Soga um krossen

(Omsetjing, 1898)

(Av Heilagra manna sögur, umsett fraa gamalnorsk av Halfdan Møller)

Kvar Vaarherres kross er komen ifraa

So er sagt, at etter Adam hadde gjort syndi i paradis og var driven burt derifraa i ein skinnstakk for syndi si skuld, daa bad han Gud um miskunn for seg og sitt avkjøme. Daa vart det lova honom av Gud, at ved heimsens ende skulde Gud gjeva honom miskuns olje, som skulde grøda all hans ætt. Sidan sette Adam, og Eva kona hans, bu i ein dal som heiter Ebron, i Jorsalalande, og dei hadde der myki møda og ira alltid paa si synd. Dei bygde der og fekk mange born, og den yngste sonen deira var Set, som Gud gav dei i staden for Abel, som Kain hadde drepe.

Adam hadde levt i ni hundrad og tvo og tretti aar i Ebron-dalen, og ein dag studde han seg paa øksi si og tok til aa gremmast og hugfara mangt; for han saag det voks upp myken vondskap i heimen av hans avkjøme, og han leiddest daa aa leva lenger.

Han kalla daa til seg Set, sonen sin, og sagde til honom: "Sonen min, eg vil senda deg til paradis, til kerubengelen, som vaktar livstrée med logande sverd." Set svara: "Eg vil gjerne fara kvart du bed meg; vis meg vegen, og seg meg det eg skal segja med engelen, som du sender meg til." Adam sagde: "Seg med engelen, at eg leiest aa leva, og bed honom fraa meg, at han gjer deg og meg kunnige um den miskuns olje som Gud lova meg daa han dreiv meg ut or paradis."

Daa Set var buen til ferdi, sagde Adam at han skulde ganga i aust, "og du skal finna ein dal fyre deg, der tek ein grøn veg til; og at du grant kan kjenna denne vegen, skal du finna fotspore aat meg og mor di svordlaust og svart, der me gjekk, daa me var drivne ut or paradis, hit til denne sorgardal. Og so store var synderne vaare, at aldri voks det sidan grønt gras der me gjekk, daa me var drivne ut or paradis, alt til me kom hit."

Fór daa Set til paradis, etter det far hans hadde vist honom, og daa han kom paa vegen, daa undrast han paa ljose og skine som var i paradis, og fall til jordi av rædsla, og fekk det i hugen, at det var det eldsljose som far hans hadde vara honom um, at han skulde signa seg fyre ljose med det merke som heiter Betel, og so kom Set med heilo fram til paradis.

Daa engelen saag Set, spurde han kvi han var komen. Han svara: "Far min, Adam, som no er mod av elda og leiest aa leva, sender meg hit, og bed at du maa vyrdast aa syna honom med meg sanningi av den miskuns olje som Gud lova honom." Engelen svara: "Gakk til paradisdøri og rett inn hovude ein gong, og gjev vel gaum paa dei ting som syner seg for deg i paradis."

Og han so gjorde. Og daa han hadde rett hovude inn um døri, daa gaadde han det som var so fagert, at ingen manns tunga kan segja det ut, ymse slag av vokstrar og blomstrar, fuglesong og ei uteljande mengd av angar og søt daam. Midt i paradis saag han den skiraste kjelda, og or den kjelda rann det fire elvar heiter Phison, Geon, Tigris og Euphrates. Desse fire elvar held all heimen med vatn. Men yver kjelda saag han ein apal standa med mange greiner, men endaa borklaus. Han undra mykje paa, kvi der var borklaust, men daa han mintest fotspore aat far sin, som han hadde set paa vegen, svart og graslaust for syndi si skuld, so tottest han sameleis vita, at dette trée var svart for syndi si skuld aat far og mor hans. Sidan gjekk han att til engelen og sagde honom alt det han hadde set. Men engelen bad honom ganga attende andre gongen, og daa han kom att, saag han ein orm, som smaug kringum den nakne apalen. Og daa han hadde undrast paa dette, gjekk han att til engelen. Daa bad engelen honom tridje gongen, aa ganga attende og grant gjeva gaum paa det som synte seg for honom. Men daa han kom att, saag han den fyrr nemnde apalen uppvaksen til himlarne, og øvst uppi toppen paa apalen saag han eit barn graatande og sveipt i klæde. Og daa han undra seg paa dette og saag ned fyre seg, daa saag han røterne paa apalen smjuga igjenom jordi alt ned til hel, og der kjende han sjæli aat Abel, bror sin. Og daa han hadde set desse ting, gjeng han attende til engelen og, segjer honom alt det han hadde set.

Daa sagde engelen: "Gutebarne, som du saag, er Guds son. Han skal avskrapa synderne aat foreldri dine, so snart tidarmaale er fullt; han er den miskuns olje som var lova dei, den rette oljen og mildleiken i den sanne kjærleik."

Daa Set vilde gaa burt og tottest vel hava fullført si erend, daa gav engelen honom tri kjernar av det eple som far hans hadde ete, og sagde med honom: "Innan tri dagar, fraa det du kjem heim, skal far din andast; daa skal du leggja desse kjernarne under tungerøterne paa den daude. Dei skal veksa upp til tri store apalar. Ein vert cedrus, den andre cypressus, den tridje pinus. Cedrus tyder Faderen, cypressus Sonen, pinus Heilaganden. Cedrus tyder Faderen, med di at det er van aa veksa høgare en alle apalar. Cypressus, som angar betre en alle apalar, ter oss Sonens søtleik. Og pinus, som ber mange kjernar, ter oss Heilagandens mangfaldige gaavor."

So fór Set heim og kom med heilo til foreldri sine. Daa Set hadde teke fram for far sin alt det han hadde set og høyrt av engelen, daa gleddest far hans og lo ved det. Men i alle Adams levedagar, fraa det han var utdriven or paradis, saag ingen mann honom læja fyrr no. Og daa han var full viss vorten um Guds miskuns olje, daa paakalla han Gud og sagde: "Herre min, mitt liv er no langt nok; tak no mi sjæl herifraa." Og innan tri dagar, fraa det Set kom att fraa paradis, andast Adam, etter det som engelen hadde sagt fyreaat. Set, sonen hans, jorda honom i Ebrondalen og lagde under tungerøterne hans dei tri kjernarne som engelen hadde gjeve honom; av dei kom det upp tri renningar or Adams munn, og stod grøne baade vinter og sumar.

Men so er sagt, at daa Gud bad Moses aa fara til Ægyptarland til aa frelsa sitt folk derifraa, daa tok han av dette trée dei tvo stavar som han gav Moses, og som dei tvo brørne, Moses og Aron, gjorde alle jarteignerne med i øydemarki for Israels folk; og dei tvo tréi voks ikkje sidan. Men daa kong Salomon let gjera Herrens tempel, daa let han hogga det same trée som etter stod, det som var vakse or Adams munn, og etla det til ein stokk i temple. Men der som det var tiletla, vart det anten for stutt elder for langt, og difor vart det lagt ned attmed temple.

Lite seinare kom til kong Salomon den drotning som heitte Sibilla, men sume kallar henne Saba; ho var fraa det lande som heiter Ætiopia. Av alle heidne kvinnor var ho den visaste i verdi. Ho fór og vilde røyna Salomons visdom, og bar fram gaator for honom. Han gat alle gaatorne hennar og alle hennar vandemaal.

Ho sagde ogso med honom alt det ho visste, utan ein ting, den løynde ho for honom, medan ho var der; men sidan skreiv ho det til honom, at "paa det trée som ligg ved temple og er etla til stokk, skal den mann verta hengd, som alle jødar fær hemn etter yver seg, naar han er drepen, og dei vert til nedfalls sjølve og alt deira rike."

Sidan let Salomon taka dette trée og søkkja det med bly ned i eit fen, der han tenkte med seg at det aldri meir skulde koma upp att. Men det synte seg i pinsletidi aat Vaarherre, Jesus Kristus, og kom upp, og der tok jødarne det og gjorde av det krossen og pinte der den allmegtige Gud. Men ikkje mange vintrar etter Vaarherres pinsla og uppstoda vann Titus, son til keisar Vespasian, Jorsalborgi, og selde alle jødar, dei som ikkje var drepne, i trældom og naud, tretti for ein penning, og dei vart sidan aatskilde og for kring all heimen, og fekk korkje vald elder rike sidan; og slik sannast spaadomen aat drotningi.
 
 

Frå Syn og Segn 1898, Kristiania: Det Norske Samlag. Side 109-113. Elektronisk utgåve
2003 ved Jon Grepstad.