Ingebjørg Jore

Ingebjørg Jore, publisist, ei av dei aller første kvinnene i nynorsk avisutgiving.

Ingebjørg Jore
Ingebjørg Jore
Jore var fødd i Rauland i 1863 og døydde i USA i 1957. Ho kom frå ein heim med Holbergs epistlar i bokhylla, og då Ivar Mortensson-Egnund jamleg var i Rauland, kom ho inn i redaksjonen i Fedraheimen. Ho skreiv fleire lesarbrev og dikt i bladet 1883–85, signerte «Ingebjørg» eller «-bjørg». I 1883-årgangen skreiv ho forteljinga Ragnhild Slettevoll. Jore var medarbeidar i Fedraheimen mellom 1885 og 1888,  i periodar som redaksjonssekretær, mellom anna då Arne Garborg var i Paris hausten og vinteren 1885–86. I 1888 publiserte ho eit lite skodespel i Fedraheimen.
 
Jore sydde eit reint flagg til skyttarlagsfesten i Rauland 17. mai 1884 og tok i 1888 til orde for at Noreg burde bli republikk.
 
Ho emigrerte til USA i 1892, der ho fem år seinare gifta seg med Arthur Goodspeed og fekk tre born. Ho var på denne tida huslærar for borna sine og skreiv i Decorah-Posten.
  

Frå "Ingebjørg Jore", Allkunne.no, sist oppdatert 25.3.2014 [lesedato 29.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.