Um kaupmannen

(Omsetjing, 1901)

Av Halfdan Møller

[Omsetjing frå Kongsspegelen]

       S o n. God dag, herre! Eg er so komen til dykk, som det bør ein lydug og smaalaaten son, til aa finna ein kjærleg og gjæv fâr; og eg vil beda dykk at de maa hava tolmod til aa lyda paa dei ting som eg hev hug aa spyrja um, og smaalæte til aa svara med godhug paa spursmaali.
       F âr. Med di du er einaste sonen min, so likar eg det vel, at du ofte kjem til meg; for me kann turva røda um mangt, og eg vil gjerne lyda paa det som du vil spyrja um, og gjeva svar paa dei ting som eg med skynsemd vert spurd um.
       S o n. Eg høyrer det vitnemaal aalment, som eg og trur er sant, um dykkar vitskap, at snaudt finst kunnigare mann i landet enn de er i all visdom; med di alle stundar til dykkar avgjerdsla, naar dei hev vande saker aa greida; ja eg høyrde endaa at det var so vore, den tid de var med kongen, at i dykkar munn tyktest vera all landsstyringi, baade i logsaker, sættargjerder og allskyns visdom.
       Med di eg no er rette ervingen dykkar til eigedomen, so vilde eg gjerne verta arvtakar til noko av visdomen dykkar, og eg vilde at de lærde meg kva lærdoms grunnlag eller upphav som eg kunde faa fraa dykk, so eg derifraa kunde tyda all skrift av dykkar vitskap og so stiga i dykkar fotefar; for eg ventar, um de fell ifraa, at mange skal ynskja at de hev lært meg etter dykkar eigne seder.
       F âr. Slik røda tykkjer eg er gild aa lyda paa, og so hev eg og hug aa svara; med di det er stor hugnad for meg, at eg hev leivt etter meg mykje gods til det at rette sonen min skulde njota det etter meg - for eg vilde knapt vyrdt honom som son min, endaa eg hadde avla honom, um han hadde vore ein faaming.
       Men um du vil læra vitskap, daa vil eg syna deg den grunnvollen som er upphav til all visdom, etter det som ein stor-vismann hev mælt: "Det er visdoms upphav aa ottast den allmegtuge Gud." Men endaa skal ein ikkje ottast honom som uven, men med kjærleiks otte, so som Guds son lærde honom som spurde kva upphavet var til bòdordi, og Guds son viste honom til det skriftord som sagde so: "Du skal elska Gud av heile ditt hjarta og av all din styrke og av all di magt." No skal ein elska Gud framum alt, og ottast honom kvar gong ein lyster etter range ting, og so slaa ifraa seg range lyster for Guds skuld, um ein so hadde djervskap til aa halda paa deim for menneski.
       Med di du no leitar etter kva fyrste-stykket eller grunnvollen kann vera til aa faa visdom, daa er dette det sanne upphavet og inkje anna. Og den som tek dette og agtar paa det, han saknar ikkje sann visdom eller noko anna godt.
       S o n. Dette er so-visst kjærleg raad, som von var av dykk, og dertil god og lettlærd for kvar som lukka fylgjer; men endaa maa der vel fylgja mange ting som høyrer til yrkemaal, um ein skal heita vis.
       F âr. Dette er upphavet og fyrste-stykket aat alt som godt er; og liksom alle bøker gjeng ut ifraa staveboki, soleis bør alle yrkefar fylgja dette upphavet; for av yrki vert mannen klok, kva livemaate han sidan vil velja, anten han vil vera kongsmann eller bonde eller kaupmann.
       S o n. Med di eg no er i lettføraste alderen, daa hev eg hug til aa fara lande-millom; for eg trøyster meg ikkje til aa søkja til hirdi, fyrr eg hev set sederne aat andre folk fyrst. No er dette hugen min, um de ikkje legg onnor raad fyre meg.
       F âr. Endaa eg sjølv hev vore heller kongsmann enn kaupmann, so vil eg ikkje lasta den idni for deg; for dette vèl ofte dei beste menner. Men det hev mykje paa seg, um ein mann heller likjest deim som er rette kaupmenner, eller deim som gjev seg namn av kaupmenner, men likevel er prakkarar eller fuskarar og sèl og kauper rangt.
       S o n. Det skulde høva vel for meg aa likjast deim som det var vel med; med di det mun synast vonom verre, um dykkar son liktest deim som det ikkje var vel med. Men kva det no vert av meg, so hev eg daa hug til at de gjer meg kunnig i sederne aat dei menner som gjer det vel i det yrkefaret.
       F âr. Den mann som skal vera kaupmann, han kjem til aa raaka fram-i mang ein livsfaare, stundom paa havet, stundom i heidning-land, men mest alltid millom ukjende folkeslag; og det tarv han stødt leggja seg um, at han fører seg rett der som han er stadd. Soleis treng han paa havet vera lettfør og sterk.
       Um du no er i kaupstad, eller kvar du er, so ver baade sedsam og lettlaaten; det gjer mannen vensæl hjaa alle gode menner. Vèn deg til aa vera aarvak um morgonen, og gakk straks fyrst aat kyrkja, der som du tykkjer det best fell for deg aa lyda tenesta, og lyd der alle morgontenestorne og messa straks etter ottesong, og bed daa samstundes for deg med salmarne dine og dei bøner som du kann. Men naar tenesta er slutt, so gakk ut og sjaa til kaupet ditt. Men um du er ukjend med kaupet i byen, daa sjaa nøgje etter korleis dei fer aat med kaupet sitt som er kalla dei største og beste kaupmenner. Det skal du og agta paa med all den vara som du kauper, at ho er all igjenom uskadd og utan fusk; og ransaka, fyrr du gjer kaupet ditt fullvisst. Og ved alle dei kaup som du gjer skal du stødt hava nokre skilsmenner attaat, til vitne paa korleis det vart gjort med kaupet.
      Men det skal du stødt leggja deg um, kvar stund du hev fritid, aa minnast upplæringi di, allra mest i log-bøkerne; for det er røynsla, at mindre vit hev alle hine enn dei som nem mannevit av bøker, med di at dei hev fleste vitne for kunnskapen sin som best er lærde. Er du kunnig i logi, daa vert du ikkje med ulog medfaren, um du hev sak aa føra med jamningarne dine, og daa kann du svara til alle saker etter logi.
       Men um eg no hev rødt mest um log-saker, so vert endaa ingen mann full-vis, minder han hev skyn og greida paa alle seder der som han kjem. Og vil du verta fullkomen i kunnskap, daa lær deg alle tungemaal, men aller helst latin og vælsk; for dei tungemaali gjeng vidast; men tyn daa likevel ikkje difor ditt eige maal.
       Vèn deg til aa vera so framferdig som du kann, men endaa slik at du ikkje sèt helsa paa spel. Vèn deg til sjeldan aa vera tunglynd; for tungt lynde er oftaste sjukt. Ver heller jamt blid og lettlaaten, jamhuga og ikkje lunut. Du skal sjølv vara deg for all last, og læra kvar mann som vil lyda etter deg det som godt er; og tyd deg jamt til dei beste menner. Gjæt vel tunga di, det er veneraad; for av tunga fær du sømd, og av tunga vert du dømd. Og um du vert vreid, daa mæl heller lite, og ikkje i braasinne; for eit ord kann verta sagt i braaskap, um mannen ikkje varar seg, som han sidan vilde gjeva gull for var usagt. Og eg veit ingen hemn, endaa mange brukar han, som mannen mindre gagnar seg sjølv med enn spitord til annan mann, um han so hev nok or usemja med honom. Det skal du vita for visst, at ingen er større i kraft og styrke enn den mann som vel kann halda tunga si fraa bannskap og spitord og lausord og all tungeskade.
       Um det vert unt deg aa faa born, so lat ikkje barnet ditt verta upp-ale utan det lærer eit yrke; for daa er det helst von til at mannen held seg sjølv til mannevit og verksemd, fyrst han kjem til aa raada seg sjølv, naar han vert vitsam i ungdomen, medan han er under age.
       Enno er det nokre ting som du skal fly og vara deg for som den vonde sjølv, det er ovdrykk og spel og skjøkjor og trættor og terningkast um innsaat. For paa denne grunnvollen timbrast dei største ulukkorne, og faae vert lenge lastelause eller syndelause, um dei ikkje varar seg for desse ting.
 
 
[Notar:]
 
sættargjerde: forlik.
faaming: uviting, tosk.
idn: sysla (virksomhed)
vonom verre: verre enn ein skulde venta. altfor ille.
yrkefar, yrkemaal: haandtering, erhvervsgren.
sedsam: opmand, voldgiftmand.
nema: lære.
vælsk: fransk.
tyde seg til: halde seg til vens med.
innsaat: indsats.
 
 

Frå Lesebok for høgre skular. Utvalde lesestykke i bygdemaal og landsmaal ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Tridje upplag. Kristiania: Alb. Cammermeyers Forlag 1901. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad