Paa fjellet

(Dikt, 1867)

Av Kristofer Janson

Hu hei! kor er det vel friskt og lett
upp aa fjellet.
Her leikar vinden i kaate sprett
upp aa fjellet,
og foten dansar og augat lær,
og hjartat kveikjande hugnad fær
upp aa fjellet.

Kom upp! kom upp fraa den tronge dal
upp aa fjellet.
Her blæs ein blaaster so frisk og sval
upp aa fjellet,
og lidi skin utav blomar full,
og soli drys alt sit fagre gull
upp aa fjellet.

I dalen starvar du tung og heit,
kom paa fjellet.
Kor fint her er, ikkje nokon veit -
her paa fjellet.
Ditt auga flyg yver nut og tind,
det er, som flyg det i himlen inn
upp fraa fjellet.

Og naar so soli til kvila gjeng
attum fjellet,
daa reida skuggarne upp si seng
attmed fjellet.
Daa gidrar alt i ein straalestraum,
og hjartat sveiper seg inn i draum
upp aa fjellet.

 


Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania, 1885. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad