Ved Neslands kyrkje

(Dikt, 1920)

Ved Magnus B. Landstad

(1879)

Å der æ vent i Neslands kyrkja,
nær klokkune gjeve dur:
Der gjekk eg las fe gamle presten,'
å der hev eg stae brur.
Gud hjølpe den som æ gamal.

Å der æ vent i Neslands kyrkja,
nær folkje kallar på Gud:
Der hev eg fengje lagt ifrå meg
mi såraste hjartesut.
Gud hjølpe den som æ gamal!

Å der æ vent i Neslands kyrkja
Vår Herre hell disk og duk:
Kvor den einaste heilagdag
så kjem eg dæ ihug.
Gud hjølpe den som æ gamal!

Dæ æ så unaleg vera
der ein æ kjend så væl:
Dæ nye æ allstøtt mykje gildar,
d'æ 'kje da mætar hell.
Gud hjølpe den som æ gamal!

Presten han hev så mykje
å røa fe 'kon små:
Sæl æ den som i denne væri
vil lye trutt derpå!
Gud hjølpe den som æ gamal!

Men aller lydde eg bære,
å aller las presten så greitt
som i den gamle Neslands kyrkja,
den venaste nokon veit.
Gud hjølpe den som æ gamal!

Der ligg han Olav jamsies,
å der ha' eg tenkt meg te -
der skå dei ho Kari leggje,
der vil ho jarast ne.
Gud hjølpe den som æ gamal!

Ei gomol kjering æ ille fari,
Ho stend no i vegjen støtt:
Bære vera unde molli moka,
å få dei tregunne bøtt!
Gud hjølpe den som æ gamal!

Eg totte de va tregalege
rive de skruve ne:
Men der vekse no sure aplar
alstøtt på gamle tre!
Gud hjølpe den som æ gamal!

 


Frå Lars Eskeland og Severin Eskeland: Lesebok for ungdomsskulen. Kristiania: Olaf Norli 1920. Elektronisk utgåve 1997 ved Jon Grepstad