100 aar

(Minnestykke, 1914)

Av J. Løvland

Søren Jaabæk var fødd 1ste april 1814; medan prins Christian Fredrik fyrebils styrde Norig. "Jeg er født under republiken og derfor er jeg republikaner," sagde han titt. Det var no meir av eit diktatur, eit einevelde enn av republik, dette regentstyre til Christian Fredrik fraa 16. februar til 17. mai. Men Jaabæks republiktankar var likevel fraa 1814. Det folk reiste seg mot, det var no fyrst og framst mot Kielerfreden, - der stod alle nordmenn samde, fraa greiven paa Jarlsberg til Teis Lundegaard. Men dinæst var det mot "suveræniteten". Med dette ordet meinte dei det einvelduge kongestyret "av Guds naade", som trudde det hadde magti ovantil og inkje stod til reikneskap for nokon utan "Gud, vaar Herre". Det stod so i "kongelovi," som fraa 1661 hadde vori grunnlov for tvinlingsriki Norig og Danmark. Mot denne kongelege "suverænitet" sette dei upp "folkesuveræniteten", at al magt er fraa folket. Og denne kjensla og denne tankjin saug Jaabæk bokstaveleg inn med morsmjølki vaaren 1814. Det var folkestyretankjin, slik som han livde i England og i Amerika. Det var hans ideal.

Um Jaabæk var radikal? Ja, det var han, den radikalaste norske politikar i si tid. Han vaaga aa tala til forsvar for det store arbeidarlaget "Internationale" i ei tid, daa det var den store skræmsla i alle land. Daa dei her dryfta og dividera um aa vidka ut stemmeretten til fleire klassar, eller til dei som svara skatt enten etter ei viss inntekt eller i 3 aar etter kvarandre, reiste Jaabæk kravet um aalmenn stemmerett og spaadde at kvendi laut koma med. Han tala og skreiv støtt um det, at det simple arbeid, kjøyra myk og grava veitur og dikje, skulde ha same vyrdnad som embætsarbeid, t. d. som prestens arbeid i kyrkja, so prestane meinte han spotta yver Guds sakrament og neitta aa godta han til fadder for sit eigje barnebarn. Han heldt fram aattetimars arbeidsdag i fabrikkar, frihandel og direkteskat. Han var "fritenkjar" men trudde paa "Jesu lære" etter bergtala, liksom Tolstoy og Garborg no i tidi. Han meinte embætsfolk skulde inkje ha nokon forret for andre borgarar til pensjon, men ei "naadeløn" til liva av, - det dei trong og inkje meir. Han fekk burt sportellønine og faste embætslønir istaden.

Og so var han ein sterk upplysningsmann. Universitetet skulde haldast godt, og serleg det store biblioteket. Og so folkeskulen og boksamlingar. Det skulde vera statssakir. Men jordbruk, sjoferd, industri, handel, handverk, fiskeri, februk, konst og literatur, - det skulde vera fritt, utan "bidrag og understøttelser". Han stemde mot det meste av "landbruksbudgettet" liksom mot diktarlønir. Fritt arbeid, fri tevling! So kjem den beste og det beste fram.

Jaabæk var bonde og dreiv garden godt. Men samstundes var han ein lesande bokmann og so var han journalist; skreiv jamleg i bladi og fraa 1865 til 1878 hadde han sit eigje blad "Folketidende" som kom ut eingong i vika og eitum bil hadde 17000 tingarar, so han var ei stormagt i politiken vaar. Han var sjølvlært og paa some leider trongsynt og udyrka. Men der han var, der var han hugheilt. I si personlege ferd var han kravlaus, gjestmild og mannagod.

Han var paa alle storting 1845-91, ingen ting mann hev tent so lenge. Han døydde i januar 1894.

Takk for hans arbeid og vyrdnad yver hans minne!


Frå For Bygd og By. Sundag 22. mars 1914. Nr. 6. 3. aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad