Ei Gjenta

(Dikt, 1867)

Av S.G. [John Klæbo]

Dan fyrste Gong eg henne saag,
daa var ho ung og bleik;
men endaa vardt eg sæl og fjaag,
for dar var Liv og Leik.
I Solarljoset voks ho upp,
so frisk og englarein,
nett som naar Blomens fine Knupp
sprett ut paa granne Tein.

Dat er vel Hugnad dit at sjaa,
dar Idun lett seg snur;
men inkje myket langt ifraa
stend Sjovnar Möyar-Bur.
Og agta deg fyr denne Dis,
um hard du er som Stein!
Ho kveikjer Eld paa eigi Vis;
dat gjeng til Merg og Bein.

I Kyrkja möttest me ein Gong,
ho gjekk til Herrens Bord.
Eg höyrde ei paa Kyrkjosong
ell' Prestens Blomsterord.
For Tanken flaug som snaape Vind
mot Ljoset paa min Veg:
ei Gjenta, som med Taar paa Kinn
aat Jesus böygde seg.

Ja Mannsens ljose Himmelbru,
Aalheimsens skire Dag
er Kvinna, som fekk Barnatru
og Elsk av rette Slag.
Ved Sida hennar Herren stend;
han tek deg i si Hand
og lyfter deg mot Himlens Grend;
daa fyrst du verd ein Mann.

Kvar denne Gjenta seter Fot,
der kann du tru verd Liv;
so mang ein spræker Gut fær Mod
og rundt kring henne sviv.
Ho ser paa alle lika varm,
som Blom i Sumars Krans;
med Ungdomsleik i Brjost og Barm
ho sviv som Alv i Dans.

I rike Heim ho stend no haag
som Björk i fagre Lund.
Skal tru, ho kjenner seg no laag
i djupe Hjartagrunn?
Skal tru ho ei i Saal og Sinn
vardt byrg og altfor klok?
Skal tru ho bed med Taar paa Kinn
og les i Livsens Bok?

Gud signe deg, mi væne Dros!
Haldt berre fast paa Gud!
Han kveikte ein Gong upp eit Ljos,
lat dat ei slokna ut!
Naar dat brenn klaart, er Kvinna du,
eit Ljos fyr Heimen din.
Daa lyser og mi Himmelbru,
daa ser eg Vegen min!
 
 
 

Frå Ferdamannen. Eit Vikoblad aat Aalmugen. Laugardagen dan 2dre November 1867. No. 37 og 38. II. Aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad