Kvite Krist

(Salme, 1927)

Av John Klæbo

Tone: Alt stend i Guds faderhand

Kvite Krist fraa himmel-land
Han er baade Gud og mann,
Konung yver ljosens rike,
Mild og naadig utan like, 
Reinsar i sitt frelsar-namn,
Ber oss inn i himmel-hamn.

Som eit barn dreg Jesus inn
Kvar han finn eit barnesinn.
Giv eg verdig daa kann vera
Aa faa syngja um di æra.
Jesus, giv meg barnesaal,
Jesus, giv meg englemaal!

Signa alle Noregs menn
Kring i kvar ei bygd og grend,
Burt i kotom, upp i salom,
Ut paa øyom, upp i dalom!
Heile Noreg tak i famn,
Giv oss jol i Jesu namn!


Frå Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og møte. Andre upplaget. Skuleutgaava. Bjørgvin: A/S Lunde & Co. Forlag 1927. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad