr fyre.
 
 
86.
 
Kvat er dat, som er kvar Manns Føda
men inkje etande Tugga er i?
 
 
87.
 
Kvat er dat, som sagar all Dagen,
og dat synest inkje Skoraspon?
 
 
88.
 
Gjet ei Gaata,
dat er skapt som ei Saata,
dan som heve dat, vil gjerna verda av med dat,
men toler inkje ein annan tek dat.
 
 
89.
 
Dat var ein Mann,
han aatt' ein Hund,
alt heve dat, som Hunden heitte,
kann du no gjeta, kvat Hunden heitte?
 
 
elder:
 
 
Ho Jomfru Lund,
ho hadd' ein Hund,
han fer med hennar Sida,
kvat so Dagen lider;
han saag du, han saag eg,
han saag Topp, han saag Tre,
han saag alt i Verdi.
 
 
90.
 
Kvat er dat, som paa Fjellet inkje dett,
i Vatnet inkje søkk,
i Varmen inkje brenn?
 
 
91.
 
Eg heve dat, du brukar dat.
92.
Kvat som er nærmare deg enn Skyrta?
 
 
93.
 
Kvat er dat, som fylgjer med alting?
 
 
94.
 
Dat fer yver grøna Lider og Heider,
tyt og aldri tegjer.
 
 
95.
 
Gjet dat, som verd større, dessmeir ein tek av,
og smærre, naar ein legg paa.
 
 
96.
 
Dat stend eit Tre i Kongens Reiner
med tolv Greiner,
i kvar Grein er fjore Reid,
og sjau Egg i kvart Reid.
 
 
97.
 
Dat stend eit Tre i Austerland
med tvo og femti Greiner,
med eit Eple paa kvar Grein,
og tri forgyllte i Midten.
 
 
98.
 
Dat finst i Kongens Land
men inkje i hans Rike,
kvar Mann heve dat i sitt Supefat
og i sin Hatt og Hand.
 
 
99.
 
Kvat er dat fyrste du treng, naar du kjem i Verdi?
 
 
100.
 
Paa vaar Eng dat stend ein Stein
med fjora Hyrnor og inkje Bein,
dar er Brud og inkje Brudlaup,
dar er Born og inkje Barnsøl,
dar er Lik og inkje Jordferd.
 
 
101.
 
Dat er eit litet Land,
dar er baade Sand og Vatn,
dar er korkje Sinne elder Minne,
men dat er Folk darinne.
 
 
102.
 
Stongi stend i Fjellet,
glimar uti Hav,
Knapparne av raude Gull,
gjet du, kvat dat var.
 
 
103.
 
Dat stand tvo Plator
paa Kongens Gator,
paa dei Platom
stend tvo Stolpar,
paa dei Stolpom,
stend eit Stabbur,
paa dat Stabburet
stend eit Stett,
paa dat Stettet
stend ein Knapp,
paa dan Knappen
stend ein Skog,
og mange ville Dyr uti.
 
elder:
 
Dat stend tvo Stolpar paa grøne Jord,
og paa dei Stolpom dat er eit Bur,
og paa dat Buret dat er ein Kross,
og paa dan Krossen dat er ein Knapp,
og paa dan Knappen dat er ein Skog,
og paa dan Skogen er mange Dyr.
 
 
104.
 
Stampen stod,
Dynningen slo,
tie tøygde fjore.
 
 
105.
 
Dat gjeng imote Bakken
og ber Elden uti Nakken.
 
 
106.
 
Ein liten Puse
trillar av Huse,
og kor god ein Smid dat er,
so kann han inkje banda'n.
 
 
107.
 
Dat foor ein Mann yver ei Bru,
han bar Navrar og Tvarar,
eit Hundrad Harar,
Naust og nytt Skip,
og myket meir.
 
 
108.
 
Bonden stod upp,
kastad Naut yver Saud,
Furestong yver Bjørkekrok
og foor attlenges heile Dagen.
 
 
109. *
 
Tvofot sat paa Trefot med Einfot i Fanget.
Inn kom Fjorfot og tok Einfot.
Upp stod Tvofot, tok Trefot
og slo darmed Fjorfot i Hov'de, so han trillad.
 
 
110.
 
Horn pløgja, saa Honning og faa atter Pipar.
 
111.
 
Aldri hev dat voret, og aldri verd dat,
men kvar Mann ser dat paa seg sjølv.
 
 
112.
 
Naar ei Tunna Korn kjem paa tvo Dalar,
kvat kjem so ein Hane paa?
 
 
113.
 
Tolv Tungur
i eit kroppelaust Hovud sungo.
 
 
114.
 
Vimpel og Vampel
kom syngand um Stampen,
slo ned Letel og Læte,??
so kom Fotel og Fæte,
aat upp Letel og Læte.
 
 
115.
 
Mi Syster sende si Syster eit botnelaust Ker yver eit Hav.
Dat bryggjad ho i, dat balad ho i,
dat gjorde ho alt sitt arbeid i,
dat aatte ho sjau Søner i.
 
 
116.
 
Han Sjur heldt sjau Griser,
han Drap ein, og lel var dat aatta.
 
 
117.
 
Aatte foor igjenom aatte Lid,
aatte Øykjer, aatte Fyl,
aatte alt saman.
 
 
118.
 
Mannen foor til Brudlaups,
og Ingen bad honom,
aat og drakk,
og Ingen gav honom Mat,
slost og harddrogst,
og Ingen fekk saart,
Liket stod paa Golvet,
og Ingen var daud.
 
 
119.
 
Dukar bordast,
Lakan lyftast,
Treet tornar,
fyrr Hornet klovnar.
 
 
120.
 
Straks eg var fødd, so vardt eg stor,
dat kom av di, eg hadde 'kje Mo'r,
Fa'r min likte meg godt han,
difyre fekk eg han snøgt til Mann.
 
 
121.
 
Lykelen av Tre, og Laaset av Vatn,
Veidaren vardt fangad, og Veidskapen slapp fra.
 
 
122.
 
Kvat var dat, som hadde tvo Liv og ei Saal?
 
 

Løysingar.
1. Snjoen elder Hela, som verd tinad av Soli.
2. Isjukulen.
3. Regnbogen.
4. Soli.
5. Dat same.
6. Solstraalarne ved Solarglad.
7. Maanen.
8. Dat same.
9. Stjerna.
10. Vinden.
11. Tora.
12. Dat same.
13. Kui.
14. Øyken.
15. Gjeiti.
16. Katten.
17. Hanen.
18. Skjori.
19. Fuglen.
20. Mækregauken.
21. Auriden.
22. Krabben.
23. Raudmakken.
24. Kvefsebolet.
25. Bjørnen.
26. Kjeften paa Dyr med Tenner og Tunga
27. Helfti av ein slagtad Gris.
28. Mergen i Treom.
29. Kornet, som verd malet paa Kverni.
30. Næpa.
31. Tistelen.
32. Kverni, som mel.
33. Kvernar-Kallen.
34. Stova full av Røyk.
35. Biten i Stova.
36. Dat same.
37. Ljoren med Skjaa og Stong.
38. Skjaaen i Ljoren elder Ruta.
39. Hyrnerna i Stova, som faa Ljos ifraa Ljoren.
40. Glasruta.
41. Bagstehella.
42. Sprunga.
43. Rokken.
44. Tralerna i Rokkahjulet.
45. Koparkjelen.
46. Elden under Gryta.
47. Gryta.
48. Røyk av Eld, som verd paakveikt.
49. Gneisten, som fer uppigjenom Peispipa.
50. Gneisten, som ligg gjøymd i Tinnesteinen.
51. Logen paa eit kveikt Ljos.
52. Ljoset, som brenn.
53. Dat same.
54. Talgljoset.
55. Ljoset, fraa dat verd støypt, til dat verd paakveikt.
56. Kola.
57. Dyri.
28. [sic] Stabben.
59. Ljaaen.
60. Plogen.
61. Bismaren.
62. Smidje-Belgen.
63. Busteleivi, som verd stungi gjenom Ledret kring Lesten.
64. Skopinnen.
65. Fingrebjørgi.
66. Ringen paa Fingren.
67. Dyna.
68. Serken.
69. Hatten.
70. Riva.
71. Bjølla.
72. Sleden.
73. Sledemeidarne.
74. Farkosten med Segl og Greidor.
75. Baaten.
76. Noti.
77. Dat same.
78. Sjostyvlarne.
79. Pennen.
80. Likkista.
81. Sadlen.
82. Fela.
83. Ølet, som gjeng.
84. Egget.
85. Dat same.
86. Modersmjølki.
87. Augnaloket.
88. Svullen.
89. Skuggen.
91. Namnet.
92. Dat same.
93. Dat same.
94. Elvi.
95. Holet.
96. Aaret med Maanadar, Vikor og Dagar.
97. Aaret med 52 Vikor, med Sunndagarne og dei tri store Høgtiderna.
98. Bogstaven A.
99. Rom.
100. Kyrkja.
101. Kyrkjegarden.
102. Klungren.
103. Mannen.
104. Bytta under Kui, som verd mjolkad.
105. Byrsa, som verd bori av Veidaren.
106. Egget, som dett ned og brest isund.
107. Alt stod skrivet i eit Brev, som han bar.
108. Mannen, som dreg paa seg Sjostyvlarne sine, gjeng i Baaten og ror.
109. Ein Mann sat paa ein trefota Krakk og aat av eit Spikjelaar. Ein Hund kom inn og treiv Spikjelaaret. Mannen reis upp, tok Krakken og slo Hunden i Skallen, so han trillad.
110. Naar ein klær seg med Neglom, gjerer dat godt i Fyrstningi men svid etterpaa.
111. At alle 5 Fingrar er jamlange.
112. Paa Føterne sine.
113. Eit Fuglareid i eit Hestahovud, som laag avkjølad paa Marki.
114. Vinden blæs ned Neterna, og Ikorni eta deim.
115. Ho gav henne ein Ring, som ho stendigt bar.
116. Eigaren av eine Grisen heitte Drap.
117. Ein Mann, som heitte Aatte, foor igjenom 8 Lid med 8 Øykjer og 8 Fyl, som han sjølv aatte.
118. Eit Brudlaup hjaa ein Mann, som heitte Ingen, og som vardt ihelslegen av ein av Gjesterne.
119. Gjestabodet, dar dei skipa til Bord og Seng [1] og tøma Øltunna, so Tappen tornar, fyrr Hanen gjel (kløyver Hornnebbet sitt).
120. Æva.
121. Moses slo med Staven i Raude-Havet, so dat skilde seg. Israelitarne slapp fram, men Farao bleiv.
122. Kvalen, som gløypte Jonas.
 
[1] I Handskrifti er "Lakan lyftast" tydt soleides, at Skjaaen ved lyft av Ljoren. Daa verd "Lakan" d. s. s. "Laken" elder Fleirtal "Lakane", som er tridje Magen i Dyr, som jorta. Men daa dat vanlegt er Storvombi (fyrste Magen), som verd nyttad til Skjaa, heve eg voret so fri aa brøyta Tydingi. Utg.
 

Norska Gaator samlade av Stiftsamtmann W. F. K. Christie, utgjevne ved Kristofer Janson. Bergen, 1868. Hjaa F. Beyer. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad