Nesten frelst av Sigvart Dagsland

(Essay, 2009, utdrag)

Nesten frelst av Sigvart Dagsland II
 
På manusmøtet i mai 2009 er vi alle samla rundt saltbøssa. Eg har fortalt om den humanistiske konfirmasjonen der eg heldt tale for litt over ei veke sidan. Talar.Det var to rundar med konfirmantar, og talen min handla om min kyrkjelege konfirmasjon, som eg i ettertid hadde skjønt var eit lite gjennomtenkt val. Eg lét det skine tydeleg gjennom at eg trudde dei som valde borgarleg konfirmasjon, hadde eit langt meir reflektert forhold til kva dei heldt på med enn det eg hadde hatt, og eg fortalde ein vits som min kateket fortalde for 17 år sidan - den handla om nynorskbibelen, og poenget i vitsen er at dei to første menneska på jorda heitte Aud og Tom.*
 
* For dei som ikkje skjønar vitsen: "I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Jorda var aude og tom, og mørker låg over havdjupet."Mosebok, 1-2.
 
 
Eg hadde halde same talen på Voss året før og hadde ikkje øvd så frykteleg mykje på førehand, eg rekna vel med at det skulle gå av seg sjølv, som så ofte før. Men det gjorde i grunnen ikkje det. Ingen lo av Aud og Tom-vitsen. Eg byrja å snuble i orda. Eg skjønte undervegs i talen at ingen kom til å skjøne ordet «varda» frå Olav H. Hauge-diktet «Din veg», som eg skulle avslutte med, og eg gav meg difor til å prøve å forklare det, utan å komme på det rette ordet. Eg fekk applaus då eg gjekk og sette meg, men applausen lét holt, og dei ansvarlege var ikkje heilt overtydande då dei takka for innsatsen etterpå.
    I pausen åt eg ein bagett medan eg las om Charter-Svein i avisa. Han sa at dei kristne var feige som var opptekne av tilgjeving. «Ved å få tilgivelse hopper du bukk over smerten,» sa han i intervjuet, og eg tenkte at Sigvart den lett-truande sikkert var einig, og skreiv ein sms om kva eg hadde lese.
    «Charter-Svein regner nok med at det bare tilgis over en lav sko,» svarer Sigvart. «Men Desmond Tutu var veldig opptatt av at man skulle vite hva man tilgav den gangen en skulle ta oppgjør med den gamle staten i Sør-Afrika. Det måtte frem i lyset først, så kunne det tilgis. Jeg heller nok mest mot Tutu-modellen.»
    Ja vel. Bra, tenkte eg og var rastlaus. Eg grudde meg til neste runde, men ville samstundes helst ikkje vente, eg ville få det unnagjort så eg kunne reise
heim. Då eg hadde sett meg i salen att, oppdaga eg at eg kjende nokre av foreldra, og eg følte meg endå verre til mote. Trøytt var eg også, merka eg, og eg gledde meg lite til å køyre tilbake til Bergen rett etter seremonien. Kvifor sa eg ja? stura eg og lurte på om eg skulle få eit «illebefinnande». Eller berre gå ut, late som om eg skulle på do og så berre fortsetje rett ut i bilen og køyre av garde. Eg sukka, eg visste at ingenting blei betre av å tenkje slik. Eg måtte ta meg saman! Tenkje positivt. Ekse meg opp.
    Kjære Gud, tenkte eg.
    Nei! kva er det eg gjer, heldt eg lattermildt fram og kjende det kribla i magen. Skulle eg be til Gud om å greie å halde ei tale der eg gjorde narr av min kyrkjelege konfirmasjon? Eg kunne jo ikkje det! Men det var for seint, og eg heldt fram:
    Du må hjelpe meg no, så eg kjem meg gjennom dette utan å dumme meg ut ein gong til.
    Så blei eg gripen av stunda og lukka auga og erklærte noko. Og lova noko. Men det sa eg ikkje til Sigvart og redaktøren, til dei fortalde eg i staden at eg avslutta bøna med eit ettertrykkeleg «amen!».
Sigvart og redaktøren lo og hoia på sushirestauranten, og eg bøygde hovudet og skamma meg.

    - Ja, men korleis gjekk det, då? spurde redaktøren.

    - Nei, det gjekk sjølvsagt kjempebra! sa eg, -

 

 

Folk lo og skratta av «Aud og Tom»-vitsen min, og eg gjorde Olav H. Hauge-diktet forståeleg med å forklare at ein varde er om lag det same som eit skilt. Eg las trygt og sikkert, eg lente meg fram og såg konfirmantane rett inn i auga. Og fekk etterpå ros både frå arrangørane og frå fleire foreldre for å ha halde ein tale «med innhald». Ein mann sa at han hadde vore skeptisk til dette borgarlege opplegget, men at han no skjønte at det gjekk an å fylle det med «noko skikkeleg».

    - Du blei rett og slett frelst! sa redaktøren, - I borgarleg konfirmasjon! men då svarte eg at det blei eg velikkje,men atvisseg skulle ta denne hendinga til etterretning, så kunne heller ikkje eg legge Bibelen til grunn, med alle dei dogma som der står, så då ville eg måtte ta den same runden som Sigvart hadde teke.

    - Og det veit eg ikkje om eg orkar, sa eg.

 
Sigvart sa beroligande at folk ber til Gud heile tida utan å meine noko som helst med det, og eg sa at eg trudde eg berre blei så oppglødd over det absurde i situasjonen at eg gav litt...

    - Kan eg skrive «faen»?

    - Ja, køyr endeleg på, sa Sigvart, og så heldt eg fram med:

    - Men i alle fall. Vi var jo skjønt einige om at vi var nøydde til å finne ein ny tittel. Og då tenkte eg at med denne historia i mente, så kunne vi jo gjere oss interessante med å spele litt på dette ønsket mitt om frelse.

    - Frelst av Sigvart Dagsland, sa redaktøren med stjerner i auga.

    - Nei, det er trass alt å ta litt hardt i!

    - Nesten frelst av Sigvart Dagsland, sa Sigvart.
    - Det er jo heilt genialt.
 
 

Frå Olaug Nilssen: Nesten frelst av Sigvart Dagsland. Det Norske Samlaget 2009. Side 262-266.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.