Um kyrkjeskiftet i Noreg

(Lesestykke, 1869)

 Av Kristofer Janson

 Heruppe i vaart Fedraland var og Folket som alle andre Stader katolskt, men no skulo me høyra, korleides det fekk Luthertrui. Noreg laag den Tid og stridde med Danmark, fyre di Danmark vilde hava all Magti her. Den Konungen, som var folkekjær her, Kristian den andre, var teken og sett i eit Fangahol i Danmark, og Kristian den tridje, som no hadde fenget Danariket, vilde og hava Noreg. Han sende ei stor Hermagt upp, og Noreg saag inkje Raad til at verja seg, av di danske Hovdingar hadde alle dei faste Borgerna. Den katolske Biskopen, Olav Engelbrektson, som no skulde vera fyrste Mannen i Noreg, laut strjuka or Landet, og no vardt det vedteket, at Noreg inkje skulde vera serskilt Land lenger, men berre som ein Lut av Danmark. Dessutan skulde Luthertrui verda lærd og trudd kring um i Landet. Med Luthertrui hadde det seg so, at ho var komi til Danmark gjenom Bøker og Lærarar. I Noreg var ho litet kjend; ein Munk, som heitte Audun, hadde daa likavel preikat henne i Bjørgvin. Under Danaveldet vardt det onnorleides. Danske elder dansklærde Prestar vardt innsette i alle Embætte, og soleides kom og Danskemaalet inn i Bøker, paa Skulen og i Kyrkja.

 


Frå Lesebok i Landsmaalet ved Olav Paulson, Bergen: Ed. B. Giertsen 1869. 
Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad