Få meg på, for faen

(Roman, 2005, utdrag)

Maria går til jobben
 
Måndag klokka 06:40 er Maria, den eldste dottera til Sebjørn, på veg til jobben. Ho går med regnklede og sekk på ryggen, og ho går i takt med musikken ho har på øyra. Ho syng inne i seg:
 
        Eg vil aldri bli! Maria Magdalena.
        Du er ein nattskapnad
       Maria Magdalena.
        Du er nattas offer.
        Du treng kjærleik.
       Du lova meg fryd.
        Du treng kjæ-ærleik 1
 
Ho høyrer songteksten på engelsk i discmanen, men prøver å synge på norsk når ho går gjennom Lille Øvregate. Det er ikkje alle orda ho er sikker på om ho veit heilt kva betyr, og det er heller ikkje alltid like lett å setje om teksten slik at det passar til musikken, så etter kvart konsentrerer ho seg berre om å synge med på:
    - Du treng kjærleik, hm hm hm hm-hm, du treng kjæ-ærleik.
Ho tenker at dersom det kjem nokon og intervjuar henne akkurat no, så vil ho seie til reporteren at det er det største ønsket ho har, at nokon skal elske henne.

    - Det er det viktigaste, kjem ho til å seie til reporteren, gjerne Halvor Folgerø frå Vestlandsrevyen:

    - Å bli elska. Då kjem resten av seg sjølv.

    Halvor Folgerø kjem til å nikke så håret på sidene vippar fram og tilbake, og ho må fortelje han at han var finare før, då han hadde kort hår.

    - Men dette kjem de vel til å klippe vekk? kan ho halde fram, med ein liten latter. Og dersom dei lar henne snakke meir i mikrofonen, kan ho seie:

    - Du liknar på Arild Sondre Sekse. Eg har stor respekt for Arild Sondre Sekse, og eg trur eg overførte denne respekten til deg då du begynte i Vestlandsrevyen. Du har vist deg denne tilliten verdig, Folgerø.

Dei står på trappa til domkyrkja, det er ikkje heilt lyst enno, og det regnar framleis. Maria står litt krokbøygd, ho lener seg så nær mikrofonen som ho kan. Ho ser på mikrofonen, ikkje på Halvor Folgerø.

    - KUTT, seier han.

    - Kan du seie det same ein gong til? Mens du ser på meg? Du treng ikkje vere så nær mikrofonen, vi styrer han i passeleg høgd. Ikkje tenk på mikrofonen, du skal berre vere deg sjølv.

    Halvor Folgerø stryk håret bak øyra og skiftar til fjern- synsstemme før han stiller det same spørsmålet ein gong til.

    - Ehh, seier Maria.

    - Berre svar det same som i stad, kviskrar Folgerø, - men du treng ikkje kommentere meg igjen, det må vi klippe vekk uansett. Kan du ikkje heller seie noko om føredraget?

    - Jamen kva var spørsmålet no igjen? spør ho. No har alle gløymt det.

 
Problemet er at det aldri er nokon reporterar frå Vestlandsrevyen ute klokka tolv på sju ein vanleg måndagsmorgon. Og kva slags sak i Vestlandsrevyen ville fa Halvor Folgerø til å spørje Maria, rett nok kjend etter å ha halde eit beint ut sagt nådelaust føredrag, om kva som er det største ønsket hennar? Ja ja, så tidleg som det er, er det lov å førestelle seg både det eine og det andre, det kan vere slik førebels, ho kjem heilt sikkert til å finne ut av det etter kvart som dagen skrir fram.
 
Ho går med musikk i hovudet. Ho ser for seg teamet frå Vestlandsrevyen bak alle hushjørna. Der! Der kjem dei setjande i sakte film, springande som vore det ei ulukke dei skulle nå fram til.

    - Koooom aaaan, seier Folgerø med forvridd, sakte stemme. Han vinkar på dei andre, som naturleg nok spring saktare med svære kamera på skuldrene.

    - Der er ho, ho med føredraget! ropar Folgerø og spring frå kamerafolka, han viftar med armane til Maria.

    - Eg treng kjæ-ærleik, tenker Maria på å svare, ho tenker det om og om igjen og finpussar det ved å prøve å synge heile svaret på melodien til Maria Magdalena.

    - Eg treng kjærleik. Det er svaret mitt, tenker ho,

    - og så eitblikkog ein alvorleg pause før ein frigjerande lått og eit vanleg svar.

 

Medan Maria traskar gjennom Marken, tar ho fram disc- manen og spolar tilbake til Maria Magdalena. Ho trykkjer på repeat og hold, og legg han tilbake i sekken. Framfor seg registrerer ho så vidt togstasjonen idet det brått slår henne at ho jo gjerne kunne støyte på Halvor Folgerøetterjobb. Då tar ho som regel vegen over Torgallmenningen. Ho går der i sine eigne tankar:

    - Du treng kjærleik, hm hm hm hm-hm, du treng kjæ-ærleik, og så har ho ikkje fått auge på teamet frå Vestlandsrevyen som står der og intervjuar fem på gata før Halvor Folgerø brått står rett framfor henne og spør om dei kan få stille nokre spørsmål. Men Maria høyrer ikkje, og ho ser ikkje, så ho går rett i han og den blå og lilla allvérsjakka han har på seg. Oi oi oi! Øyretelefonane dett ut av øyra og blir hengande og dingle ut frå sekken i enden av leidningen. Klikk klikk, der rører dei steinhella.

    - Å, unnskyld, unnskyld,

Maria er heilt frå seg,

    - dette var ikkje meininga, slo du deg, herr Folgerø?

 

Folgerø er blid og høfleg, og det var ikkje vondt, neei då, og både han og kameradama ler. Då må Maria også le, og dei seier at det var utruleg bra at dei skulle støyte på henne her, no når dei først stod her og intervjua folk til fem på gata, kan dei fålovtil å stille henne nokre enkle spørsmål? No nøler Maria.

    - Æh, seier ho, — eg har vore på jobb, eg er så trøytt, eg er så svolten, og eg ser heilt forferdeleg ut.

    - Pøh! seier dei to, - du er så fin så. Det passar kjempebra at du er på veg heim frå jobb, det er jo ein heilt ekte situasjon og alt.

    - Nei, egserfæl ut, tenker Maria, — eg bør vel prøve åunngåkamerateam på veg heim frå jobb.

    Men Halvor Folgerø ser på henne med eit litt spesielt blikk, så ho seier
    -ja ja
    og så puttar ho øyretelefonane opp i sekken, så dei blir liggande der og synge

    - Du treng kjærleik, hm hm hm hm-hm, du treng kjæ-ærleik, i bakgrunnen, og etter at ho har svart på spørsmålet, spør Halvor Folgerø om han kan få telefonnummeret hennar. Men dette blir litt for mykje for Maria, så ho svarer

    - Nei, det trur eg ikkje, og så skundar ho seg vekk, og det blir ein litt dum slutt på heile opptrinnet.

 
Likevel snur ho seg når ho er borte med bokhandelen Norli, der ho må vente på grøn mann for å komme over gata. Dei ser alvorleg etter henne. Noko er gale! Anten har ho open buksesmekk, eller så har ho hatt eit stemme- leie som ikkje var til å ta feil av: Ho var heilt sprø! Ho var overspent, ho overdreiv den språklege utsmykkinga av kommentaren, stemma var for lys og krakilsk, og ... nei, stemma var for spydig og nedlatande, ho kalla nokon for ei padde eller ei gås etter at ho hadde sunge
    - Eg treng kjærleik, hm hm hm hm hm, eg treng kjæ- ærleik, og dei kjem til å plassere kommentaren hennar sist i innslaget om reinhaldsmedarbeidarane sine kår fordi ho først var så rar og deretter så påståeleg og frekk, og som sistemann i innslaget blir ho ein slags vits. Først når ho ser programmet om kvelden, ser ho at dei filma henne då ho snudde seg mot dei frå Norli, at dei zooma inn på det forvridd engstelege fjeset hennar. Og så er det han fyren frå Stavanger med den spede stemma og dei nåles- tripete dressjakkene som sit i studio, og han kjem til å humre litt etter innslaget og seie til dømes:
    - Ja ja, de skasje vere lett.
 
Men kvavardet ho sa? Nei, no hugsar ho det ikkje lenger. Det var heilt sikkert heilt ok. Ingenting å øse seg opp over. Som vanleg øste ho seg opp over noko som ikkje var alvorleg.
 
Ho er kommen ned i gangen under buss-stasjonen, og medan ho skrår inn i undergangen for å krysse hovudvegen, må ho nok ein gong slå fast at ho bør unngå å støyte på kamerateam etter jobb, for då er ho så usannsynleg trøytt, og då ser ho ærleg talt heiltforferdelegut. Og då blir det ikkje kjekt å komme på Vestlandsrevyen. Då kjem ho til å skamme seg etterpå, fordi ho såg så fæl ut der ho stod og sa den nøye uttenkte replikken som var morosam og god, og som stod perfekt til dagens innhald, men likevel. Ho hadde i alle fall ikkje open buksesmekk, for ho har på seg regnbuksa, og den har strikk i livet, så det måtte vere noko anna som fekk dei til å sjå alvorleg på henne. Sikkert det djupe alvoret bak skjemten, som først no gjekk opp for dei, det inderlege ved det engstelege ansiktsuttrykket. Så han Stavanger-fyren seier ingenting etter innslaget. I staden ser han berre beint ut i lufta, verken mot monitoren i pulten eller mot kameraet. Så ristar han seg liksom laus og held fram sendinga.
 
 
                                                                        1. Fritt etter "Maria Magdalena" sunge av Sandra
 
 

Frå Olaug Nilssen: Få meg på for faen. Det Norske Samlaget 2005. Side 11-16.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.

Artikkellesar