Mons Litleré

Mons Litleré, bokhandlar, forleggjar og redaktør som trass i at han døydde berre 28 år gamal, må reknast som ein av dei mest aktive, framsynte og moderne forleggjarane Noreg har hatt.

Mons Litleré
Mons Litleré
Litleré var fødd i Naustdal 2. februar 1867 og døydde i Hamburg 8. april 1895. Etter ein vinter på Gloppens Amtskole og ein på folkehøgskulen i Sogndal opna han i 1886 Norskmålets bokhandel i Naustdal, men flytta til Bergen med bokhandelen alt året etter. Dit vart han henta av målfolk og venstrefolk frå Nordre Bergenhus Amt for å vere redaktør i Firda- og Sygnafylkets Avis, som gjekk over til landsmål i 1890.
 
Med Mons Litlerés forlag var han den fremste formidlaren av litteratur på landsmål før 1900. Av dei kring 90 titlane han gav ut, var vel 60 på landsmål og knapt 30 på dansk-norsk. Litleré tok også i kommisjon bøker som var finansierte av andre, i alt 24 titlar – likt fordelte på dei to språka.
 
Opptakt
Litleré vart godt kjend med landsmål og litteratur den vinteren han var i Sogndal. Han skjøna at skulle det seljast bøker på landsmål, måtte ein søkje eit nytt publikum. Han skaffa seg restopplag av alt utkomne landsmålsbøker og fór ikring i Sunnfjord og selde. Han gav ut fire bøker frå Naustdal i 1886–87. Det var forteljingar, mellom anna to små samlingar som han omsette sjølv, mellom anna av Bjørnson, Kielland, Lie og Alvilde Prydz (Forteljingar og Fraa Bygd og By. Forteljingar). I tillegg averterte han for sal bøker av Arne Garborg, Jens Tvedt og Henrik Krohn.

Bokproduksjonen
Forlagstiltaket var smålåte, men fekk framgang etter kvart. Ved hjelp av stor arbeidsevne og optimisme greidde Litleré å byggje opp eit føretak som fungerte. Framleis måtte han jakte på det potensielle publikummet, og fram til 1892 engasjerte han reisande bokseljarar. Litleré produserte bøker av ulik kvalitet. Han sikra seg snart rimeleg sikre kort som Garborg og Tvedt. Seinare kom også dei yngre Hans Seland og Rasmus Løland. Og han gav ut ei rekkje antologiar med nye forteljingar («Små-stubbar») som delvis kom i nye opplag. Etter kvart produserte han òg lærebøker, særleg i historie (Steinar Schjøtt), rekning (Aamund Salveson) og norsk (Lars Eskeland). Det kom omsette bøker på dansk-norsk (8), landsmål (6) og sognemål (1). Det var mest forteljande prosa, medrekna barnebøker, ein del lyrikk, men òg essayistisk sakprosa. Av Garborg kom både diskusjonsinnlegg på dansk-norsk og det essayistiske pionerverket Kolbotnbrev og andre Skildringar (1890, 2. utg. 1891). Men ulike forfattarar fekk òg sjansen til å prøve seg med meir amatørmessig prosa av skiftande kvalitet.

Ein nynorsk litteratur
Men alt i alt er det ingen tvil om at hovudtanken til Litleré heile tida var å utvikle ein allsidig produksjon av prenta skrifter på nynorsk. Trass i vanskar hadde drifta auka mykje. Frå å ha vore åleine om nesten alt sysselsette han sju personar i tillegg til seg sjølv hausten 1894. Han hadde etablert bokbinderi og hadde planar om eige prenteverk, og han hadde til og med planar om å kunne betale ein del av forfattarane ei fast årsløn.
Johannes Anderssen dreiv forretninga vidare, først med litt bokutgiving, men etter kvart berre ymse papirvarer.

Frå Idar Stegane: "Mons Litleré", Allkunne.no, sist oppdatert 24.8.2010 [lesedato 30.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.

 
Tekstar om Mons Litleré
Olav Nygard: Med eit bilæte av Mons Litlere (dikt, 1923)