Ung Åslaug gjekk i bjørkeskog

(Dikt)

av Kristofer Janson
 
Ung Åslaug gjekk i bjørkeskog
så tirøygd, frisk og raud;
ho tykte mest at alle gret
der som ho gleda baud.
 
"Kva er det vel dei syta for
i verdi vid og stor,
når soli skin, og hjarta brenn,
og kjærleiken fær ord?"
 
Då kom eit bod at hennar mor
låg sjuk og måtte døy,
då kom eit bod at hennar ven
ha' fest ei onnor møy.
 
Ung Åslaug vart so underleg,
ho tagde reint den kveld;
for noko bort frå hjarta fraus,
endå det brann som eld.
 
Ung Åslaug gjekk i bjørkeskog
så tårøygd og so raud;
ho tykte mest at alle log,
der som ho sorgi baud.
 
"Kva er det vel dei fegnast ved
i verdi vid og stor,
når soli brenn, men hjarta frys,
og kjærleik berr' er ord?"
 

Frå I var Grimstad (red): Songbok for pensjonistlag og andre lag, 2. utgåva 1987. Elektronisk utgåve 2006 ved Nynorsk kultursentrum