Karen Grude Koht

Karen Grude Koht, bondedotter som vart ei av dei mest boklærde kvinnene i si tid. Ho var ein ihuga føregangsfigur i den framveksande kvinnerørsla og var med og meisla ut ei ny kvinnerolle for det tjuande hundreåret.

Karen Grude Koht
Karen Koht
Karen Elisabeth Grude Koht var fødd på Jæren 16. november 1871 og døydde i Bærum 10. juli 1960. Ho gjekk mellomskulen i Egersund i 1887. Etter nokre år som huslærar og guvernante drog ho til Kristiania, der ho i 1894 tok examen artium, noko berre 12 ungdomar av bondeætt hadde gjort før henne. I 1896 tok ho lærarprøva for studentar og tok til å studere realfag ved universitetet. Seinare vende ho den faglege interessa mot psykologi, språk og kultur, som ho mellom anna studerte ved Sorbonne og Oxford. 

Alt frå ungdomsåra heime på Jæren ivra Grude Koht for kvinnene sin rett til utdanning. Etter kvart tok ho offentleg til orde for lik løn for manns- og kvinnearbeid. I lærartida si på Eidsvoll 1908–1909 førte ho opp "Kvendesoge" som undervisningsemne, og 1908 gav ho ut Kvinnearbeid, der ho rettleier unge jenter som skal velje yrke.

Frå 1911 var ho i tjue år med og bygde opp Statens lærarinneskule i husstell på Stabekk i Bærum og var lærar der, samtidig som ho arbeidde for Norske Kvinners Nasjonalråd.

Frå hundreårsskiftet var Grude Koht ei drivkraft i målrørsla. I 1909 gav ho ut Mi fyrste bok, ein ABC på nynorsk. Ho var medarbeidar i Syn og Segn, der ho både skreiv eigne artiklar og omsette frå andre språk, ofte om tema frå kunst og kultur.

Grude Koht engasjerte seg i fredssak og for kvinneleg røysterett. Ho gav ut bøker om barneoppseding, og i 1937 Pedagogisk psykologi, saman med dottera, Åse Gruda Skard.

 
Frå Marit Dalen: "Karen Grude Koht", Allkunne.no, sist oppdatert 2.8.2010 [lesedato 16.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.


Tekstar om Karen Grude Koht
Biografi av Anton Aure (1916)