Johannes Lavik

Johannes Lavik, jurist og redaktør, var gjennom avisa Dagen ein sentral opinionsdannar for lekmannsrørsla på Vestlandet i mellomkrigstida.

Johannes Lavik
Johannes Lavik

Johannes Lavik var fødd 11. september 1883 i Kvinnherad og døydde 29. september 1952 i Bergen. Han var son til Andreas Lavik, ein av dei fremste leiarane innanfor den kristne lekmannsrørsla på Vestlandet. Etter å ha utdanna seg som cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1913 arbeidde han som sorenskrivarfullmektig 1913–14 og sekretær i Kristeleg Pressekontor i Oslo 1915–18. I 1919 vart han redaktør for den nyetablerte avisa Dagen i Bergen, som han leidde gjennom ein mannsalder, til 1952.

Lavik arbeidde Dagen fram til å verte ei av dei leiande kristelege avisene i landet. Han var ein omtykt foredragshaldar og publiserte ei rekkje skrifter der han tok opp ulike spørsmål knytte til kristendom og samfunnsliv. Mange av tankane sine har han oppsummert i Spenningen i norsk kirkeliv – kirkehistoriske konturtegninger (1946). Lavik skreiv på bokmål.

Frå "Johannes Lavik", Allkunne.no, sist oppdatert 25.4.2013 [lesedato 16.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.